Herold

Alexandra (15) har levert nest beste tid i landet – får pris for andre gong

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2025-11-28 17:01:00
Alexandra (15) har levert nest beste tid i landet – får pris for andre gong

Alexandra Tveit Rosendahl får heider for sine prestasjonar på friidrettsbanen.

To gonger i året deler friidrettsgruppa til IL Trio ut stipendet som har fått namnet «Opp og fram-prisen», ein pris som skal gå til den utøvaren i laget mellom 12 og 18 år som har forbetra seg mest i ei øving den siste perioden.

Då prisen for andre halvår 2025 skulle delast ut, var det Alexandra Tveit Rosendahl som fekk den – for andre gong sidan prisen vart etablert i 2024.

«Prisen får ho for den aller sterkaste forbetringa, tida 31,42 på 200 meter hekk under Bergenslekene i september var heile 2,5 sekund betre enn tidlegare personleg rekord. Det er også nest beste tid i landet av ein 15-åring i år», skriv IL Trio på sine sider.

I tillegg til diplom og heider, får utøvaren som blir tildelt Opp og fram-prisen eit stipend på 2.000 kroner.

Draumen rauk i siste minutt: – Stolt over å ha vore med på eit lite eventyr