Herold

Valutafest i fjellheimen: Utlendingar kjøper kvar tolvte norske hytte

Kilde: NRK Author: Håvard Nyhus Published: 2026-02-12 08:37:25
Stor auke i utanlandske hytteeigarar

Låg kronekurs og «coolcation»-trend bidrar til at utlendingar kjøpte kvar tolvte norske hytte i fjor.

Saka oppsummert:

– Utlendingar kjøpte 563 norske fritidsbustader i 2025, meir enn dobbelt så mange som i 2017. – Låg kronekurs, «coolcation»-trenden og snøsikre vintrar gjer Noreg attraktivt for utanlandske kjøparar. – Høge renter og svak kjøpekraft gjer at nordmenn taper i konkurransen om hyttene. – Mellom 75 og 80 prosent av kommersielle hytteovernattingar skjer i regi av utanlandske turistar. – Gjennomsnittsprisen på norske fritidsbustader har gått ned med 0,9 prosent, men norske hushald slit med høge kostnader. – Administrativt byråkrati rundt d-nummer for utanlandske kjøparar blir kritisert som unødvendig.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Historisk sett har utanlandske kjøparar utgjort ein forsvinnande liten del av det som har vore eit «lukka» norsk hyttemarknad.

I dag viser den nye fritidsbustadprisstatistikken at utanlandske hyttekjøparar forsyner seg av nesten 8 prosent av den norske hyttemarknaden.

I fjor blei 563 fritidsbustader overtekne av utanlandske eigarar.

Det er meir enn dobbelt så mange som i 2017, då 268 fritidsbustader skifta til utanlandske hender.

Tal frå Prognosesenteret viser vidare at nabofolket (svenskar og danskar) har fått selskap av tyskarar og nederlendarar på den norske hyttemarknaden.

Utlendingane dominerer også leigemarknaden: Mellom 75 og 80 prosent av alle kommersielle hytteovernattingar skjer i regi av utanlandske turistar.

Låg kronekurs og «coolcation»-trend bidrar til at utlendingar kjøper norske hytter som aldri før.

Høge renter gjer nordmenn meir forsiktige

Fleire hypotesar er lanserte for å forklare trenden:

  • Valuta: Den låge kronekursen gjer Noreg til eit «billigland» for euro-eigarar.
  • Coolcation: Noreg har blitt ein fluktstad frå ekstremvarme i Sør-Europa.
  • Snøsikkerheit: Mens Alpane slit med grøne vintrar, fungerer den norske fjellheimen enno som ein garantist for skiglede.
  • Norsk atterhald: Høge renter har gjort nordmenn meir forsiktige, noko som gir mindre bodkamp og betre moglegheiter for utlendingar.

– Utviklinga er både forståeleg og urovekkande

– Utviklinga er både forståeleg og urovekkande, seier Carl O. Geving, som er administrerande direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund.

Han seier det er «bra at utanlandske kjøparar finn Noreg attraktivt», men det er «eit faresignal dersom høge kostnader generelt og ei særnorsk høg rente spesielt, pressar nordmenn ut av ein marknad som tradisjonelt har vore vårt eige».

– Det er positivt at utlendingar ønsker å feriere i Noreg og investerer i fritidsbustader her – det skaper aktivitet i distrikta. Samtidig ser vi ei tydeleg bakside: Norske hushald møter ei langt høgare styringsrente.

– Kombinert med ei svak krone gjer det at utanlandske kjøparar har mykje sterkare kjøpekraft enn nordmenn.

Det blei selt 11,3 prosent fleire hytter i 2025 enn i 2024. Det er berre under pandemiåra 2020 og 2021 at det er selt fleire brukte hytter enn i 2025.

– Hytteprisane har blitt litt billigare

Den typiske fritidsbustaden i Noreg kostar no 2.945.961 kroner.

– Dette inneber at hytteprisane i snitt faktisk har blitt litt billigare målt mot lønnsvekst og konsumprisane, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Noreg.

Berre 14 prosent av hyttene blei selde over foreslått pris i 2025.

Allereie i 2024 skreiv NRK at kvar tredje fritidsbustad i Trysil blir seld til tyskarar, svenskar eller danskar.

Administrativ flaskehals

For å kunne eige eigedom i Noreg må utlendingar ha eit d-nummer, og søknadsprosessen for dette kan ta opptil fleire månader.

Lauridsen har etterlyst endringar i Folkeregisterloven for å gjere prosessen raskare.

– Ein utanlandsk kjøpar møter eit unødvendig høgt hinder samanlikna med norske kjøparar, seier han.

– Når utanlandske kjøparar utgjer ein stadig større del av marknaden finst det ingen god grunn til å ikkje legge til rette for at d-nummer kan skrivast ut raskt.

Det er varsla ein ny verdsetjingsmodell for fritidsbustader i Noreg frå 2027.

🏷️ Extracted Entities (20)

Noreg (entity) Bolig- og hyttebygging (Nordland) 📁 (category) Hytter 📁 (category) Hytteutbygging 📁 (category) Hytteutbygging i Telemark 📁 (category) Politikk og samfunn 📁 (category) Reiseliv 📁 (category) Reiseliv og turisme 📁 (category) Samfunn 📁 (category) Samfunnsliv 📁 (category) Turisme og reiseliv i Sogn og Fjordane 📁 (category) Alpane (entity) Carl O. Geving (person) Folkeregisterloven (entity) Henning Lauridsen (person) KI (entity) OpenAI (entity) Prognosesenteret (entity) Sør-Europa (entity) Trysil (entity)

📊 Metadata

Category: Hytter, Hytteutbygging, Bolig- og hyttebygging (Nordland), Hytteutbygging i Telemark, Politikk og samfunn, Samfunn, Samfunnsliv, Reiseliv, Reiseliv og turisme, Turisme og reiseliv i Sogn og Fjordane
OpenGraph Title: Valutafest i fjellheimen: Utlendingar kjøper kvar tolvte norske hytte
Twitter Title: Valutafest i fjellheimen: Utlendingar kjøper kvar tolvte norske hytte