OL skiskyting sprint: Vetle Sjåstad Christiansen og Sturla Holm Lægreid fekk sølv og bronse
Det har storma rundt Sturla Holm Lægreid dei siste dagane, men i dag slo han tilbake og tok nok ein medalje i OL.
– Eg sa: «Det skjedde, men det viktigaste er at du veit at du kjenner meg. Eg er ikkje sint eller noko sånt. Det er ei sak i to-tre dagar, så gløymer verda det, seier skytetrenar Siegfried Mazet.
Vetle Sjåstad Christiansen og Sturla Holm Lægreid imponerte og tok kvar sin medalje under OL-sprinten – sølv og bronse. Franske Quentin Fillon Maillet tok gull.
Etter rennet måtte Mazet gå bort til bronsevinnaren. Han forklarar at Lægreid grua seg til å møte pressa etter rennet.
– Eg er litt trist på hans vegner. Han meinte ikkje å gjere noko gale, og tenkte ikkje så mykje. Det kom ein shitstorm, så eg er litt trist for han, og eg håpar han kan gå vidare. Sturla er ein veldig bra og snill mann, avsluttar trenaren.
PALLEN: Quentin Fillon Maillet vann framfor Vetle Sjåstad Christiansen og Sturla Holm Lægreid.
– Det har storma
Lægreid har kanskje ikkje hatt den beste oppladinga til sprinten. Etter å ha tatt ein bronsemedalje på normaldistansen for nokre dagar sidan, innrømma han utruskap på direktesendt TV:
I dagane etter at har han blitt verdskjend for gesten.
– Korleis har dei siste dagane vore for deg?
– Det har vore spesielt. Eg har prøvd å ikkje bli prega av det. Eg er nøgd med det eg fekk til i dag, trass forholda.
Både han og Christiansen fekk ti av ti treff på sprinten.
– Han er hard i hovudet her, sa Torgeir Bjørn då Lægreid fylte på den siste serien.
Sturla Holm Lægreid med fem treff på andre skyting.
NRK møter bror av skiskyttaren etter rennet:
– Det har storma litt, og det at han klarer å leggje det frå seg og prestere på det nivået, det er Sturla i eit nøtteskal, seier Sindre Holm Lægreid.
– Heilt unik
NRKs ekspertar Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø kjenner Lægreid godt frå før:
– Førre OL var vi ringside med Sturla. Då var han ikkje heilt seg sjølv og fekk ikkje ut sitt beste. Han hadde litt høge skuldrer. No har han tydelegvis lagt sine høge skuldrer på ein heilt annan måte, seier Tarjei Bø.
NY BRONSE: Sturla Holm Lægreid tok ein bronse på sprinten og på normaldistansen.
Den tidlegare skiskyttaren held fram:
– Han er jo heilt unik. Det er ingen andre som hadde klart å prestere med dei førebuingane der. Han er veldig sterk mentalt, og så er han veldig god til å kanalisere kreftene sine rett. Det er 25 minutt sprint. Eg trur han berre skrur på ein brytar, og så skrur han av når det er over. Det er toppidrett på sitt aller beste.
Bror Thingnes Bø forklarar korleis det er å prestere under press:
– Det er vanskeleg. Skiskyting krev veldig mykje av deg.
Han held fram:
– Kanskje kan det at det skjer litt i privatlivet, eller utanfor sporten, setje ting i eit anna perspektiv. Dersom alt går som planlagt, eller alt er perfekt, kan OL på ein måte bli veldig skummelt og farleg. Det er det nok andre utøvarar som har fått kjenne på, som Sturla for fire år sidan, fortel Thingnes Bø.
Lægreid har eit OL-gull frå stafetten i Beijing i 2022, men ingen individuelle medaljar.
NORSK MEDALJE: Vetle Sjåstad Christiansen og Sturla Holm Lægreid tok kvar sin medalje på sprinten.
Fekk melding
– Desse gutane (Johannes og Tarjei) rosar den mentale styrken din.
– Jo, takk. Eg fekk melding frå Tarjei før løpet i dag, og han sa «er det nokon som kan takle dette her, Sturla, så er det deg». Den tok eg til meg, eg skulle verkeleg vise kva eg kan. Det følte eg at eg klarte i dag.
Bø forklarar bakgrunnen for meldinga:
– Før løpet i dag syntest eg han hadde fått køyrd seg så mykje dei siste dagane. Eg hadde lyst til å sende han ei melding om å berre gi gass: «No legg du att tankane på hotellrommet og går for det», forklarar Bø og held fram:
– Og det gjorde han jo, absolutt. Eg trur han har stått i ein tøff periode, og av og til er det berre hyggjeleg å få ein klapp på skuldra.
EKSPERTAR: Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.
– Kva er det du gjer rett i dag?
– Eg prøver å ikkje tenke så mykje på resultat, berre gjennomkøyring. Det har kanskje vore viktigare enn nokon gong å vere til stades i eige hovud og ikkje la andre tankar kome inn. Å berre fokusere på det ein kan gjere noko med, svarar Lægreid.
OL-SØLV: Vetle Sjåstad Christiansen tok ein sølvmedalje på sprinten.
God norsk dag
– Det var fantastisk bra. Det var heilt herleg. Det var ein kamp, seier Vetle Sjåstad Christiansen til NRK.
Sølvvinnaren held fram:
– Det blei mykje tyngre enn eg hadde trudd fordi eg følte meg i god form. Fytti katta, eg måtte grave då eg kom inn på stadion her, men det klarte eg, så det er deilig.
Christiansen starta best av dei norske i sporet, tett etterfølgt av Johannes Dale-Skjevdal.
Christiansen og Lægreid skaut feilfritt og kunne gå inn til kvar sin medalje.
Både Lægreid, Botn og Dale-Skjevdal har gått individuelle øvingar i OL så langt, Christiansen blei vraka til normaldistansen.
På søndag skal herrane gå jaktstart, då går Christiansen og Lægreid ut som nummeret to og tre.