Herold

Superstjerna knuste OL-rekorden – braut saman etter gullet

Kilde: NRK Author: Fredrik Kårstad Lilleaasen Published: 2026-02-09 17:44:03 Last updated: 2026-02-09 18:27:02
Superstjerna knuste OL-rekorden – braut saman etter gullet

Det vart emosjonelt for Jutta Leerdam då ho sikra OL-gull og ny olympisk rekord.

Det var proppfullt i skøytehallen då 1000 meterfinalen for kvinner gjekk av stabelen i Milano måndag kveld. Blant dei største favorittane var medieprofilen Jutta Leerdam i siste heat.

– Det er to draumeløp. Ho som har lagt det største presset på seg sjølv får sjå lagvennina sette olympisk rekord og klarar å innfri, seier NRK sin skøyteekspert.

– Det blir eit spektakulært teater, noko ein ikkje kan bestille på førehand. Det perfekte tusenmeterdramaet.

To olympiske rekordar

Verdscupleiar Femke Kok var først i aksjon.

– Det går styggfort, det er fenomenalt, kjem det frå kommentator Hans Solbakken.

Kok sette standarden med 1.12.59 og ny olympiske rekord.

– Eg trudde ikkje det skulle være mogleg etter Kok sitt løp, seier skøyteekspert Even Wetten.

– Det største fenomenet på skøyter, når du tenker på alle faktorer.

- Gjort seg utilgjengleg for media, flydd i privatfly. Gjer alt dei kan for å få mest moglg oppmerksomheit. og snakka om at det er dette gullet ho skal ta.

LEERDAM: Mykje kjensler vart slupne fri etter målgang på 1000-meteren i Milano.

SISTE HEAT: I siste heat satt Jutta Leerdam ny olympisk rekord og vann OL gullet.

Vann når det gjeldt som mest

I siste heat var det Jutta Leerdam mot regjerande olympisk meister Miho Takagi.

Frå starten av såg det lovande ut. Og heile arenaen gav god lyd frå seg etter kvart som Leerdam nærma seg mål.

1.12.31 på Jutta Leerdam, gull og ny olympisk rekord.

PALLEN: Leerdam i midten, Femke Kok tok andreplassen medan Takagi vart nummer tre.

– Heilt utruleg å klare å respondere på den kraftsalven som Femke Kok viste, seier NRK-ekspert Even Wetten.

Femke Kok tok andreplassen medan Takagi vart nummer tre.

Ut i gråt

Det var mykje kjensler etter løpet og løparen brast ut i gråt.

– Ho har bygd eit visst press på seg sjølv, det kan jo tenkes at proppen går ut no, seier Wetten.

– Det betyr nok meir enn 5,2 millionar følgarar på Instagram, den jubelen akkurat her og no.

Blant publikum sat kjærasten og internettstjerna Jake Paul. Han var også tydeleg prega etter løpet.

ENDÅ EI STJERNE: Internettstjerna Jake Paul satt på tribuna og var tydeleg prega etter løpet.

Stor fallhøgde

Leerdam tok sølv på distansen frå OL i Beijing i 2022.

Den nederlandske stjerna hadde allereie før løpet rokke å få søkelyset på seg under meisterskapen, då ho nekta å snakke med medium frå heimlandet.

– Stilen er på plass, ho skal ut å lage olympisk innhald, meldte NRK sin skøyteekspert under oppvarminga, Even Wetten.

Med over 5 millionar følgere på Instagram, 2 millionar på Tiktok og ein kjærast med namn Jake Paul.

– Det største fenomenet på skøyter, når du tenker på alle faktorer.

– Ho har gjort seg utilgjengleg for media, flydd i privatfly. Gjer alt dei kan for å få mest moglg oppmerksomheit. og snakka om at det er dette gullet ho skal ta.

Det vart ein kamp mellom USA, Japan og Nederland. Brittany Bowe i sitt siste OL for USA, regjerande olympisk meister Miho Takagi, verdscupleiar Femke Kok og Jutta Leerdam.

🔗 Related Articles (3)

View Graph
Hyllar stjernekjærasten i NRK-intervju: – Det betyr alt for meg
NRK · 2026-02-09 17:44:03
Femke Kok Jake Paul Jutta Leerdam Even Wetten Miho Takagi Skøyter Vinter-OL 2026 Milano Beijing Hans Solbakken Instagram TikTok Twitter/X
Superstjernen med sitt første OL-gull – satte olympisk rekord
Aftenposten · 2026-02-09 17:42:17 +
Jake Paul Jutta Leerdam Femke Kok Anthony Joshua Beijing Even Wetten Instagram Miho Takagi NRK
Fullstendig kaos
Dagbladet · 2026-02-09 17:40:44
Jake Paul Jutta Leerdam MILANO Dagbladet Sport Vintersport ol2026 Femke Kok Instagram Beijing Even Wetten Hans Solbakken Instastory Italia Miho Takagi NRK Nederland

🏷️ Extracted Entities (16)

Jutta Leerdam (person) Verdscupleiar Femke Kok (person) Even Wetten (person) Miho Takagi (person) Jake Paul (person) Skøyter 📁 (category) Vinter-OL 2026 📁 (category) Instagram (entity) Milano (entity) Beijing (place) Brittany Bowe (person) Hans Solbakken (person) Japan (entity) Nederland (place) Tiktok (entity) USA (entity)

📊 Metadata

Category: Skøyter, Vinter-OL 2026