Herold

Nye bussar har ikkje bagasjeplass: Aleksander fekk nei til liten sekk og barneski

Kilde: NRK Author: Olav RĂžli Published: 2026-02-06 09:31:40
Nye bussar har ikkje bagasjeplass: Aleksander fekk nei til liten sekk og barneski

Nye bussar pÄ Vestlandet skulle gjera det enklare Ä komma med. Men Aleksander Isdal opplevde det motsette dÄ han ville ta med ski pÄ bussen.

Saka samanfatta:

  • Nye lĂ„gentrĂ©-bussar pĂ„ Vestlandet gjer det enklare for rullestolbrukarar og barnevogner, men manglar bagasjeplass.
  • Aleksander Isdal fekk ikkje ta med barneski pĂ„ bussen, noko som fĂžrte til store utfordringar for han og sonen.
  • FylkesordfĂžrar Jon Askeland beklagar situasjonen og understrekar at lĂ„gentrĂ©-bussar er standarden, men at skjĂžnn mĂ„ utĂžvast.
  • Fylkespolitikar Bjarte Helland kallar manglande bagasjeplass ein tabbe og etterlyser lĂžysingar.
  • Aleksander planlegg Ă„ reisa med ski igjen, men vil kontakte Skyss pĂ„ fĂžrehand for Ă„ unngĂ„ fleire problem.

Oppsummeringa er laga av ei KI-tjeneste fra OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar fĂžr publisering.

I fjor vart nye lÄgentrébussar tekne i bruk fleire stader pÄ Vestlandet

Desse er lette Ă„ komma seg om bord i, mellom anna for dei som sit i rullestol eller har med barnevogn.

Men det er eit stort problem: Bussane har ikkje bagasjeplass.

Nyleg vart Aleksander Isdal og sonen stÄande att pÄ haldeplassen dÄ dei ville ha med seg eit skipar pÄ tur.

– Ein mĂ„ nesten rekna med at folk skal ha med seg bagasje pĂ„ bussar i distriktet, seier Aleksander Isdal.

Det er ikkje lov Ă„ ta med seg bagasje, som ski, i desse bussane, fortel Aleksander Isdal som vart nekta Ă„ ta med eit par barneski.

PrÞvde Ä foreslÄ lÞysing

I januar reiste Isdal kollektivt frÄ Bergen til Husnes i Kvinnherad saman med sonen.

Med pÄ turen var eit par barneski pÄ 130 centimeter.

Turen til Husnes gjekk bra for bÄde ski og passasjerar. Men pÄ tilbaketuren starta problema.

– Me hadde pakka og var klare for Ă„ gĂ„ om bord i bussen. Men dĂ„ fekk eg beskjed om at eg ikkje kunne ta med meg skia, fortel han.

Desse skia pÄ 130 centimeter var nok til Ä hindra ein busstur mellom Husnes og Bergen i januar. Isdal prÞvde Ä foreslÄ at skia kunne vera pakka saman med sekken, og at han kunne ha dei i fanget. Men til ingen nytte, fortel han.

Bussen var relativt tom, slik han hugsar det.

– Eg har forstĂ„ing for at det er bussjĂ„fĂžren som har ansvaret, og at dei ikkje kan ha masse bagasje rundt omkring. Men det mĂ„ gĂ„ an Ă„ bruka skjĂžnn, meiner Isdal.

Enden pÄ visa var at han og sonen vart igjen pÄ Husnes til dagen etterpÄ. DÄ reiste han tilbake, utan ski.

Skyss og Tide ynskjer ikkje Ă„ kommentera saka no, men skriv til NRK at dei har og har hatt fleire mĂžter denne veka for Ă„ finna ei lĂžysing.

PĂ„ den 30 liter store sekken foreslo Aleksander at skia kunne festast. Men det var ikkje aktuelt.

FylkesordfĂžrar beklagar til reisande

Det var lokalavisa Kvinnheringen som fÞrst omtalte Aleksander si historie. Der kommenterer Skyss at bussjÄfÞrane mÄ bruka skjÞnn.

