Testflaug i Noreg: Seier dei oppnådde hypersonisk fart
Hypersonica hadde si første testoppskyting på Andøya 3. februar. No håpar dei på å lage Europas første eigne hypersoniske missil.
Testoppskytinga var eit «vesentleg steg» i rett retning, ifølge Hypersonica. Deira mål er å ha eit hypersonisk missil innan 2029.
Dei hevdar å vere det første privateigde europeiske selskapet som har oppnådd hypersonisk fart med sine våpen.
For å bli rekna som hypersonisk, må missilet ha ei fart på over Mach 5, altså fem gongar lydens hastigheit.
Hypersonica sitt missil nådde Mach 6 over norsk jord, og hadde 300 kilometers rekkevidd, seier produsenten.
– Dette er ein stolt augneblink for europeisk forsvarsinnovasjon, seier grunnleggarane, Philipp Kerth og Marc Ewenz, i ei felles utsegn.
– Vi er takksame for ekspertstøtta frå og partnarskapet med Andøya Space til dette vellukka oppdraget.
Selskapet, som har sine hovudkvarter i nærleiken av München, har planar om ytterlegare testflygingar i framtida.