Herold

Bilistar på Ørskogfjellet fekk gebyr fordi dei plundra med å ta fram førarkort-appen

Kilde: NRK Author: Synnøve Hole Published: 2026-02-05 21:17:54
Fekk gebyr fordi dei ikkje var raske nok til å ta fram førarkort-appen

Sjølv om bilistane hadde gyldige elektronisk førarkort på mobilen fekk dei 500 kroner i gebyr og sju dagars betalingsfrist. No må politiet slette gebyra.

Det er for lengst unødvendig å ha med fysisk førarkort for den som er ute og køyrer bil. Så lenge du har førarkortet digitalt på appen, er dette gyldig.

Likevel fekk bilistar på E39 over Ørskogfjellet i Møre og Romsdal nyleg 500 kroner kvar i gebyr før å ikkje ha hatt med det fysiske førarkortet.

Årsak: det tok for lang tid å logge inn og det hopa seg opp med bilar bak.

– Når det er lovleg med digitalt førarkort, så må ein få sjanse til å logge inn på appen, skriv ein av bilistane i ein klage til politiet.

Han seier han blei avbroten fleire gonger og spurt om personnummer, bedt om å blåse i alkotest og flytte bilen.

Politiet hadde storkontroll på Ørskogfjellet 29. oktober i fjor og stoppa nesten 1000 bilistar. To av dei fekk gebyr fordi dei ikkje var raske nok med å hente fram førarkort-appen på mobilen.

Bilorganisasjonar ristar på hovudet

Bilisten var ikkje åleine om å få gebyr fordi han ikkje var rask nok med innlogginga.

20 minutt tidlegare blei også ein annan bøtlagt for det same, sjølv om han etter litt tid klarte å hente fram førarkortet.

Men då var gebyret allereie skriven ut.

– Dette er ikkje bra og skal ikkje skje. Det er uakseptabelt at bilistar får gebyr når dei faktisk har gyldig førarkort. Politiet må sørge for kontrollrutinar som gjer det mogleg å følgje lova snarare enn å straffe folk for forhold politiet sjølv skaper.

Det seier Børre Skiaker, generalsekretær for Bilorganisasjonen Kongelig Norsk Automobilklub.

Pressesjef Ingunn Handagard har ikkje tidlegare høyrt om at folk ikkje får tid til å logge inn og hente det digitale førarkortet.

Heller ikkje bilorganisasjonen NAF har høyrt maken.

– I vår tidsalder med så mange som har og brukar digitalt førarkort, så bør ein få tid til å vise det fram i ein kontroll, seier pressesjef Ingunn Handagard.

Slik virkar førarkort-appen

  • Digitalt førarkort er gyldig som legitimasjon dersom ein blir stoppa i trafikkontroll.
  • Appen er laga av Statens vegvesen og kan lastast ned på alle nyare smartmobilar.
  • Den som vil ha digitalt førarkort må ha eit førarkort i bankkort-storleik, ha bildet sitt lagra hos Statens vegvesen og vere registrert busett i Noreg.
  • Du må logge inn i appen med ID-porten første gang du brukar den. Deretter skal det ikkje vere nødvendig meir enn ein gong i året.
  • Mobilen ha ha straum nok til heile køyreturen og skjermen må vere lesbar.
  • Det er Statens vegvesen som har laga førarkort-appen med det digitale førarkortet
  • Over 2,4 millionar nordmenn har lasta ned appen

Kjelde: Statens vegvesen

Politiet beklagar

Politiet legg seg no flat og seier dette er feil. Nyleg sletta dei gebyret.

Konstituert visepolitimeister Ove Brudevoll seier dei no vil gå gjennom saka internt før neste storkontroll for å unngå at noko liknande skjer på nytt.

– Det er alltid beklageleg når ein gjer feil, det prøvar vi å unngå og vi tek lærdom av desse sakene. I dette tilfellet blei det oppheva to gebyr og kunnskapen frå kontrollen tek vi vidare til neste kontroll

– Betyr det at folk skal sleppe å vere redd for at dette skjer?

– Ja, ein skal få tid til å leite fram det digitale førarkortet, men ein må vere førebudd på at det skal visast fram, slik at ein har appen installert, til dømes, seier han.

NRK får ikkje snakke med politifolka som skreiv ut gebyra og veit ikkje kva for konkrete vurderingar dei gjorde.

Konstituert visepolitimeister Ove Brudevoll seier dei vil ta lærdom av saka.

– Har faktisk ikkje gjort noko gale

Over 2,4 millionar nordmenn har ifølgje Statens vegvesen lasta ned eit elektronisk førarkort, for å sleppe å ha med det fysiske kortet.

Dei to bilistane som fekk gebyr, får no pengane tilbake:

«I særlige tilfeller kan overtredelsesgebyr eller forhøyelse av overtredelsesgebyr frafalles av politi/Statens vegvesen»,skriv politiet til dei.

– Eg har full respekt for politiet, køyrer alltid fartsgrensa, parkerer aldri ulovleg og følgjer alle reglar. 500 kroner ikkje all verda, men her har eg faktisk ikkje gjort noko gale, avsluttar den eine.

Det er Statens vegvesen som har utvikla det digitale førarkortet. Verken dei, Politidirektoratet eller UP har høyrt om liknande saker før.

Det er mange nordmenn som har lasta ned denne appen. Politiet lovar no at dei skal få tid til å hente den fram dersom dei blir stoppa i kontroll.

🏷️ Extracted Entities (20)

Statens (entity) Bil 📁 (category) Møre og Romsdal 📁 (category) Norge 📁 (category) Politisaker i Møre og Romsdal 📁 (category) Samferdsel Møre og Romsdal 📁 (category) Trafikksaker fra NRK 📁 (category) Ove Brudevoll (person) Pressesjef Ingunn Handagard (person) Ørskogfjellet (entity) Bilorganisasjonen Kongelig Norsk Automobilklub (organization) Børre Skiaker (person) E39 (entity) ID (entity) Møre (entity) NAF (entity) Noreg (entity) Politidirektoratet (entity) Romsdal (place) UP (entity)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Politisaker i Møre og Romsdal, Samferdsel Møre og Romsdal, Bil, Trafikksaker fra NRK, Norge
OpenGraph Title: Bilistar på Ørskogfjellet fekk gebyr fordi dei plundra med å ta fram førarkort-appen
Twitter Title: Bilistar på Ørskogfjellet fekk gebyr fordi dei plundra med å ta fram førarkort-appen