Vil ikkje la meg forsøkt knebla!
Viser til eit innlegg frå ein Lars Helge Blokhus Hanssen om den politiske debatten og debatten av folket her i landet angåande dei større skandalane som vi no er vitner til ikring Epstein-avsløringane.
Vil ikkje la meg forsøkt knebla!
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Den dagen eg ikkje torer å sette mine spissa ord på slike svært alvorlige saker som omtalt, kjem eg slett ikkje til å være politikar lenger.
Les også:
Det er mi fordømte plikt å meine, meine om viktige saker i samfunnet der eg åpenbart slett ikkje er imponert over eit tilsynelatande «elitesamfunn» der alt for mange i både politikken og ellers er opptekne av makt og glamour, heilt kobla vekk frå vanlige folks kvardag, og der ein er mest opptatt av å leve i sus og i dus på ein anna planet eller det vanlige folk må klare seg med.
Det er dessverre fakta, at spesielt Ap og Høgre har i tiår på tiår plassert sine rundt omkring i samfunnet i maktposisjoner av ulike slag, plassert sine her i landet og i utanlandske viktige posisjoner, då må dei faktisk også tole spørsmål ikring sine roller og utøvelsane av dette.
Folk er regelrett sinte ang det som no vert avdekt, millionar på millionar og milliardar av kr blir sendt ut av landet, medan vi her i eige land ikkje har råda til å ta vare på våre eigne eldre, sjukehustjenestene er ramma her i fylket der legar, sjukepleiarar og helsepersonell mistar jobbane sine for å dekke inn investeringa av nytt sjukehus. PCI senter kan vi heller ikkje få, og rehabiliteringssenter slik som Mork og Aure vart lagt ned og Muritunet er no truga. Innbyggjarane og næringslivet opplever at absolutt alt blir berre dyrare og dyrare i jamn takt med at staten Norge berre blir rikare og rikare.
Det kan sikkert være kommentarar frå folket som går både over grensa og er på streken, dette prøver eg så godt eg kan å lukke vekk. Men, ytringsfriheita skal vere stor og dei som skriver er også ansvarlige for det dei sjølve legg ut.
Når eg no svarer deg her i RB vil eg garantert bli æreskjelt som person av ein del «nettroll» i kommentarfeltet, som ikkje kjem til å omtale saka med eit ord, og reknar då med at du Hanssen tar seg tid til imøtegå disse.
Når det gjelder lokale saker her i fylket, så er det jaggu på sin plass å utfordre dei andre partia med tanke på kva dei seier og kva dei faktisk gjer i praksis, sjølvsagt også utfordre både regjering og statsrådar.
Til dømes no dei siste vekene har vi hatt fleire viktige saker for Møre og Romsdal, slik som sak ikring prioritering av E-39 Solevågseidet-Blindheim til Moa som framstår som ein av landets farligaste vegar med alt for mange alvorlige ulykker og dødsulykker. Her lova dei sentrale partia her i fylket med sine representantar høgt og tydeleg å støtte dette i valgkampen, for så no å stemme imot dette i Stortinget, FrP blir stort sett ståande aleine.
Likeså i den omfattande debatten sist veke i Stortinget ang både PCI senter i Ålesund og saka ang rehabilitering som ein opplevde det samme med. Svært alvorlig er det når Muritunet no også er i fare. Som Sunnylving veit du godt kor viktig dette senteret er for både Valldal og for vårt fylke.
Sjølvsagt skal vi behandle kvarandre med respekt, men tillit er ikkje noko som kjem «dettandes ned» men dette må skapast.
Derfor er det noe heilt avgjerande at dei styrande folkevalgte her i landet faktisk no bidreg til å gjenreise tilliten som åpenbart no har fått seg ein knekk.
Eg skal ta til orientering det Lars Helge Blokhus Hanssen skriver, men eg kjem fortsatt til å vere både direkte og spissa, kjempe for alle viktige saker både i landet og her i fylket og gjerne med lokal «dialekt».
Og, eg kjem aldri til å la meg forsøkt knebla.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal