Reagerer på vektpress på helsestasjonen – amma og pumpa heile døgnet
Ida (32) måtte vege dottera tre gonger i veka. No får helsestasjonane kritikk av barnelege for å sjå seg blinde på vekstkurver framfor helsa til barnet.
Saken samanfatta
To mødre fortel om negative opplevingar med helsestasjonane sitt fokus på babyvekst – ein baby vart sett på som for tynn, ein annan som for tung. Mødrene opplevde kontrollane som stressande, og følte seg mistenkeleggjorde og ikkje godt nok ivaretekne. Barnelege Bente Kvenshagen meiner helsestasjonane fokuserer for mykje på vekstkurver og etterlyser ei meir heilskapleg og omsorgsfull tilnærming. Helsestasjonane understrekar at målet er å sikre god ernæring og utvikling, men beklagar at nokre foreldre opplever oppfølginga som belastande. Ekspertar peikar på at barn har ulike vekstutgangspunkt, og at vekstkurver ikkje bør vere ein fasit.
------------------------------------- Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
– Det var knallhard jobbing døgnet rundt. Eg amma og pumpa heile døgnet, men babyen min la ikkje på seg nok.
Ida Granbu Lien frå Kristiansand blir engasjert når ho fortel om babytida.
Då dottera Lilly var nyfødd gjekk ho ned meir enn dei 10 prosentane av fødselsvekta som helsestasjonane tillèt.
Alarmen gjekk.
– Eg var fast bestemt på å amme ho opp i vekt, men då eg jubla over nokre ekstra gram så var det aldri bra nok for helsestasjonen. Til slutt vart eg heilt utsliten, seier ho.
Meinte babyen var for stor
På ein annan helsestasjon skal det motsette ha skjedd.
Ifølge mamma Ellinor (36) måtte Sigurd på tre månader slankast fordi helsestasjonen meinte han var veldig stor.
Sigurd vog 10 kilo og skal ha blitt sett på slankekur av helsestasjonen, ifølge mora. Ho seier at ho fekk beskjed om at vesle Sigurd kunne bli så tung at han ikkje ville lære seg å krabbe eller gå.
Det reagerer ho på.
– Eg synest det var spesielt at fokus låg på slanking av ein så liten baby, men høyrde på råda fordi helsestasjonen hevda at han ikkje ville begynne å krabbe eller gå dersom han var for tung, seier ho.
Helsestasjonane som tok imot barna beklagar at mødrene ikkje kjente at dei blei tatt vare på. Dei seier at målet er å sikre at barn får rett ernæring.
Les svara litt lenger ned i saka.
Genetikk
For mange nybakte foreldre betyr tilbakemeldingane frå helsestasjonen alt for å kjenne at ein lykkast.
Då Ida Granbu Lien flytta til Lillehammer opplevde ho at vekstkurva blei ein fasit det var vanskeleg å leve opp til på helsestasjonen.
Ida amma og pumpa døgnet rundt, men baby Lilly la ikkje på seg nok.
– Helsestasjonen ville ha ho på veging tre gonger i veka. Kontrollen og ammepresset gjorde meg så stressa at eg ikkje klarte å produsere nok mjølk, fortel ho.
Ho meiner helsestasjonane har ei utdatert haldning til barns vekst.
– Eg skulle ønske at dei hadde sett meir på heilskapen og ikkje berre ei vekstkurve. Eg var liten som barn, og Lilly sin pappa er lang og tynn så genetikk speler jo ei rolle.
Lien understrekar at Lilly aldri har verka misfornøgd eller svolten i oppveksten.
Mamma Ida Granbu Lien jobba hardt med å få opp vekta til den vesle jenta og amma stadig vekk. Helsestasjonen syntest dottera var altfor tynn, seier mor.
– Øydela mykje av babytida
Nokre mil austover tok mamma Ellinor med seg den tre månader gamle sonen sin til helsesjekk.
Sigurd var ein stor gut på ti kilo, men han var full av liv og rørsle.
– Eg forstår at helsestasjonen reagerte på vekta hans, men eg synest prosessen og måten dei behandla meg på var dårleg, seier ho.
Ellinor blei frykteleg lei seg då ho skal ha fått beskjed om at sonen måtte ned i vekt.
Ho kjente seg mistenkeleggjord av helsestasjonen.
– Eg følte at måten eg mata og trøysta barnet på var feilaktig eller skadeleg. Men, det var ingen som tok vare på meg. Helsestasjonen var berre opptatt av «prosjekt slanke-Sigurd», fortel ho.
No er Sigurd sju månader og veg 13 kilo. Ifølge mamma er han framleis ein stor gut, men han krabbar og utforskar verda som han skal.
– Eg er sint og bitter på helsestasjonen for at dei sette i gang eit sånt prosjekt utan å følge oss opp. Det øydela mykje av babytida vår.
Barnelege reagerer
Barnelege Bente Kvenshagen reagerte då ho fekk høyre historia om Sigurd.
Då ho delte historia på Instagram vekte det ein kraftig debatt i kommentarfeltet.
Barnelege Bente Kvenshagen fekk lov av mammaen til Sigurd å legge ut dette bildet av guten på si Instagramside. Det skapte stort engasjement i kommentarfeltet.
Ho er ikkje einig i helsestasjonane sitt fokus på vekta til barnet.
– Det er strålande med tjukke babyar fram til barnet er eitt år. Men, i nokre familiar er barna veldig spede og magre utan at det feilar dei noko, seier ho.
Kvenshagen etterlyser ei meir omsorgsfull tilnærming.
– Dei må sjekke om barnet et godt og verkar fornøgd. Dersom helsestasjonen er bekymra må dei vise barnet til fastlegen, seier ho.
Barnelege Bente Kvenshagen reagerte då mammaen til Sigurd hevda at dei på helsestasjonen hadde meint at det var nødvendig å slanke guten.
– Skal ikkje handla om slanking
Helsestasjonen der Sigurd gjekk seier det gjer inntrykk å høyre at besøket hos dei var belastande for mora.
– Når vi følger opp spedbarnsvekt, handlar det aldri om «slanking», men om å sikre god ernæring, trivsel og normal utvikling. Dersom nokon opplever møtet med oss som belastande, skal vi ta det på alvor, seier Espen Patsis-Torgersen, leiar for Tøyenhelsa.
Helsestasjonen til Lilly understrekar kor viktig det er å sikre at nyfødde får rett næring.
– I sjeldne tilfelle kan låg vektoppgang også vere eit teikn på alvorleg sjukdom. Derfor kan det vere nødvendig å følge veksten tett i periodar, for å sikre at barnet får rett ernæring og utviklar seg som det skal, seier tenesteområdeleiar Camilla Møllerløkken Østensen ved Lillehammer helsestasjon.
Begge helsestasjonane kommenterer på generelt grunnlag.
Les heile svaret frå begge helsestasjonane nedst i saka.
Ikkje ein fasit
Mange helsestasjonar tek utgangspunkt i percentilskjemaet frå Vekststudiene i Bergen, og WHOs vekststandard for å måle og vege barn mellom 0–5 år.
Men, denne skalaen er ikkje er ein fasit, seier spesialrådgivar Gry Hay i helsedirektoratet..
– Babyer skal ikkje slankast. Det er helt normalt at et fullammet barn på seks måneder ligger over kurven uten at det betyr at barnet veier for mye eller skal følges opp. Tvert imot, vet vi at amming bidrar til å forebygge overvekt og fedme senere. Det er også viktig å huske at barn har ulike utgangspunkt og fødselsvekt og skal ikkjefølge same kurve eller vekse i likt tempo.
Ho understrekar at ho ikkje kjenner historiene til dei to mødrene NRK har snakka med.
– Kommunikasjon om vekst kan vere vanskeleg både for helsepersonell og foreldre. Det er viktig at foreldre får god forklaring om vurderingane som blir gjorde og god oppfølging ved behov, seier Hay.
Her kan du lese meir om korleis Helsenorge meiner barn skal utvikle seg.
Det er full fart for Lilly som snart er tre år.
Ho utviklar seg fint.
