Skriv norsk!
LÄnord frÄ andre sprÄk kan gjera heimemÄlet rikare og meir nyansert, men innlÄna kan verta for omfattande og beint fram truga morsmÄlet.
Det hende dÄ Noreg vart ein dansk provins og dansk, svÊrt pÄverka av lÄg- og hÞgtysk, vart einaste skriftmÄlet i landet i over fire hundre Är. I dag er det engelsk, ikkje minst amerikansk engelsk som trugar norsk ordval og ordlegging.
OgsĂ„ syntaksen vert skipla â og det ofte utan at folk er klĂ„re over det.
Skuleborn, truleg pĂ„ grunn av for omfattande engelskundervisning â og yngre journalistar med â kan ikkje lenger skilja mellom sin og hans og sin og deres, og fleirtal avlĂžyser eintal etter engelsk mĂžnster. De ristet pĂ„ hodene sine/deres kjem i staden for dei rista pĂ„ hovudet, I livene vĂ„re for i livet og sĂ„ bortetter.
Hva tenker du om det? og jeg tenker at, er tufta pÄ engelsk. Det same gjeld jeg fÞler at og truleg jeg opplever at.
Engelske uttrykk i norsk bunad florerer. Ein kan jamvel finna det regner hunder og katter i staden for det regnar i bĂžtter og spann, Ăžsregnar og liknande.
Einskildord
Eit av problema med angloamerikanske ord i norsk er at dei ofte ikkje vert tilmÄta norsk skrivemÄte og sÄleis ikkje hÞver med norsk uttale. Dessutan trengjer dei ikkje sjeldan unna fullt brukande norske ord eller gjev innarbeidde ord (sÄ vel framandord som norske) eit nytt innhald (jfr. simpel og strÄmann)
Adressere i meininga ta fÞre seg venda seg til, konsentrera seg om. Ein adresserer berre brev pÄ norsk.
Agenda: Sakliste, hensikt.
Amerika: USA eller Sambandsstatane, Amerika er ein verdsdel.
Backup: Trygging, sikkerhetskopi, ryggdekking.
Boost: Kveik, ovkveik; kveikja, styrke.
Cash: Kontantar.
Connection: Samband.
Crewet: Mannskapet, besetninga.
Crazy: SprĂžtt, vettlaust, vanvittig, spinn gali.
Date: StemnemĂžte, rendez-vous.
Deal: Avtale, semje, handel.
Digg: Likande, ettertrakta, deilig, herlig.
Diskurs: Fellesoppfatningar, vidlĂžftig drĂžfting.
Droppe: Utelata, blÄsa i. Drop in: à stikka innom.
Dypt (deeply): Ikkje «dypt fortvilet», men svÊrt fortvila/orvÞnen.
Elske (love): Som regel lika, lika svĂŠrt godt.
Europa: Ein verdsdel som nÄr frÄ Island til Uralfjella. EU-omrÄdet er EU-omrÄdet, ikkje Europa.
Event: Begivenhet/tilskiping, hva skjer?
Fake news: LĂžgnhistorier/lygnsoger, oppdikta, fabrikert.
Fan: (Fanatisk/eldhuga) tilhengjar, VÄlerengafus ...
Fast food: SnĂžggmat/hurtigmat.
Fuck: BlÄs ( i )...! Dra dit du veit!
Game changer: Vasskilje/vannskille, paradigmeskifte.
Guts: TĂŠl, sisu.
Hate: Som regel mislika, ikkje lika, vanvĂžrda, svivĂžrda.
Historisk: (Som regel) bemerkelsesverdig, verdt Ă„ hugsa, forvitneleg.
Hot, hottest: Ettertrakta, mest ettertrakta, i vinden, mest/svĂŠrt etterspurt.
Implementere: Ă setja i verk/laga noko til.
Keen: Ihuga/ivrig, huga (pÄ)/lysten (pÄ).
Kick: FĂ„ et kick: verta oppglĂždd, svĂŠrt begeistra.
Leve (to live) er vorti synonymt med Ă„ bu for mange: De har levd i Italia.
Lighter: (Sigarett-)tenner, kveikjar.
Live: Direkte(overfĂžring), i eigen person.
Lokasjon: Plassering, stad, kontor.
Narrativet: Fortellinga, framstillinga.
Oppleve (at) (om smÄtteri, av experience that?) RÞyna, erfare, synast, meina.
Outlet: Utslipp/utslepp (salg/sal av ukurante varer)
Research: Gransking, undersĂžking, etterrĂžking, studiar (studier i marken).
Score: I samband med t.d. intelligensmÄling: plassering, poeng.
Simpel: PĂ„ norsk tyder ordet lusen, nederdrektig,utan daning, frekk.
Singel: Einsleg/enslig, einbue.
