Skal kommunen lukkast i framtida, treng vi levande bygder
Når ein skule blir lagd ned i område med spreidd busetjing, lange avstandar og krevjande vegforhold, svekkjer det ikkje berre tilbodet til dagens elevar – det påverkar òg framtidig tilflytting.
Eg, og fleire som bur i Skare, ønskjer med dette å løfte blikket i skulestruktursaka. Dette handlar ikkje berre om organisering av undervisninga i dag – det handlar òg om kva kommune Ullensvang skal vere i framtida.
Debatten har til tider blitt framstilt som eit spørsmål om kjensler og motstand mot endring.
For oss handlar dette først og fremst om moglegheiter for samfunnsutvikling, busetjing og langsiktig berekraft.
Skulen som berebjelke i lokalsamfunnet
I distrikta er skulen meir enn ein undervisningsarena. Skulen er ein avgjerande faktor for busetjing, rekruttering av barnefamiliar, lokal tilhøyrsle, tryggleik i kvardagen og framtidige skatteinntekter for kommunen. Når ein skule blir lagd ned i område med spreidd busetjing, lange avstandar og krevjande vegforhold, svekkjer det ikkje berre tilbodet til dagens elevar – det påverkar òg framtidig tilflytting.
Det finst både positive og negative sider ved små skular, på same måte som større skular har sine styrkar og utfordringar. At større skular automatisk gir betre kvalitet, er ikkje eintydig dokumentert. Ved Skare skule har vi sett stor verdi i tett oppfølging av borna, trygge læringsmiljø, godt samarbeid mellom heim og skule, og nært samarbeid mellom skulen, lokalmiljøet og frivillige lag og organisasjonar.
Borna har tilgang til skog og natur inne på sjølve skuleområdet, og nyttar nærområdet til ski og aking vinterstid i gymnastikktimane. Skulen er ofte på tur til gapahuken, der elevane lærer å lage mat på bål i mat- og helsetimane. I tillegg har skulen fast turdag om hausten, slik at elevane etter sju år har vore på sju ulike turmål i nærområdet. Elevane blir òg vane med å stå på scena og opptre for både skulen og bygdefolket. Høgdepunktet er bygdekvelden, der dei har øvd inn song, dans og teater. Dette er ein sterk tradisjon i bygda, på lik linje med danseoppvisning i regi av skulen og ungdomslaget på 17. mai.
Kvalitet i skulen blir først og fremst skapt gjennom kompetente lærarar, god leiing og tilstrekkelege ressursar – ikkje nødvendigvis gjennom sentralisering.
Tryggleik og reiseveg må takast på alvor
For Skare er dette særleg relevant. Vi har lange avstandar til sentrum, rasutsette vegar, krevjande vinterforhold, mykje tungtrafikk og høgt press på vegnettet i turistsesongen. Borna ville truleg klart seg fint på skule i Odda, og dei fleste ville nok tilpassa seg reisevegen over tid. Men spørsmålet handlar ikkje berre om kva borna toler – det handlar om kva barnefamiliar vel når dei skal busetje seg. Eg trur mange på sikt ville valt bort Skare dersom nærskulen forsvinn. For dei borna som må skyssast med buss til Odda, vil kvardagen bli lengre, meir belastande og med auka risiko. Dette er ikkje kjensler – det er konkrete forhold knytte til geografi og tryggleik.
Skare barnehage – eit signal om vekst
Barnehagen i Skare har i dag høgare etterspurnad enn på lenge, og manglar kapasitet til alle som ønskjer plass. Dette viser at unge familiar allereie bur her, eller ønskjer å etablere seg i området. Å leggje ned skulen no kan føre til at ein mistar den veksten mange etterlyser.
Bustader, arbeidskraft og framtidsstrategi
I ei undersøking blant utflytta og potensielle tilbakeflyttarar peika fleire på bustadmangel som det største hinderet for å flytte heim – ikkje mangel på arbeid. Etter denne undersøkinga har fleire bustader i Skare skifta eigar, og yngre krefter har kome til bygda. Dette er eit svært positivt signal. Skare, og kommunen, har arbeidsplassar og attraktivitet. Utan skule i Skarebygda trur eg motivasjonen for bustadbygging og tilflytting blir ytterlegare svekt.
Samstundes har vi eit område der det er mogleg å etablere eit bustadfelt med opp mot hundre bustader – eit potensielt stort løft for både bygda og kommunen. Både kommunen og næringslivet ropar etter arbeidskraft, no og i åra som kjem. Har vi ein langsiktig plan? Kva strategi har kommunen for å sikre framtidig busetjing? Aksepterer vi at folketalet minkar, eller ønskjer vi å snu utviklinga?
Ungdommen – framtida vår
Det er kanskje mindre interessant kva vi midt i livet vel å gjere framover, enn kva val vi gir ungdommen vår. Har dei reelle moglegheiter til å etablere seg i kommunen, eller blir dei indirekte pressa til å flytte? Det er positivt at ungdom reiser ut for å studere – det gir erfaring og perspektiv. Men har dei ein stad dei ønskjer å kome tilbake til? Vi må lytte meir til ungdommen og involvere dei i større grad. Det er dei som er framtida vår.
Personleg erfaring og dugnadsgrense
Eg har budd i kommunen sidan eg var seks år, både i Odda og i Skare. Eg er stolt skaring, odding, haring og ullensvangar. Eg trivst svært godt i Skare – med naturen, dei små forholda og tryggleiken. Det er her eg har sett for meg å bu, og det har vore ein god stad for borna mine å vekse opp. Eg har vore aktiv i lokale lag og stilt opp på dugnad for skule og barnehage i mange år.
Men etter kvart har spørsmåla kome: Skal vi måle skulebygningen sjølve? Reparere bassenget? Oppgradere uteområdet – for å halde oppe kommunale tilbod? Då garderobane ved skulen stod for tur, kjende eg at grensa var nådd. Det er tungt å leve med kjensla av at ein stadig må kjempe for det ein har. Det skapar uro – for bygda og for framtida i kommunen.
Ullensvang – ein kommune for alle
Ullensvang er ein kommune med spreidd busetjing og sterke lokalsamfunn. Skal kommunen lukkast i framtida, treng vi levande bygder, lokale oppvekstmiljø og samarbeid mellom sentrum og utkant. Sentralisering kan gi kortsiktige økonomiske gevinstar, men risikoen er svekt busetjing, mindre trivsel og lågare skatteinntekter på sikt.
Eg har stor forståing for dei utfordringane administrasjonen og dei folkevalde står i. Dette er inga enkel sak. Men vi må jobbe for at Ullensvang skal vere ein attraktiv stad å bu – ikkje berre ein fin stad å feriere. Dette handlar ikkje om bygd mot by, men om korleis vi saman kan skape trivsel, tilhøyrsle og framtidstru i heile kommunen.
Eg ønskjer framleis å elske å bu her, og eg håpar vala som blir tekne no, gjer det mogleg også for neste generasjon. Kva eg og mannen min gjer framover, er mindre viktig.
Det er borna våre som er framtida.