Herold

– Det passa eigentleg bra

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2025-11-29 04:30:00
– Det passa eigentleg bra

Trioen meiner dei har alle moglegheiter til å vere konkurransedyktige.

Mange om beinet

For ein månad sidan tok dei steget og etablerte selskapet, og starta dermed jobben med å skape sin eigen arbeidsplass.

– Det passa eigentleg bra. Eg er nett komen tilbake frå fødselspermisjon, og då startar ein eigentleg litt på nytt uansett, med å skaffe nye elevar, seier Isabel Klausen.

Saman med Svein Hope og Kine Mjøs gjer ho no siste finpussen på det som skal bli Alver Trafikkskole, med nye lokale i Hauglandbygget i Knarvik.

I fjor vart det klart at den planlagde bustadutbygginga på staden var sett på vent. Dermed vart det også mogleg for trafikkskulen å flytte inn i bygget.

På ein knapp månad har eit tomt lokale blitt til ein innbydande læringsstad.

– Det må seiast at det ikkje hadde gått utan sambuaren min André. Han er tømrar og har gjort veldig mykje her, fortel Klausen.

I lokalet der Scandic solskjerming tidlegare var, har det no kome opp skjermar på veggane, fussballbord, PlayStation og sitjegrupper.

– Vi vil at det skal vere ein stad folk synest det er kjekt å vere. Om dei er litt tidleg til timen, skal dei kunne slenge seg ned her og ha det fint, seier Mjøs.

Det er allereie fleire trafikkskular etablert i Knarvik, men trioen er trygge på at det er rom for ein til.

– Det blir fleire skular, men same antal lærarar i området, seier dei ferske gründerane, som har jobba som køyrelærarar i Nordhordland i fleire år.

Dei erkjenner at det kan vere utfordrande å vere ny, men meiner det er sunt med konkurranse.

– Først og fremst ser vi på dei andre som kollegaer, samstundes håpar vi å vere konkurransedyktige. Og det har vi alle moglegheiter til.

Sjølv om lokalet er så godt som ferdig, er det mykje som skal på plass før den offisielle opninga rundt nyttår.

– Vi jobbar med å utvikle ein læreplan no og så skal vi få montert fleire pedalar i bilane.