Herold

Hackergruppe hevdar dei har stole informasjon frå Telia

Kilde: NRK Author: Silja Björklund Einarsdóttir Published: 2026-02-09 17:19:02 Last updated: 2026-02-09 18:07:14
Hackergruppe hevdar dei har stole informasjon frå Telia

Ei hackargruppe påstår å ha stole store mengder informasjon frå Telia. Telia stadfestar at eit eldre datasett er lagt ut på det mørke nettet.

Ei hackargruppe hevdar å sitte på 2,5 terabyte med personleg informasjon om kundar, finansielle dokument, intern korrespondanse, kontraktar og fakturaer frå Telia.

Som døme på den stolne informasjonen har dei lagt ut fem dokument:

  • bilete av to norske pass
  • ein avtale med eit burettslag
  • ein arbeidskontrakt med ein tilsett i Telia
  • ei liste som tilsynelatande viser fiberkundar

NRK har ikkje kunne stadfesta heilt sikkert at dokumenta er ekte, men NRK har fått tilsendt eit identisk dokument frå ein av personane omtalt i lekkasjen.

Informasjon som kjem fram i dei andre dokumenta som namn, bustadadresser, og fødselsdatoar stemmer også i fleire tilfelle med det NRK finn ved søk i opne kjelder.

Eldre datasett lagt ut

Informasjonssjef i Telia Noreg, Daniel Barhom, stadfestar at eit eldre datasett frå tidlegare Get er lagt ut på det mørke nettet.

Sikkerheitsmiljøet deira held no på med å kartlegge innhaldet.

– Så langt kan me stadfeste at detaljert ID-informasjon til om lag ti dåverande privatkundar inngår i datasettet. Me varslar no dei råka og følger dei opp.

Han seier at førebelse undersøkingar viser at datasettet inneheld intern selskapsinformasjon, og ikkje sensitive personopplysningar.

– Me har rutinemessig varsla Datatilsynet og har tett dialog med relevante myndigheiter.

Informasjonssjef i Telia Norge, Daniel Barhom, seier at dei følger situasjonen nøye.

Ny hackargruppe

Hackargruppa som påstår å stå bak tjuveriet, er ganske ny, ifølge tryggleiksselskapa BlackFog og Dragos.

Gruppa nyttar ofte kryptering av filar for å få offera til å betale løysepengar, ifølge BlackFog.

I nokre tilfelle stel dei òg informasjon for å presse offera sine ytterlegare.

– Åtaka deira framstår opportunistiske, med opphavleg tilgang knytt til phishing-aktivitet, stolen innloggingsinformasjon eller usikra tenester for fjerntilgang, skriv dei.

🏷️ Extracted Entities (10)

Telia Noreg (person) Dataangrep og hacking 📁 (category) Norge 📁 (category) Daniel Barhom (person) BlackFog (entity) Datatilsynet (entity) Dragos (entity) Get (entity) ID (entity) Telia Norge (person)

📊 Metadata

Category: Dataangrep og hacking, Norge