Herold

Vi svir av stadig meir på julekalendrar – over 700 per snute i år

Plus
Kilde: Firdaposten Author: NTB Published: 2025-11-28 16:07:10
Vi svir av stadig meir på julekalendrar – over 700 per snute i år

Halvparten av oss skal kjøpe julekalender i år, og brukar i snitt over 700 kroner. Dei etande er mest populære – men 4 prosent vil ha erotisk kalender.

Ifølgje ei undersøking frå Opinion står altså adventskalenderen sterkt som norsk tradisjon.

– Det har vore ei utvikling over fleire år at vi kjøper dyrare og meir luksuriøse adventskalendrar. Mange vel variantar med kosmetikk, drikkevarer eller dyr sjokolade framfor den tradisjonelle biletkalenderen, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Dei mest populære typane er etande kalendrar (41 prosent), pakkekalendrar (34 ) og parfyme- og velværekalendrar (12).

– Julekalenderen har gått frå å vere ein enkel tradisjon til å bli eit luksusprodukt. Mange ønskjer å gjere desember litt ekstra hyggeleg, og vi ser at folk i aukande grad vel luksuriøse kalendrar framfor den klassiske biletkalenderen. Det seier mykje om korleis juletradisjonane endrar seg i takt med forbruksvanane, seier administrerande direktør John Lauring Pedersen i Opinion.

Berre 4 prosent vil ha ein klassisk biletkalender – like mange som dei som vel erotiske julekalendrar.

Her er det ifølgje Opinion flest menn som lèt seg freiste. Tre gonger så mange menn som kvinner seier at ein erotisk kalender står på handlelista.

Men ikkje alle har råd til å bruke mange hundre kroner på gåver – og det før julaftan. Turistforeininga har foreslått 24 heilt gratis aktivitetar i staden.

Smartembed for https://www.firdaposten.no/api/graff/v1/component/enkel-poll?id=67718

(©NPK)