Herold

– Det er uheldig at eit fåtal skal forme reglane for fjellbruken vår

Kilde: Romsdals Budstikke Published: 2026-02-11 07:45:29
– Det er uheldig at eit fåtal skal forme reglane for fjellbruken vår

– Det er uheldig at eit fåtal skal forme reglane for fjellbruken vår

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Molde kommune er på ville fjellet og vil stenge Aursjøvegen.

Molde kommune ved Kommunedelsutvalet i Nesset, har levert uttale til planane for Aura II, ei fornying av Auraverka, som NVE hadde lagt ut til høyring. Uttalen vart vedteken 2026-01-16. https://opengov.360online.com/Meetings/MOLDE/Meetings/Details/1021327?agendaItemId=215179

Molde kommune sitt formannskap vedtok 2026-01-27 ein uttale til i samme sak. Dei vedtok nokre nye ord og viste til den første uttalen.

https://opengov.360online.com/Meetings/MOLDE/Meetings/Details/1011298?agendaItemId=215329

I uttalen frå kommunedelsutvalet legg Molde kommune all skulda for at reinen held på å bli utrydda, på utbyggingane av Aura-verka:

«Kunnskapsgrunnlaget viser tydelig at kraftutbyggingene er hovedårsaken til den negative utviklingen for vassdraget og villreinen». «...og stammen praktisk talt er delt i to som følge av statlige kraftutbygginger.

Kraftutbyggingene har videre åpna opp fjellområdene for bygging, trafikk og ferdsel heilt inn i hjertet av villreinområdet. Dammer, veier, hytteområder og kraftlinjer danner effektive barrierer som hindrer villreinens naturlige vandringer og bruk av viktige beite- og ressursområder. Trekkene mellom øst og vest har i stor grad stoppa opp, og veststammen har vist alarmerende negativ utvikling de senere årene».

«Kommunedelsutvalget viser ut over dette til og støtter høringsuttalelsene fra Villreinnemnda for Snøhetta og Knutshø, samt fellesuttale fra Eresfjord & Vistdal og Sunndal fjellstyrer».

Her er det mykje som ikkje stemmer;

Villreinnemda hadde ikkje vedteke nokon uttale 16. januar. Nemnda sin uttale av 21. januar kom etter kommunedelsutvalet sin uttale. https://villrein.no/wp-content/uploads/2026/01/Protokoll-fra-villreinnemndsmote-210126-1.pdf

Nemnda vedtok mellom anna;

«Ingen tiltak som direkte eller indirekte legger til rette for økt allmenn ferdsel inn i leveområdet for villrein».

«Villreinnemnda ber med bakgrunn i dette at NVE tar konsesjonsvilkårene rundt bruken av anleggsveiene opp til ny vurdering».

Fjellstyra hadde enno ikkje komme med høyringsuttalen sin. Kommunedelsutvalet støtta noko dei ikkje visste kva var, men som viser seg å vere stenging av Aursjøvegen. Den delen av uttalen er derfor eit ulovleg vedtak.

Når kommunedelsutvalet legg det meste av skulda for at reinen snart blir utrydda på kraftubygginga, er det og feil; For vel hundre år sia, før kraftutbygginga, var det endå færre villreinar i området enn i dag. Vill dreping med Krag-Jørgensen utrydda mestå alt. Det vart freding og skotpremie på reinsetande dyr. Stammen tok seg opp att og på 1960-talet vart det for mange. Overbeiting og matmangel gjorde at dei fleste daua.

På 1970-talet vart det freding av reinen att. Det vart slutt på fredinga av dei ville dyra som et reinsdyr. Etter kvart vart talet på rein såpass høgt at dei med gevær kunne drepe att. Målet vart og er enno at det skal vere få reinsdyr. Det vart og ordna med fellesjakt over store område.

Dei ville reinsetarane har no vorte så mange at dei åleine mestå held talet på dyr nede. Få reinsdyr og mange som drep, har gjeve oss ein reinsstamme som er livredd og held seg i ro heile året på dei opne områda austpå.

Berre nokre få bukkar som fer utover der Aura II skal lagast.

Villreinen som kan temmast med tåteflaske og klapp, er ikkje mykje redd maskinar og køyretøy.

Reinen kan svømme og han går på isen.

Fredelege folk har ikkje gjort at semlene får fram få og magre kalvar. Fredelege folk har heller ikkje gjort at det no er så få reinsdyr at dei ikke fer i store flokkar over Torbuhalsen.

Det er feil å skulde på Aura-anlegga direkte har øydelagt reinsstammen. Vegane har gjort at dei tobeinte reinsdreparane lett kjem seg til fjells.

Grunnen til at det no har gått gale er uvettig sal av reinskort. Sjøl om det er lite å drepe, har lysta på pæng vore større enn lysta på å ta naturen i vare. Seinast i sommar ville «forskarane» og villreinnemda at det skulle drepast kalvar på vestområdet sjøl om det under teljinga var få å sjå.

