Felespelaren Ola Kvernberg har kappa seg i fingeren: – Helvìtis fokking fokk
Den kjende jazzmusikaren Ola Kvernberg skar seg på eit skarpt knivblad på kjøkkenet. No er han ute av spel i vekevis.
Laurdag kveld publiserte Ola Kvernberg sjølv eit uvanleg bilde til dei 7.500 følgjarane sine på Instagram. Bildet viste den bandasjerte langfingeren på venstrehanda med teksten:
– Helvìtis fokking fokk
Romsdalingen Kvernberg er ein av Noregs mest anerkjende jazzfiolinistar og komponistar, har gitt ut ei rekkje album og vunne Spelemannsprisen fleire gonger.
Utan alle ti fingrane intakt, kjem han seg ikkje så langt av garde på felestrengane.
Her er posten Ola Kvernberg la ut laurdag ettermiddag.
Skar seg på knivar
Laurdag kveld blei 44-åringen sittande på legevakta i Trondheim i nesten seks timar. Der blei han stripsa og sendt heim etter ulykka i heimen.
– Eg skulle pakke opp food prosessoren, seier han om kva som skjedde. Han både ler og sukkar etter nærkontakten med s*ylskarpe knivar som helst skal kutte matvarer.*
Ola Kvernberg spelar fiolin. No har han ingen konsertar på tre veker, opplyser han.
Seier huda er ekstra hard hos musikarar
Professor emeritus Per Holck seier at ein felespelar generelt vil ha veldig hard hud på fingertuppane, men at eit kutt likevel kan vere dramatisk på kort sikt.
Holck har i årevis undervist medisinstudentar ved Universitet i Oslo i korleis sener, musklar og nervar i hendene fungerer.
– Dersom han først har skore seg, er det uråd å spele i det heile tatt. Ikkje berre gjer det vondt, men han blir ikkje så følsam i fingertuppane at han får fram tonane på rett måte, seier han.
– Men han kan vel bli bra igjen?
– Jajajaja, når skaden er grodd vil han kunne spele, dersom skaden ikkje er for stor.
Professor emeritus Per Holck seier at sjølv ein felespelar med kuttskade kan bli bra igjen.
No håper Ola Kvernberg at den bandasjerte langfingeren på venstre hand kjem seg raskt til igjen.
Han seier fingrane no er stripsa, og at han må vente nokre veker med å spele.
– Eg skal heldigvis ikkje spele konsertar på ei tre vekers tid, så når det først skjer må eg sørge for å bli lappa saman utan arr, det skal veldig lite til, seier han.