Herold

Det er ein Facebook-kommentar frå Frank Sve

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Lars Helge Blokhus Hanssen Published: 2026-02-10 10:35:35 Last updated: 2026-02-10 10:50:05
Det er ein Facebook-kommentar frå Frank Sve

Som folkevalt er du på Stortinget for å tene folket, heile folket, ikkje berre dei som stemte på deg.

Orda dine betyr noko, Frank Sve

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

I ein stadig meir polarisert kvardag møter folk eit stadig nyheitsjag. Dette påverkar folk i større grad enn tidlegare og folk, særskilt ungdom er fortvila og kjenner på ein nyheitsangst og sviktande tillit til samfunnet. Dette skjer, tross at nylege undersøkingar viser at både regjering og Storting har auka tillit blant majoriteten av befolkninga. Denne tilliten baserer seg på openheit og at politikarane våre opptrer med integritet. Den er òg tufta på at ein opptrer med respekt, både for meiningsmotstandarar og partifelle. Tilliten er under sterkt press, særskilt etter siste vekes offentleggjering av dokument frå Epstein-saka. Det er ein Facebook-kommentar frå Frank Sve til denne eg har bitt meg merke i.

Retorikken er i kjent stil, meint å provosere meiningsmotstandarar og trigge tilhengarane til å kommentere. Her skriv Frank Sve om «AP-pampane» og hintar om at politikarar som ikkje er nevnt i filene både frå Høgre og Arbeiderpartiet har ureint mjøl i posen. Ikkje minst mistenkeleggjerast statsministeren og finansministeren med frampeik om at dei er innblanda i same sak som Jagland og Rød-Larsen utan at dette er dokumentert. Slike udokumenterte frampeik og påstandar er bensin på bålet for konspirasjonsteoretikarar og er med på ei radikalisering og ytterlegare polarisering.

At Frank Sve velgjer å ikkje svare på kommentarar til innlegget, verken frå tilhengjarar eller motstemmer tyder på at det er lagt ut nett for å tirre mengden. Når ein les nedover kommentarfeltet er det tydeleg at det ulmar i høgre-radikalisering og politikarforakt, særskilt mot venstresida og Arbeiderpartiet spesielt. Her karakteriserast venstresida som kakerlakkar, kjeltringar, rotter og idiotar. Utøya blir nemnt fleire gonger med hint om eit hemmeleg nettverk og at Utøya er ein arnestad for ei politisk elite. Dette er farlege tankar som radikaliserte og ustabile menneske lyttar til. Det har vi smerteleg fått erfare tidlegare. Vi har sjølvsagt ytringsfriheit, og denne er stor, men at Frank Sve ikkje modererer sitt eige kommentarfelt og lar slike karakteristikkar stå ubesvart er skuffande.

Frank Sve er kjent for sin flåsete stil som treff heim hos mange som tenkjer at han snakkar rett frå levra. Sjølve varemerket er dialektordet «greinalaust», som med rette kan nyttast om mange saker. Likevel er det forventa at våre folkevalte omtalar både veljarane og meiningsmotstandarar med respekt. Det gjeld også i sosiale medium. Personleg har eg stor respekt for Frank Sve og hans politiske virke, sjølv om eg i mange saker er ueinig og eg står på motsett side av det politiske landskapet. Han har vist at han tidlegare har kunne samarbeidd for å få gjennomslag i både fylkes- og kommunepolitikken. No verkar det mest som om han er ute etter klikk, kommentarar og å score billege politiske poeng. Angrepa skjer både til høgre og venstre der Mørebenken og Arbeiderpartiet får det kraftigaste skytset.

Orda dine betyr noko, også dei som kan lesast mellom linjene. Korleis kan vi forvente at born og ungdom som får hovuddelen av sine nyheiter gjennom sosiale medium skal opptre med respekt i debatten? Og korleis kan vi forvente at dei same ungdommane vil engasjere seg i politikk og samfunnsliv når dei vert karakterisert som kakerlakkar, kjeltringar, rotter og idiotar?

Når landets folkevalde bidreg til å svekkje tilliten med ord som polariserer meir enn dei opplyser, er det ikkje berre debatten som taper – det er fellesskapet vårt.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (27)

Frank Sve (person) Facebook (entity) Arbeiderpartiet (entity) Arbeiderpartiet 📁 (category) Frank Sve 📁 (category) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) Radikalisering 📁 (category) Sosiale medium 📁 (category) Utøya 📁 (category) Arbeiderpartiet 🏷️ (keyword) Frank Sve 🏷️ (keyword) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) MENINGER 🏷️ (keyword) Sosiale medium 🏷️ (keyword) Utøya 🏷️ (keyword) radikalisering 🏷️ (keyword) AP\-pampane (entity) Epstein (entity) Høgre (entity) Jagland (place) Mørebenken (entity) Nordvest (entity) Rød-Larsen (entity) Storting (entity) Stortinget (entity) Utøya (entity)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Frank Sve, Utøya, Arbeiderpartiet, Radikalisering, Sosiale medium
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Frank Sve, Utøya, Arbeiderpartiet, Radikalisering, Sosiale medium