Ansvarleg for det uvettige salet av kort og dreping av den trua villreinen ligg hjå Villreinnemnda for Snøhetta og Knutshø. Dei godkjenner jaktplanane og uttalar seg i aust og vest om alt mogeleg. https://villrein.no/villreinnemnder/

Eg har skreve om Tordenskjold sine soldatar. Arne Håkon Sandnes som skreiv og foreslo uttalen frå kommunedelsutvalet, er ein slik soldat.

Han er;

⁃ tilsett i Fylkeskommunen si miljøavdeling og har truleg vore på å lage fylkeskommunen sin uttale.

⁃ medlem av Kommunedelsutvalet for Nesset.

⁃ medlem av Eresfjord og Vistdal Fjellstyre.

⁃ medlem av Villreinnemnda for Snøhetta og Knutshø

Det er uheldig at eit fåtal skal forme reglane for fjellbruken vår. Fylkeskommunen og Molde kommune og fjellstyra burde kreve at utsetting av fisk i fjellet og Eira bør skje med fisk som er ala opp for å overleve. I dei regulerte vatna i fjellet set dei ut fisk som er fora feil og har finneskadar. Eit fåtal overlever den første vinteren.

I Eira slepper dei smolt som ikkje overlever. Av laksen som vart teken i Eira i sommar, var om lag 10% av den oppala sorten. Prisen for kvar fisk som kom på land vart då om lag 1 million kroner. Utsetting av fisk skal bøte på skadane frå kraftutbygginga. Det dei gjer er inga bøting og bortkasta pæng. Kommunedelsutvalet i Nesset er kunnskapslause når dei skriv at kraftutbygginga har øydelagt villreinen. Villreinen er ikkje redd fredelege folk, maskiner og køyretøy. Reinen er livredd dei som skjøt og vil drepe.

Kommunedelsutvalet veit heller ikkje at store delar av villreinområda vart lagt til Eresfjord og Vistdal kommune då kraftutbygginga kom i gang. Høgfjellskommisjonen sette i 1927 grensa til Lesja frå innst i Gravdalen, til Stordalshølen, til Torbuhøa, til Krøshøa og så til Geithøa. Heile Aursjøen høyrde til Lesja.

Då utbygginga starta opp att på femtitalet, fekk Ap-politikaren og då fylkesmann Olav Oksvik, teke opp att grensene. Dei vart i 1954 flytta lenger sør, til der dei er no. Lesja mista opp mot 100 km2 skatteland og jaktterreng. Sjå side 103

https://www.nb.no/maken/item/URN:NBN:no-nb_digibok_2021030148537/open Kraftutbygginga gjorde det slik at fjellstyra og dei private kan selge for mange kort og tene pæng. Dette er ikkje Statkraft sitt ansvar. Kraftutbygginga gav straum og veg. Grenseflyttinga gav fjell og hyttetomter til folk flest. Det vart og fole mykje pæng i kommunekassa. Erling Rød fjellbrukar og tomtefestar

🏷️ Extracted Entities (50)

Aura II (organization) Aursjøvegen 📁 (category) Eira (entity) Eresfjord 📁 (category) Fjellstyret 📁 (category) Leserinnlegg 📁 (category) Lesja 📁 (category) Meninger 📁 (category) Molde kommune 📁 (category) Nesset 📁 (category) Snøhetta 📁 (category) Statkraft 📁 (category) Sunndal 📁 (category) Vistdal 📁 (category) Aursjøvegen 🏷️ (keyword) Eresfjord 🏷️ (keyword) Fjellstyret 🏷️ (keyword) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) Lesja 🏷️ (keyword) Molde Kommune 🏷️ (keyword) Nesset 🏷️ (keyword) Snøhetta 🏷️ (keyword) Statkraft 🏷️ (keyword) Sunndal 🏷️ (keyword) Vistdal 🏷️ (keyword) Aursjøvegen (entity) Eresfjord (place) Knutshø (entity) Lesja (entity) Molde (place) Nesset (entity) Vistdal Fjellstyre (person) Ap (entity) Arne Håkon Sandnes (person) Auraverka (entity) Erling Rød (person) Fylkeskommunen (entity) Geithøa (entity) Gravdalen (entity) Heile Aursjøen (person) Kommunedelsutvalet (entity) Krag-Jørgensen (entity) Krøshøa (entity) NVE (entity) Olav Oksvik (person) Statkraft (entity) Stordalshølen (entity) Torbuhalsen (entity) Torbuhøa (entity) Tordenskjold (entity)

📊 Metadata

Category: Meninger, Leserinnlegg, Nesset, Statkraft, Snøhetta, Sunndal, Eresfjord, Vistdal, Fjellstyret, Lesja, Aursjøvegen, Molde kommune
Keywords: Leserinnlegg, Nesset, Statkraft, Snøhetta, Sunndal, Eresfjord, Vistdal, Fjellstyret, Lesja, Aursjøvegen, Molde kommune