Herold

Sjefen tok grep: – Om du ikkje står opp, ringer eg deg kvar morgon!

Kilde: NRK Author: Caroline Bækkelund Hauge Published: 2026-02-13 09:11:22 Last updated: 2026-02-13 09:30:26
Sjefen tok grep: – Om du ikkje står opp, ringer eg deg kvar morgon!

Når lærlingar frå generasjon Z skal ut i arbeidslivet må dei behandlast med meir tolmod og anerkjenning enn mange bedriftsleiarar er vande til. Elektrobedrifta knekte koden.

Saka oppsummert

  • Generasjon Z-lærlingar treng meir tålmod, omsorg og anerkjenning enn tidlegare generasjonar.
  • Krøderen Elektro har utvikla eit system for å sjå og verdsette lærlingane sine, med fokus på tryggleik og relasjonar.
  • Sjefen, Vegard Jelstad, har personleg oppfølging av lærlingane, inkludert å vekke dei som treng det, for å sikre at dei lykkast.
  • Mange unge i dag manglar erfaring frå sosiale læringsarenaer, noko som gjer det ekstra viktig å skape tryggleik på arbeidsplassen.
  • Tydelege forventningar og krav kombinert med omsorg og støtte er nøkkelen til å få lærlingane til å trivast og prestere.
  • Eit godt lærlingmiljø kan bidra til at fleire fullfører læretida og får fagbrev.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

– Eg sleit med at eg forsov meg, eg var ikkje så veldig disiplinert. Lucas Aragones (22), smiler litt av korleis han var da han starta som lærling i Krøderen Elektro for fire år sidan.

Men at guten med krølla og det store smilet ikkje klarte å stå opp blei eit irritasjonsmoment og skapte problem for bedrifta Krøderen Elektro.

Sjefen sjølv, Vegard Jelstad, ønskte å få ungguten gjennom lærlingløpet og tok grep.

– Eg sa at vi kan gjere ein «deal». Om du ikkje har sendt ei melding til meg innan kvart på seks kvar morgon, ringer eg og vekker deg. Eg var ikkje sint, eg ville jo hjelpe han, seier Jelstad, som sidan 2015 har fått 200 lærlingar til å få fagbrevet som elektrikar.

Og slik blei det i eit års tid etterpå. Viss meldinga ikkje hadde komme, ringde Vegard og bad guten om å komme seg opp så han rakk jobben. Sjølv da sjefen var på skiferie med kona sørgde han for at lærlingen hans kom seg på beina.

– Eg kjente jo at han brydde seg, seier Lucas.

Lucas må ofte innom lageret for å hente utstyr som skal brukast til dagens jobb. Han møter morgonen med eit smil.

Avklar forventningane og prøv å forstå dei

Bedriftsleiarar må ha større tolmod og meir omsorg med lærlingar frå generasjon Z som skal ut i arbeidslivet enn tidlegare generasjonar. Det forklarer ombodet for barn og unge i Akershus, Buskerud og Østfold, Cecilie Eldrup Evju.

Mange bedriftsleiarar er ikkje klare over dette. Nå reiser ombodet rundt og held foredrag om misforståingar mellom generasjonane, og korleis dei kan møte ungdommar frå generasjon Z når dei kjem ut i sin første jobb som lærling.

Ho ser at det viktigaste er å skape gode og trygge relasjonar frå start. Grunnen til at nokon fell frå, er at dei ikkje klarer å trivast på arbeidsplassen.

– Mange i denne generasjonen treng fleire forventningsavklaringar og bekreftingar for å skape tryggleik når vi tar dei imot ute i bedrift. Dei har hatt færre sosiale læringsarenaer enn generasjonane før dei, forklarer Evju. Dei er ikkje vande til å samhandle med framande.

– For eksempel har mange av lærlingane aldri hatt ein sommarjobb, og da er det desto viktigare at sjefen skaper denne tryggleiken, meiner ombodet.

