Herold

Slik jobbar Lotteritilsynet med å avdekke påverkarar si ulovlege marknadsføring av pengespel

Kilde: NRK Author: Siri Storheim Published: 2026-02-07 10:49:53
Slik jaktar tilsynet på lovbrot frå påverkarar

Unge blir lokka til pengespel med kjendisar, alkohol og lovnader om lettjente pengar. Lotteritilsynet kjempar imot.

Saka samanfatta

- Lotteritilsynet brukar store ressursar på å jobbe mot påverkarar, som driv ulovleg marknadsføring av pengespel på sosiale medium. - Ulovleg marknadsføring av pengespel når ofte born og unge og er difor ein prioritet. - Kjende påverkarar som John Arne Riise og Cristian Brennhovd har fått høge bøter for brot på lovverket. - Den nye pengespellova frå 2023 gir Lotteritilsynet sterkare verktøy, som førehandsfastsett tvangsmulkt. - Tips frå publikum er sentrale for å avdekke lovbrot. - Lotteritilsynet meinar ikkje at satsinga går utover andre område.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Frå kvart sitt vesle kontor i Førde sentrum, jaktar Silje Sægrov Amble og Hedvig Inderhaug lovbrytarar på nett.

Dei utgjer Lotteritilsynet si arbeidsgruppe med eitt mål for auge:

Å ta påverkarar som marknadsfører ulovlege pengespel på sosiale medium.

Dei siste åra har desse blitt ei utfordring for tilsynet, og i 2024 var 17 påverkarar involvert i tilsyn. Av dei som har fått bøter er store norske påverkarar som John Arne Riise, «BarisBrevik» og Cristian Brennhovd.

– Vi ser påverkarar som skal selje den glamorøse livsstilen – lettente pengar, kjendisar og alkohol. Ofte er det ei slags glamorisering av pengespel, seier Inderhaug.

Juristane Silje Sægrov Amble og Hedvig Inderhaug jobbar med påverkar-saker nesten kvar dag.

Unge tipsar

Ifølgje Amble er det ein tydeleg grunn til at denne problemstillinga får mykje merksemd.

– Påverkarmarknadsføring når born og unge. Det meiner eg er svært alvorleg. I tillegg gjer bruken av påverkarar at ein når ei veldig målretta gruppe.

Pengespelavdelinga jobbar utifrå tips og eigne undersøkingar, og Hedvig Inderhaug bekreftar at dei får mange tips frå publikum.

– Når vi får tips på yngre påverkarar, framstår ofte tipsarane også som unge. Eg trur det er fleire unge som reagerer negativt når påverkarar dei følger går over til å promotere ulovlege pengespel.

Tok lett på det

Ein av dei som har hamna i søkelyset er 21 år gamle Jonathan Gåre.

Han postar videoar på ulike sosiale medium, og i desember i fjor promoterte han eit utanlandsk bettingselskap. Han seier sjølv at han ikkje var klar over at det var ulovleg.

Etter ti dagar fekk Gåre brev av Lotteritilsynet.

– Eg har fått ein del førespurnadar etter kvart, og eit bettingselskap spurde om eg hadde lyst til å promotere for dei. Eg tenkte at det høyrdest jo greitt ut. Det var ikkje så mykje som måtte til, seier han no.

Påverkar Jonathan Gåre promoterte utanlandsk betringside.

Han blei ikkje spesielt bekymra etter det fyrste brevet frå tilsynet, som var ei generell påminning om lovverket.

– Eg tok litt lett på det. Eg tenkte ikkje at det var så sjukt big deal, eigentleg.

Så tikka det inn eit andre brev.

Der fikk han vite at han risikerte både bøter og til og med fengsel viss han fortsette.

– Då gadd eg ikkje dra han lengre, seier han.

Sjølv om Gåre er kritisk til delar av lovverket, meiner han at det er tydeleg. Han har lite sympati for store influensarar som hevdar å ha misforstått reglane.

– Eg tippar jo det er berre løgn. Dei vet eigentleg kva dei driv med.

Skjermdump frå Lotteritilsynet sine saksdokument. Portalen det blir reklamert for, blei avvikla etter tilsynet. NRK har sladda logoene.

Store bøter

I 2025 blei både John Arne Riise og Cristian Brennhovd ilagt tvangsmulkt

I februar 2025 fekk Riise dagbøter på 10.000 kroner. Han klaga, men fekk ikkje medhald, og måtte betale bota, som enda på 40.000 kroner, då innhaldet låg ute i fire dagar.

Skjermdump av marknadsføring av pengespel frå Lotteritilsynet sine sakspapir.

Brennhovd blei ilagt tvangsmulkt med dagbøter på 15 000 frå 26. september 2025. Dagbøtene løp fram til 6. november 2025.

Brennhovd har klaga på vedtaket, og klaga er til handsaming i Lotterinemnda.

Riise ønskte ikkje å stille opp i saka og det har ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med Brennhovd.

Går ikkje utover anna arbeid

NRK har spurt direktør for Lotteri- og stiftelsestilsynet, Atle Hamar, om dei store ressursane dei brukar på påverkarar går utover andre aktivitetar.

– Nei, det vil eg ikkje seie. Vi har et team som jobbar med ulovlege pengespel, som har dette med influensere som ein del av jobben. Dei jobbar også med å blokkere utanlandske pengespel og køyre saker mot internasjonale selskap, som har retta seg mot Noreg. Så det føyer seg inn i ei rekke av tiltak, som vi jobbar med over tid, men noko av dette vil vere hendelsesstyrt også.

🏷️ Extracted Entities (17)

Lotteritilsynet (entity) Cristian Brennhovd (person) Hedvig Inderhaug (person) John Arne Riise (person) Jonathan Gåre (person) Barn/unge 📁 (category) Pengespill 📁 (category) Silje Sægrov Amble (person) Sosiale medier 📁 (category) Atle Hamar (person) BarisBrevik (entity) Førde (entity) KI (entity) Lotteri (entity) Lotterinemnda (entity) Noreg (entity) OpenAI (entity)

📊 Metadata

Category: Pengespill, Sosiale medier, Barn/unge
OpenGraph Title: Slik jobbar Lotteritilsynet med å avdekke påverkarar si ulovlege marknadsføring av pengespel
Twitter Title: Slik jobbar Lotteritilsynet med å avdekke påverkarar si ulovlege marknadsføring av pengespel