Herold

Denne scena frå filmen «Affeksjonsverdi» spreier seg på sosiale medium

Kilde: NRK Author: Sumaya Mohsini Published: 2025-11-29 10:00:12
Derfor spreier denne scena seg på TikTok

Scena frå filmen «Affeksjonsverdi» spreier seg på TikTok og rører sjåarar. – Den viser eit sakn mange ber på, seier professor Line Joranger.

Eit familiedrama

Les også

«Affeksjonsverdi» blir Norges Oscar-kandidat: – Vi føler presset

Reaksjoner på filmen Affeksjonsverdi

Filmen som rører mange

«Treffer hardest i de stille stundene»

Ei viktig påminning

Førpremiere i hjembyen: – Veldig rørende

– Når hovudkarakteren Nora bryt saman, er ikkje historia berre hennar lenger. Den blir vår. Alle dei gongene vi har prøvd å vere sterke, mens vi eigentleg berre ønskte at nokon skulle legge merke til at vi ikkje har det bra, seier Mona Holmer (19).

19-åringen delte på TikTok kor sterkt filmen «Affeksjonsverdi» trefte henne, sjølv om ho sjølv ikkje har opplevd ein fråverande forelder.

19-åringen seier filmen verkeleg rørte henne.

Scena treffer så mange fordi den handlar om noko vi alle kjenner på, trur Holmer.

Den seier så mykje om sakn, lojalitet og korleis ein som barn, uansett alder, lengtar etter å bli sett, forstått og elska utan vilkår av foreldra sine.

Filmen som skaper reaksjonar på sosiale medium, er eit familiedrama som går føre seg i Oslo.

Filmen er Noregs Oscar-kandidat i kategorien beste internasjonale film.

I filmen følger vi skodespelaren Nora og søstera hennar, Agnes, når den eksentriske faren deira Gustav plutseleg dukkar opp i liva deira igjen etter langvarig fråvær.

Hovudrollene blir spelte av drammensjenta Renate Reinsve, Inga Ibsdotter Lilleaas og Stellan Skarsgård. Hollywood-stjerna Elle Fanning er blant resten av rolleinnehavarane.

På TikTok og andre sosiale medium deler folk klipp og refleksjonar frå filmen.

Scena der Nora konfronterer faren som seier «du er det beste som har hendt meg», og ho svarer «skulle ha vore der litt meir, da», har sett djupe spor.

Filmen viser korleis emosjonelt utilgjengelege foreldre set spor i barnet.

– Konsekvensane kan følge barnet inn i vaksenlivet, enten det er fysisk eller emosjonelt, meiner Line Joranger, professor i samfunnspsykologi ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Ho meiner Nora seier noko mange barn kunne tenkt seg å seie til foreldra sine. Scena viser den vanskelege relasjonen mellom foreldre og barn, og alt det usagde som ligg mellom dei.

Professoren trur mange kan kjenne seg igjen i filmen.

– Scena er kjenneleg og allmennmenneskeleg, seier Joranger.

Ein forelder kan vere fysisk til stades, men likevel emosjonelt fråverande.

Professoren seier at typiske teikn på emosjonelt fråvær kan vere manglande evne eller vilje til å vise kjærleik, anerkjenning, trøyst eller forståing.


Ho forklarer at det kan påverke sjølvkjensla, tilknytingsstilen og barnets evne til å handtere relasjonar seinare i livet.

– Barnet blir såleis «framandt for seg sjølv». Etter kvart blir det også framandt for andre, fordi det lærer å skjule kven det eigentleg er, ved å kamuflere kjensler og behov som det kanskje heller ikkje sjølv forstår eller klarer å handtere, fortel Joranger.

For mange sjåarar, som Mona Holmer, er «Affeksjonsverdi» ei emosjonell oppvakning.

– Filmen minner oss om at sårbarheit ikkje er svakheit. Det er kanskje det modigaste vi kan gjere. Når vi ser ei scene som dette, kjenner vi oss mindre aleine fordi nokon endeleg set ord og bilde på det vi sjølv stille har bore på, seier Holmer.

Professor Line Joranger trur nettopp det er filmens styrke. Ho meiner scena er ei viktig påminning.

– Den minner oss om kor viktig det er å vere emosjonelt til stades i livet til barna, og korleis vår eigen barndom pregar evna til det.

📊 Metadata

Category: NRK Buskerud, Norsk film, Sosiale medier, TikTok, Norge
OpenGraph Title: Denne scena frå filmen «Affeksjonsverdi» spreier seg på sosiale medium
Twitter Title: Denne scena frå filmen «Affeksjonsverdi» spreier seg på sosiale medium