Sjekke: UndersĂžka, verifisera, granska, rĂžkja etter.
Sjokk: Som regel overrasking, forskrekking, hugskaking.
Slash: SkrÄstrek.
Small talk: SmÄsnakk, smÄprating, rÞding (Ä rÞda), godsnakke.
Spotta tyder vanvÞrda pÄ norsk (jfr. spitord, spytta), men yngre engelskinfiserte nordmenn kan fÄ seg til Ä skriva. «To spot» kan pÄ norsk bety «Ä fÄ Þye pÄ» eller «Ä oppdage»..(Han ble spotta pÄ Karl Johan). Det kan ogsÄ referere til «Ä gjÞre narr av» eller «Ä hÄne», men dette er en mer fersk betydning i norsk sprÄk
Stressa: OppĂžst, oppskjĂžrta, plaga, utmĂždd.
StrÄmann: Passiv mellommann som vert nytta serleg i pengesaker. For «Ä sette opp en strÄmann» bÞr ein nytta: skinnuenighet, skinusemje, skindebatt, gje ein annan meiningar han ikkje har og lignande.
Takeaway, takeout: Hentemat.
Takle: Klare, meistra, orka.
Trend: Tendens, drag,d ragnad, tÄtt, mote/mode.
Trunp-administrasjonen: Regjeringa i Sambandsstatane/USA.
Ultimate: Ypparste, aller beste, framifrÄ
Wow: JĂžss, bravo
You name it - er legio
Preposisjonsbruk
For i staden for av: Alt skjer for en grunn: Det var ein grunn til at.
For i staden for til: Brevet er for Per.
Hvordan Ä: Korleis/hvordan/Ässen (utan Ä).
Ned: Jakte ned for innhenta, fella. Stenge ned for gradvis stengja (av) .
Opp: Ende opp med, ende opp som. PĂ„ norsk skal det berre vera enda med, enda som .
Opp for bort: Han gjekk bort til han, ikkje opp til han
Over i staden for framfor. Han velger kaffe over te.
PÄ (on): Kommentere pÄ meldinga: Kommentera meldinga.
Einskilde uttrykk
Det/du gjorde dagen min: HÞgdepunktet pÄ dagen, takk vere deg.
Det er peanÞtter: Det er berre blÄbÊr.
FrÄ toppen av hodet/mitt hode: Det eg kom pÄ
GĂ„ for: StĂž, stĂžtte
GĂ„ viralt: Spreia seg ilfort/ ovsnĂžgt, som eld i turt gras.
Det suger (it sucks): Det er motbyande, treigt osb. Suga (til seg) pÄ norsk tyder noko anna, jfr. RÞykesug, syg til seg. .
Kaste under bussen: Ofra. Svika nokon. «Kasta til ulvane»,
à vÊre den stÞrre personen: à lata det gÄ, heva seg over det eller venda andre kinnet til.
Jeg kan ikke fÄ stressa dette godt nok: Understreka, kan ikkje fÄ sagt dette tydeleg nok, kan ikkje fÄ sagt dette mange nok gonger.
Ă skrape et forslag: Forkasta, vanda, vraka eit framlegg.
Tenke at, tenke om: Meina, tru, synast, tykkja . Hva tenker du om det? Kva trur/synest du?
Twofaced: Ă vera hyklersk, Ă„ tala med to tunger.
Trigge: Ă gjera nokon sinna, setja noko(n) i gang, mana fram.
Se en lege: Du mÄ gÄ til lÊkjaren.
Det var over toppen: Det var i overkant mykje, vel mykje.
Jeg vil vĂŠre alene: Eg vil vera i fred.
Han drĂžmte om Ă„ bli en fotballstjerne: Atrikkelen en skal bort.
I min bok: Etter mitt syn/slik eg ser det/etter mi vurdering.
Skutt og drept: Qusiling vart skoten pÄ Akershus (ikkje skutt og drept). Vert nokon skoten, dÞyr han, elles vert ein skoten pÄ og sÄra/skadeskoten.
De ristet pÄ hodene sine/deres: Dei rista pÄ hovudet.
I livene vÄre: I livet (til kvar einskild).
SeriĂžs for norsk oppriktig. Er du seriĂžs? PĂ„ norsk tyder seriĂžs hĂžgtidsam, jfr seriĂžs musikk.
Hun vitnet farens dÞd: Var vitne til at/var til stades dÄ ho sÄg at.
La oss kalle det en dag: Skal vi seia oss ferdige? La oss avslutta, ta kvelden.
Mellom en stein og et hardt sted: Millom barken og veden.
Take care. Vi talast/si ses snart eller ta godt vare pÄ deg sjÞlv.
Ha en fin (nice) dag: Ha det bra, ha det fint, adjĂž,
Vi ses/sest (ikkje sjÄast): PÄ gjensyn.