Herold

Til sjukehus etter valdshending i Gaupne: – Det har gått heftig føre seg

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Svein Erik Hovland Published: 2025-11-29 07:46:38
Til sjukehus etter valdshending i Gaupne: – Det har gått heftig føre seg

Det var klokka 23:26 fredag kveld politiet fekk melding om ein slåstkamp på ei privatadresse i Gaupne.

Opprettar sak

– Den første meldinga gjekk på at nokon var slått, seier operasjonsleiar Tore-André Brakstad ved Vest politidistrikt.

– Det var sagt at det var tre personar som slåst og at det var ein god del alkohol involvert, fortel han vidare og legg til at meldaren òg framstod veldig rusa.

Då patruljen kom fram til staden, fekk dei raskt kontroll på dei unge mennene i alderen 19 til 20 år. Samtlege hadde merke og skader etter valdsbruk, men tilsynelatande utan alvorlege skader.

– Det var snakk om ein knekt nase, mellom anna. Det har gått heftig føre seg, seier Brakstad.

Alle dei tre kamphanane vart tekne med til legevakt for nærare undersøking.

– Der vart det bestemt at den eine skulle sendast vidare til sjukehus, sidan han hadde svima av ein kort periode.

Brakstad har ikkje noko meir informasjon om denne personen, men kan leggja til at ingen er pågripne etter hendinga.

Alle dei involverte framstod som rusa, men det er uklart for politiet kva som ligg bak.

– Patruljen har oppretta sak og dette vil bli etterforska vidare, konkluderer operasjonsleiaren.