Herold

No kan du leige dette fyret – heilt gratis: – Eit eventyr

Kilde: NRK Author: Kai Jæger Kristoffersen Published: 2026-02-07 07:47:18
No kan du leige dette fyret – heilt gratis: – Eit eventyr

Seks fyr i Noreg er tilgjengeleg for utleige for dei som vil bringe eit konsept til staden. Kor mykje må ein betale i leige? Ikkje ei krone.

Har du fyr?, syng Ola Bremnes.

Om ikkje, har du lyst på eit?

I kjaset og maset til kvardagen kan det nokre gonger vere freistande å flytte langt vekk og gjere noko heilt anna.

Kva med å leige og drive eit fyr?

Kystverket har no seks ulike fyr som dei leiger ut til dei som ønsker å drive dei, og ta imot besøkande til desse historiske stadene.

Blant anna Landegode og Barøy fyr i Nordland.

Dette er fyrene som skal leies ut

Fruholmen fyr – Måsøy kommune, Finnmark

Kjølnes fyr – Berlevåg kommune, Finnmark

Landegode fyr – Bodø kommune, Nordland

Barøy fyr – Narvik kommune, Nordland

Ytterøyane fyr – Kinn kommune, Vestland

Stavseng fyr – Kragerø kommune, Telemark

Men kor mykje må ein ut med?

Det er altså heilt gratis, stadfestar Siv Senneset i Kystverket.

– Men dei som leiger på fyrstasjonen skal leggje til rette for aktivitet, besøk og drive formidlingsarbeid. Dei er også plikta til å halde fyret ved like dersom det er snakk om enkle reparasjonar og liknande.

Siv Senneset i Kystverket.

Fyrvaktarar i 30 år

Senneset seier at Kystverket har ansvaret for 115 fyrstasjonar frå svenskegrensa i sør, til det nordlegaste som ligg i Finnmark.

80 av desse fyrane er leigde ut til ulike aktørar.

– Denne ordninga starta for mange tiår sidan, og nokre av dei eldste leigeforholda vi har er nesten 30 år. Formålet er at fyrstasjonane skal blir tilgjengeleg for alle.

Fruholmen fyr i Finnmark er tilgjengeleg for utleige.

Men det er ikkje berre for ein enkeltperson å leige desse fyrane utan vidare.

Det er som oftast ideelle organisasjonar eller foreiningar som gjer det, for å dele på arbeidsmengda.

– Dei som gjer det har ofte ei tilknyting til staden. Nokon har hatt forfedrar som har vore fyrvaktar der tidlegare. Men det er altså ikkje eit krav. Er du ein enkeltperson så må du leige fyret via eit enkeltpersonføretak. Vi har næringsdrivande som driv fyr no.

Her på Barøy fyr har folk laga seg mat og overnatta.

Og om ein vil leige eit fyr, er det berre fantasien som set grenser for kva ein kan finne på der.

– Det er alt frå små kafear og turmål til overnattingsstader og restaurantar. Nokre av fyra har oppretta helikoptersamband sidan det er så vanskeleg å komme seg dit på andre måtar. Vi har fleire som driv med kulturtilbod og konsertar.

Fekk kjendisar på besøk

Ein som no gir seg som leigetakar på Barøy fyr i Narvik kommune, er Gunnar Lie Eide.

Han har drive fyret med opplevingsselskapet sitt sidan 2019, og er no klar for å gi stafettpinnen vidare til andre.

Gunnar Lie Eide seier det har vore eit eventyr å leige Barøy fyr i Narvik.

– Eg dreiv allereie eit firma som heiter Gunnars Fiskelykke, der turistar kunne kome for å fiske i Ofotfjorden. Då eg begynte å leige fyret, inkorporerte eg det med opplevingane mine, så folk kunne lage seg mat og etter kvart overnatte der om dei ville det.

– Det har vore eit eventyr, men nå har eg andre planar. Blant anna har eg skaffa meg bubil, som eg og kona skal dra ut på våre eigne eventyr med.

Sjølv om det har vore mest «vanlege» folk som har komme på besøk, er det mange kjendisar som har stukke innom òg.

– Ja, det har vore mykje ulikt, blant anna ein kjent skodespelar frå «Black Adder» og andre som eg ikkje skal gå nærare inn på.

– Bård Tufte Johansen har to seriar der han og fiskekompisen Lars Lenth drar til to stader langt unna. Eitt av dei er eit fyr. Trur du sånne opplevingar kan få folk enda meir interessert i å leige eit fyr?

– Utan tvil, det betyr mykje for at folk skal få auga opp for sånne opplevingar.

🏷️ Extracted Entities (21)

Barøy (place) Finnmark (place) Kystverket 📁 (category) Nordland (place) Nordland 📁 (category) Norge 📁 (category) Reiseliv og turisme 📁 (category) Gunnar Lie Eide (person) Kystverket (entity) Narvik (place) Siv Senneset (person) Black Adder (entity) Bård Tufte Johansen (person) Gunnars Fiskelykke (person) Landegode (entity) Lars Lenth (person) Noreg (entity) Ofotfjorden (entity) Ola Bremnes (person) Telemark (place) Vestland (place)

📊 Metadata

Category: Nordland, Reiseliv og turisme, Norge, Kystverket
OpenGraph Title: No kan du leige eit fyr – heilt gratis
Twitter Title: No kan du leige eit fyr – heilt gratis