Sveip for å forstå betre og få nokre gode råd frå ombodet for barn og unge:

Sjefen puggar der folk bur

– Han bur der ja, og han bur der. Så begynner eg å lage eit bilde oppi hovudet mitt, seier Vegard Jelstad energisk.

Krøderen Elektro er éi av Noregs største elektrobedrifter på lærlingar i forhold til talet på tilsette.

Sjefen på Krøderen Elektro forklarer korleis han prøver å memorere når det plutseleg kjem tjue nye lærlingar på ein gong. Bedrifta han leier har 200 tilsette der over 30 prosent er lærlingar. Fram til nå har han valt å ha ansvaret for dei sjølv. Han vil kjenne namn og bakgrunn på alle lærlingane han har til kvar tid.

– Dei skal ha ei god opplæring og dei skal bli sette, seier han med høg stemme.

– Dette er unge menneske som skal ut i arbeidslivet for første gong. Dei er veldig usikre. Om du blir sett med ein gong, har du mykje lettare for å komme deg fort opp og tru på deg sjølv, seier Jelstad overbevisande.

Da Are Aase (20) begynte som lærling gjekk firmaet han jobba i konkurs. Han hadde høyrt rykte om at Krøderen Elektro var ein god stad å vere. Da han ringde Jelstad, blei han tatt inn i varmen med éin gong. Her har dei alltid plass til éin til, men du skal vise at du duger. Dei tar ofte inn lærlingar som ikkje har trivest andre stader.

– Sjølv om du er lærling betyr du noko i dette firmaet her, seier Are. Om du ikkje kjenner deg trygg på arbeidsplassen, blir du jo aldri flink. Vi skal jo lære ganske mykje på 2,5 år i læra. Det hjelper at du har ein sjef som er interessert i kven du er.

Set tydelege krav

I elektrobedrifta har dei laga eit system for at lærlingane i opplæringstida skal oppleve å bli verdsette og sette. Det er heilt i tråd med det ombodet meiner er viktigast: Sjå dei, anerkjenn dei og først da kan du stille krav.

Etter ein oppstartssamtale kan det titt og ofte komme ein telefon frå sjefen sjølv om kva dei treng. Jelstad spøker med at det er lov å seie at ein ikkje trivst med den ein har opplæring med.

– Men eg seier at om du har prøvd alle dei 200 tilsette her, da må du gå i deg sjølv.

For Lucas blei sjefen den gode hjelparen. Han trong å forstå at han var viktig for bedrifta.

Lucas, som ikkje klarte å stå opp om morgonen, har fått fagbrevet og fekk jobb i bedrifta han stadig forsov seg frå. Han trur det kunne blitt vanskeleg om han ikkje hadde hatt ein sjef som heldt han i øyra og viste omsorg:

– Da hadde eg framleis forsove meg og antakeleg ikkje fått jobb etter læretida.

Og om du lurer på om Lucas framleis er trøytt om morgonen svarer han smilande:

– Eg har ikkje vore trøytt på lenge nå.

🏷️ Extracted Entities (16)

Krøderen Elektro (person) Vegard Jelstad (person) Lucas Aragones (person) Arbeidsliv og sysselsetting 📁 (category) Konstruktiv 📁 (category) Lærlingar 📁 (category) NRK Buskerud 📁 (category) Skole og utdanning 📁 (category) Are Aase (person) Cecilie Eldrup Evju (person) Akershus (entity) Buskerud (entity) KI (entity) Noregs (entity) OpenAI (entity) Østfold (entity)

📊 Metadata

Category: NRK Buskerud, Arbeidsliv og sysselsetting, Skole og utdanning, Konstruktiv, Lærlingar
OpenGraph Title: Lærlingar frå generasjon Z må behandlast med meir omsorg og tolmod
Twitter Title: Lærlingar frå generasjon Z må behandlast med meir omsorg og tolmod