FylkesordfĂžrar i Vestland, Jon Askeland (Sp) beklagar overfor dei reisande at denne situasjonen framleis kjem opp.

Han peikar pÄ at nye lÄgentré-bussar er regelen i fylket, til fordel for reisande med barnevogner og rullestolbrukarar.

– Me har gitt Skyss og busselskapa streng beskjed om at dei mĂ„ utvisa skjĂžnn, skriv Askeland til NRK.

Han viser til at dei har funne lĂžysingar i den andre enden av fylket.

I Nordfjord har nemleg Firda Billag gjort tiltak.

– Litt bagasje gĂ„r fint hos oss, men det kan verta ei utfordring om det er stĂžrre mengder. Det er ei utfordring me helst ikkje vil ha, og ski har me ikkje ei god lĂžysing pĂ„, seier Lars Andreas KĂ„rstad, dagleg leiar i selskapet.

Her er ein av dei nye bussane som er teke i bruk i deler av Vestland. Dei har mindre bagasjeplass enn tidlegare bussar.

BussjÄfÞrar fÄr hets

BussjÄfÞrane var lunkne til Ä ta i bruk lÄgentré-bussane, fortel Dag Frode Opedal, regiontillitsvalt i Yrkestrafikkforbundet (YTF).

– I omrĂ„de som Hardanger og Voss er det ofte mykje bagasje. Difor var me negative til slike bussar i utgangspunktet, seier han. Det er ogsĂ„ andre typar bussar i bruk i desse omrĂ„da.

Opedal fortel at all medieomtalen har vore ei belastning for sjÄfÞrane, og at dei har opplevd bÄde hets i sosiale medium og kjeft frÄ passasjerar.

– Dei spelar pĂ„ samvitet til oss sjĂ„fĂžrar. Men det er me som sit igjen med ansvaret om bagasje skadar nokon i ein kollisjon, seier han.

Dei nye bussane er gode for sjÄfÞrane, men dei Ätvara likevel mot Ä innfÞra dei sidan dei manglar bagasjeplass.

Fylkespolitikar: Her har me gjort ein tabbe

Bjarte Helland, partiuavhengig medlem i fylkesutvalet i Vestland, Ätvara mot bussane i fjor haust.

Han kallar det ein tabbe av politikarane Ä ikkje tenkja pÄ bagasjeplass nÄr bussane vart bestilte.

– I dei gamle bussane var det bagasjeplass under, og over seta, seier han.

No krev han svar i neste mĂžte i fylkesutvalet.

Aleksander Isdal seier til NRK at han kjem til Ă„ reisa med ski igjen.

– Men dĂ„ tek eg ein telefon til kundeservice i Skyss i forkant for Ă„ stĂ„ sterkare, seier han.

Aleksander Isdal foreslo at han kunne setja skia pÄ sekken, men det var ikkje aktuelt. Difor enda han med Ä ta bussen dagen etterpÄ. Utan ski.

đŸ·ïž Extracted Entities (23)

Aleksander Isdal (person) Husnes (place) Skyss (entity) Kollektivtrafikk i Hordaland 📁 (category) Samferdsel 📁 (category) Vestland (place) Vestlandet (entity) Bergen (entity) Fylkespolitikar Bjarte Helland (person) Jon Askeland Sp (person) Kvinnheringen (entity) Askeland (place) Dag Frode Opedal (person) Firda Billag (person) Hardanger (entity) KI (entity) Kvinnherad (entity) Lars Andreas KĂ„rstad (person) Nordfjord (place) OpenAI (entity) Tide (entity) Voss (entity) Yrkestrafikkforbundet YTF (organization)

📊 Metadata

Category: Samferdsel, Kollektivtrafikk i Hordaland
OpenGraph Title: Bussar utan bagasjeplass gir stor frustrasjon for reisande pÄ Vestlandet
Twitter Title: Bussar utan bagasjeplass gir stor frustrasjon for reisande pÄ Vestlandet