Herold

Slo tilbake etter kaos-dagar – tok ny medalje i OL

Kilde: NRK Author: Åsne Margrete Kleiv Published: 2026-02-13 13:53:18 Last updated: 2026-02-13 14:02:34
Slo tilbake etter kaos-dagar – tok ny medalje i OL

Det blei tidelsdrama på sprinten i OL. Vetle Sjåstad Christiansen tok sølv, medan Sturla Holm Lægreid tok bronse.

Vetle Sjåstad Christiansen og Sturla Holm Lægreid imponerte under sprinten i OL og tok kvar sin medalje.

– Han ser ut som ein okse ute i løypa her, seier Tarjei Bø i det Vetle Sjåstad Christiansen passerer forbi i løypa.

Christiansen skaut fult hus og tok sin første individuelle sølvmedalje i OL.

Også Sturla Holm Lægreid gjekk ein solid sprint. Han tok sin andre bronsemedalje frå meisterskapet i Italia.

Men ingen kunne gjere noko med franske Quentin Fillon Maillet, som vann sprinten.

Vetle Sjåstad Christiansen

Han har ikkje hatt den beste oppladinga til sprinten. Etter å ha tatt ein bronsemedalje på normaldistansen for nokre dagar sidan, innrømma Lægreid utruskap på direktesendt TV:

I dagane etter at har han blitt verdskjend for gesten.

– Eg håpar eg har hovudet på rett plass i dag, sa Sturla Holm Lægreid før start.

God fransk dag

– Er det gullvinnaren me ser der? sa kommentator Torgeir Bjørn i det franske Quentin Fillon Maillet skaut fem rett ned på siste ståande.

Rett etter kom lagkompis Émilien Jacquelin, som fylte på sin siste serie.

– Oi, oi, oi! Har vi sett verre i OL på 16,8 sekund? sa kommentator Ole Kristian Stoltenberg.

For i tillegg til å skyte feilfritt, så brukte han svært liten tid på standplass.

– Kven i all verda skal slå Émilien Jacquelin?

Émilien Jacquelin leverer strålande på andre skyting.

Rask start

Svenske Martin Ponsiluoma og alle franskmenn gjekk lynraskt frå start.

Jacquelin og Fillon Maillet starta med kvar sin raske serie, samstundes var dei raskast i løypa.

– Frankrike legg eit veldig press på Noreg med denne starten, seier Torgeir Bjørn.

Samstundes gjekk også Éric Perrot fort i løypa, men franskmannen bomma på første ligg.

Émilien Jacquelin

Dei norske herrane gjekk nesten rett etter kvarandre, Velte Sjåstad Christansen starta best av dei norske i sporet, tett etterfølgt av Johannes Dale-Skjevdal.

Både Lægreid, Botn og Dale-Skjevdal har gått individuelle øvingar i OL så langt, Christiansen blei vraka til normaldistansen.

Johan-Olav Botn vann normalen tidlegare denne veka:

🔗 Related Articles (1)

View Graph
- Forferdelige dager
Dagbladet · 2026-02-13 13:55:43
ANTERSELVA Dagbladet Sturla Holm Lægreid Sjåstad Christiansen Jacquelin Skiskyting Sport Vintersport ol2026 Quentin Fillon Maillet Fillion Maillet Fillot Maillet Georg Ibux Italia Johannes Dale-Skjevdal NRK Norge Ole Christian Stoltenberg Paracet Randi Sebastian Samuelsson

🏷️ Extracted Entities (17)

Sturla Holm Lægreid (person) Vetle Sjåstad Christiansen (person) Quentin Fillon Maillet (person) Skiskyting 📁 (category) Vinter-OL 2026 📁 (category) Émilien Jacquelin (person) Botn (entity) Johannes Dale-Skjevdal (organization) Italia (entity) Noreg (entity) Ole Kristian Stoltenberg (person) Svenske Martin Ponsiluoma (person) TV (entity) Tarjei Bø (person) Torgeir Bjørn (person) Velte Sjåstad Christansen (person) Éric Perrot (person)

📊 Metadata

Category: Vinter-OL 2026, Skiskyting
OpenGraph Title: OL skiskyting sprint: Franskmennene imponerte
Twitter Title: OL skiskyting sprint: Franskmennene imponerte