Herold

Mann busett i Noreg er sikta for drapsforsøk og kidnapping i Kamerun

Kilde: NRK Author: Vegard Tjørhom Published: 2026-02-09 11:29:13 Last updated: 2026-02-09 12:40:52
Mann busett i Noreg er sikta for drapsforsøk og kidnapping i Kamerun

Kripos utvidar siktinga mot mannen som er sikta i ei unik norsk-kamerunsk sak. Mannen i 50-åra går hardt ut mot Kripos i eit handskrive brev frå fengselscella.

Ein mann som er busett i Noreg har vore fengsla sidan september 2024. Han er frå før av sikta for å ha ei sentral rolle i ein pågåande konflikt i den engelskspråklege delen av Kamerun. No er siktinga betydeleg utvida.

I det sørvestlege Kamerun er fleire væpna grupper aktive i eit opprør mot Kameruns regjering. Det sentralafrikanske landet har lenge opplevd konfliktar mellom dei engelsktalande og fransktalande delane.

Kvifor snakkar dei både engelsk og fransk i Kamerun?

  • Då koloniseringa av Afrika først starta vart Kamerun kolonisert av Tyskland i 1884. Landets grenser likna mykje på dagens grenser.
  • Under første verdskrig vart tysk Kamerun invadert frå begge kantar, både frå britane i Nigeria og franskmennene i området som i dag strekk seg frå Tsjad til Gabon.
  • Frå 1918 til sjølvstende i 1960 bygde britane og franskmennene to ulike statssystem.
  • FN styrte avkoloniseringsprosessen, og den britiske delen av Kamerun fekk valet om å bli del av ein kamerunsk føderasjon eller Nigeria. Sterke krefter ønska ein eigen stat.
  • Det har vore ulike system for utdanning og rettsvesen i Kamerun sidan sjølvstende, og arva frå kolonitida har skapt mykje konflikt.
  • Kamerun har vore styrt av Paul Biya sidan 1982, ein president som ikkje opnar for politisk opposisjon, og som har slått hardt ned på opprør, mellom anna i det engelskspråklege Kamerun.

Kjelde: NRK og SNL

Konfliktane eskalerte i 2018, då Kamerun ville gjere fransk som førstespråk i skule og rettsvesen over heile Kamerun.

Mange engelsktalande kamerunarar opplevde dette som det siste i ei rekke diskriminerande grep frå den kamerunske stat. Protestane som oppstod vart slått hardt ned på, og Kameruns hær har fått kritikk for unødvendig maktbruk.

Uroa førte til væpna motstand, og etableringa av fleire væpna grupper. Fleire av gruppene vert styrt via internett og finansiert frå utlandet. Dei væpna gruppene er fleire gonger skulda for angrep på sivile, og spesielt folk som støttar Kameruns regjering.

Mannen som bur i Noreg er sikta for å spele ei sentral rolle i opprøret mot Kamerun. Mannen nektar for at han har gjort noko straffbart.

Via mannens advokat har NRK i dag fått tilsendt eit handskrive brev der mannen går hardt ut mot Kripos.

Meiner saka er politisk motivert

«Som venta har ikkje Kripos skuffa nokon», skriv mannen ironisk.

Han meiner saka mot han er politisk motivert, og at tiltalen mot han er «selektiv og hemngjerrig».

Mannen meiner det heile er eit «angrep på integriteten til menneske som kjempar mot eit tyranni».

– Eg registrerer at den sikta er av den oppfatninga. Etterforskinga som er gjennomført av Kripos gjev grunnlag for å sikte han for medverknad til krigsbrotsverk mot person og eigedom, samt brotsverk mot menneskeslekta. Han har også offentleg oppmoda andre til å gjere slike lovbrot, skriv Anette Berger i Kripos i eit svar til NRK.

– Grov kriminalitet som har ramma sivile

Brevet frå mannen i 50-åra vert sendt til NRK samtidig som Kripos utvidar siktinga mot mannen betydeleg.

Tidlegare var han skulda for å ha oppmoda til brotsverk mot menneskeslekta, no er han også sikta for krigsbrotsverk.

