Herold

Julelys i februar splittar folket: Lykke-ekspert meiner at lyset kan gje glede

Kilde: NRK Author: Henrik Storm Henriksen Published: 2026-02-14 15:15:24
Julelysa splittar folket: – No bĂžr folk slĂ„ av

Me skriv februar mÄnad, men mange har framleis julelysa hengande oppe. Kva er det som gjer at folk ikkje klarar Ä gje slepp pÄ dei?

Saka oppsummert:

  • Mange har framleis julelysa oppe i februar, noko som skapar delte meiningar blant folk.
  • Kulturhistorikar meiner tilgangen pĂ„ billige lyslenker og endra tradisjonar gjer at julelysa blir sett pĂ„ som vinterpynt.
  • Nokre meiner lysa bĂžr takast ned etter jul, medan andre synest dei gjev glede i mĂžrke vintermĂ„nader.
  • Psykolog peikar pĂ„ at julelys kan ha positive helsegevinstar ved Ă„ redusera stress
  • Tradisjonar er i stadig endring, og det er rom for nye mĂ„tar Ă„ pynta pĂ„ i vinterhalvĂ„ret.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frÄ OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar fÞr publisering.

Heime hos Dagrun Reiakvam i FĂžrde heng julelysa framleis oppe utanfor huset.

– Hadde me vore dei einaste som hadde lysa oppe, hadde eg teke dei ned for lengst. Eg trur ikkje halvparten har teke det ned eingong. Dei fleste har det hengande.

Reiakvam er eigentleg oppteken av at ting skal gjerast slik som ein pleier.

Adventspynten skal vera lilla. Juletreet skal ikkje opp fĂžr vesle julaftan.

Men med julelysa skeiar ho ut.

– Eg har teke ned adventsstjerna og det som er veldig julete. Men nokre lyslenker pĂ„ altanen treng jo pĂ„ ein mĂ„te ikkje vera jul.

Altanen til Dagrun Reiakvam er framleis opplyst av julelyslenker

Tradisjonar i endring

Kulturhistorikar Ida Tolgensbakk jobbar ved Norsk Folkemuseum og har mellom anna forska pÄ korleis me pyntar med lys til jul.

Ho trur tilgangen pÄ billige lyslenker som brukar lite straum har mykje av skulda.

Mange lyser opp blokkene sine med julelys pÄ balkongane

– DĂ„ eg var liten var det jo berre rikingar pĂ„ vestkanten som hadde sĂ„nn pynt utanpĂ„ huset sitt.

Ho meiner julelysa er eit teikn pÄ at tradisjonane er i endring.

– Eg trur folk tenker pĂ„ det som vinterpynt som ikkje treng Ă„ vera sĂ„ avgrensa til jula.

Her har visst ikkje dei tre vise menn dukka opp enda

– Men eg ser jo at det er nokon som faktisk har adventsstjerner hengande i vindauget framleis. Det kan henda dei berre har glĂžymt Ă„ ta ho ned, men eg ville tenkt pĂ„ stjerna som veldig spesifikt knytt til jula.

Folk me har spurt pÄ gata synest det er nok julelys no:

Ein ny vintertradisjon

Reiakvam trur at julelysa gjer meir nytte av seg i dei mÞrke vintermÄnadane enn fÞr jul sidan ein dÄ treng noko Ä gleda seg over.

– I Ă„r har det vore veldig fint vĂȘr, men andre vintrar er det berre regn og kaldt og mĂžrkt. DĂ„ treng me det lyset me kan fĂ„.

Ho synest vinterlys kan vera ein passande beskriving pÄ lysa me har oppe utover vintermÄnadane.

– No er det jo ikkje jul lenger. DĂ„ tenker eg det kan vere fint Ă„ tenka sĂ„nn.

Kan motverka stress

Psykolog Ragnhild Bang Nes har forska mykje pÄ lykke og kvardagsglede. Ho seier smÄ lommer av glede i kvardagen kan ha verkeleg stor tyding for oss.

– Dei gjer at me senkar skuldrene og skil ut signalstoff i kroppen som motverkar stress.

Julelys kan vere eitt dÞme pÄ slike kvardagsgleder.

Julelys er dessutan sterkt knytt til hĂžgtid og tradisjonane me forbind med dei. Det kan gjere at ikkje alle er like positive til nye lystrendar.

– Nokon er jo mykje meir nysgjerrige og opne for Ă„ endra vanar og rutinar og Ă„ prĂžva noko nytt.

– Tradisjonar endrar seg jo heile tida

Kulturhistorikaren trur juletradisjonar skapar mykje kjensler fordi dei er knytt til noko vi gjer saman.

– Det er jo ikkje berre det eg gjer heime hos meg sjĂžlv pĂ„ julaftan som skapar julestemning, det er jo ĂČg det at eg ser butikken har begynt Ă„ pynta og at naboane har sett opp julelys.

Det er mange i FĂžrde som framleis har julelysa oppe

Ho trur likevel det er rom for nye tradisjonar.

– Tradisjonar endrar seg jo heile tida. For det fĂžrste hadde ein vel ikkje sĂ„ mange verandaer pĂ„ 1800-talet, men elektrisk belysning er jo ĂČg ein veldig moderne ting.

– Korleis me ordnar med det er jo noko me er nĂžydd til Ă„ finna opp no.

Stjerner og hjarte pÄ husveggar og balkongar har blitt eit vanleg syn

đŸ·ïž Extracted Entities (10)

Jul 📁 (category) Psykisk helse 📁 (category) Trender 📁 (category) Dagrun Reiakvam (person) Fþrde (entity) KI (entity) Kulturhistorikar Ida Tolgensbakk (organization) Norsk Folkemuseum (organization) OpenAI (entity) Psykolog Ragnhild Bang Nes (person)

📊 Metadata

Category: Jul, Psykisk helse, Trender
OpenGraph Title: Julelys i februar splittar folket: Lykke-ekspert meiner at lyset kan gje glede
Twitter Title: Julelys i februar splittar folket: Lykke-ekspert meiner at lyset kan gje glede