– Lilly er framleis småeten, men eg passar på at maten hennar er næringstett og næringsrik, seier mamma Ida Granbu Lien.
Ho har lagt opplevinga frå helsestasjonen bak seg, men ho set spørsmålsteikn ved korleis helsestasjonen la opp vektløpet.
– Eg skulle ønske at dei hadde sett meir på korleis Lilly hadde det og korleis ho fungerte i kvardagen, framfor å berre fokusere på vekstkurva, seier ho.
No er Lilly to og eit halvt år, og ho elskar å vere ute i naturen saman med mamma og pappa.
Heile svaret frå helsestasjonen i Bydel Gamle Oslo:
– Det gjer inntrykk å høyre at ei mor ha kjent seg mistenkeleggjord og ikkje tatt vare på i møte med helsestasjonen. Det er det siste vi ønsker. Helsestasjonen skal vere ein trygg stad å komme med både bekymringar og spørsmål, og foreldre skal alltid oppleve seg møtte med respekt, omsorg og fagleg tryggleik.
Når vi følger opp vekta til spedbarn, handlar det aldri om «slanking», men om å sikre god ernæring, trivsel og normal utvikling. Vekt og vekstkurver blir brukte som ein del av heilskapsvurderinga, saman med aktiviteten til barnet, trivsel, mating og samspel med foreldre. Dersom kurvene viser avvik, enten opp eller ned, har vi eit ansvar for å drøfte det med foreldra, gi støtte og rettleiing, og involvere fastlege når det er behov for det.
Vi følger nasjonale retningslinjer og faglege oppfordringar i arbeidet med barn si vekt. Vi er einige med barnelege Bente Kvenshagen i at trivsel, matinntak og den generelle utviklinga til barnet er heilt sentrale faktorar i vurderingane. Eit godt samarbeid med fastlege er ein naturleg del av oppfølginga når det er bekymring rundt ernæring eller vekst.
Vi jobbar kontinuerleg for å vareta familiar på ein god måte. Dersom nokon opplever møtet med oss som belastande, skal vi ta det på alvor slik at vi kan lære og forbetre oss i tida framover.
Kjelde: Espen Patsis-Torgersen, leiar for Tøyenhelsa, Bydel Gamle Oslo.
Heile svaret frå Lillehammer helsestasjon
– Først og fremst vil vi uttrykke forståing for at opplevingar knytte til vekta og ernæringa til barnet kan vere krevjande for foreldre. Det er ein sårbar periode, og det er viktig for oss at alle foreldre kjenner seg trygge, varetatte og lytta til når dei kjem til helsestasjonen.
Når det gjeld vekstoppfølging følger helsestasjonen nasjonale, faglege retningslinjer for å sikre at alle barn får ei trygg og heilskapleg oppfølging. Vekstkurvene er eitt av fleire verktøy vi bruker for å følge utviklinga over tid. Samtidig vurderer vi alltid heilskapssituasjonen til barnet – blant anna trivsel, utvikling, samspel, arvelege faktorar, ernæring og foreldra sine eigne observasjonar. For nyfødde barn er vi særleg merksame på vektutviklinga, fordi liten vektoppgang kan påverke utviklinga til barnet. I sjeldne tilfelle kan låg vektoppgang også vere eit teikn på alvorleg sjukdom. Derfor kan det vere nødvendig å følge veksten tett i periodar, for å sikre at barnet får rett ernæring og utviklar seg som det skal. Dette blir alltid gjort med mål om å vareta helsa til barnet på best mogleg måte. Oppfølginga skal alltid gå føre seg i god dialog med foreldra, og med respekt for at familiar er ulike og at barn veks på ulike måtar.
Vi ønsker at foreldre som opplever at situasjonen rundt eige barn skaper stress, press eller usikkerheit, tar kontakt med oss. Vi ønsker alltid å rette opp i misforståingar og finne løysingar saman, og vi set stor pris på å få tilbakemeldingar slik at vi kan forbetre tenesta ytterlegare. Vi kommenterer ikkje enkeltsaker av omsyn til teieplikt.
Kjelde: Camilla Møllerløkken Østensen, tenesteområdeleiar ved Lillehammer helsestasjon.