Ifølge Kripos er mannen sikta for drapsforsøk og for å ha frårøva nokon fridomen deira.

– Dette er ei alvorleg sikting. Kripos meiner at den sikta har utført grov kriminalitet som har ramma sivile i Kamerun, seier politiadvokat Berger.

Anette Berger er ansvarleg for saka i Kripos, og seier at den utvida siktinga er alvorleg.

Det har vore kjent at Kripos har etterforska saka sidan mannen vart fengsla i september 2024, og politiet varslar at det er naudsynt med fleire etterforskingsskritt.

– Noreg har eit internasjonalt ansvar

Mannen i 50-åra vart arrestert med bakgrunn i skuldingar om at han har ei sentral rolle i ein pågåande konflikt i Kamerun. Den gong sa Berger i Kripos at dei meinte mannen systematisk hadde oppmoda til lovbrot mot sivile personar i Kamerun.

– Noreg har eit internasjonal ansvar for å sørge for at me ikkje er frihamn for personar som gjer krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta, seier Berger i ei pressemelding som Kripos sender ut i dag.

NRK besøkte i 2024 dei konfliktramma områda i Kamerun, der også landets hær er skulda for angrep på sivile. Hæren er i væpna konflikt med fleire motstandsgrupper som ønsker at den engelskspråklege delen av Kamerun skal lausrive seg og bli eit eige land.

Hæren i Kamerun er også skulda for angre på sivile, og er blitt kritisert av fleire uavhengige partar, slik som Amnesty, Human Rights Watch og International Crisis Group.

Mannen nektar skuld - og kritiserer Kripos

NRK møtte også mannen som no er fengsla, men han vart arrestert før publisering av NRK si sak. Difor har ikkje NRK publisert innhald frå vårt intervju med han.

Heilt sidan han vart pågripen har han nekta for skuld, og via sin advokat har han sagt at Kripos har misforstått saka.

I det handskrivne brevet kritiserer han Kripos sitt arbeid, og meiner det er ei mangelfull etterforsking så langt. Han viser til at dei har reist til Yaounde, der hovudkvarteret til hans fiendar - Kameruns regjering og hær - ligg.

Han kritiserer Kripos for at dei ikkje har reist til namngitte landsbyar som han påstår har blitt utsette for dødelege angrep frå Kameruns hær.

Kripos: – Ikkje mandat til å etterforske statar

Politiadvokat Anette Berger skriv til NRK at det i denne saka er Kripos' mandat å etterforske om personar som er busette i Noreg står bak lovbrot i utlandet.

– Me har ikkje mandat til å etterforske statar. Hausten 2025 gjennomførte Kripos ei etterforskingsreise til Kamerun. Me gjennomførte ulike etterforskingsskritt av relevans for saka, svarer Berger.

I brevet gjev mannen detaljar om korleis arrestasjonen skjedde i september 2024, før han fortel om noko av det han har blitt spurt om i avhøyr. Mellom anna har han måtte svare på skuldingar om at han har spelt ei rolle i drap på personar i ulike byar i Kamerun.

«Denne saka handlar ikkje om kva eg har sagt eller gjort. Den handlar om kva eg representerer: Ei framtid utan bundne hender, eit folk som ikkje bøyer nakken og eit leiarskap som ikkje bøyer av og slår seg til ro med noko mindre enn full frigjering av Ambazonias folk og territorium»

Ambazonia er namnet som mannen bruker på dei to sørvestlege regionane av Kamerun. Sidan 2018 har det gått føre seg ein væpna konflikt mellom separatistgrupper og Kameruns hær.

I brevet skriv mannen at han er stolt av dei væpna styrkane som han er skulda for å ha tette band til.

🏷️ Extracted Entities (17)

Kamerun (entity) Noreg (entity) Anette Berger (person) Kripos (entity) Kamerun 📁 (category) Urix 📁 (category) Nigeria (entity) Afrika (entity) Amnesty (entity) Gabon (entity) Human Rights Watch (person) International Crisis Group (organization) Paul Biya (person) SNL (entity) Tsjad (entity) Tyskland (place) Yaounde (entity)

📊 Metadata

Category: Urix, Kamerun