Herold

Inviterer til informasjonsmøte om ultraprosessert mat

Plus
Kilde: HF Author: Inga Øygard Jaastad Published: 2026-02-04 12:15:48
Inviterer til informasjonsmøte om ultraprosessert mat

Kinsarvik helselag inviterer til informasjonsmøte om kosthald og helse.

– Har du òg høyrt om ultraprosessert mat, men lurar på kva det eigentleg er, og korleis den påverkar kroppen vår? spør laget.

Lege Geir Sverre Braut skal kome og halde føredrag om ultraprosessert mat, og kor viktig det er å ha eit sunt kosthald og god helse.

Leiar i Kinsarvik helselag, Audny Teigland, fortel at dei lenge har gått med planar om eit arrangement rundt temaet ultraprosessert mat.

– Etter å ha lese om prosjektet i Veisane Barnehage, tok me kontakt med kommuneoverlege Daniela Brühl. Ho var med med ein gong! Ho gav meg namnet på lege Geir Sverre Braut, som har vore involvert i prosjektet ved Veisane, seier Teigland.

Informasjonsmøtet skal haldast i Hauso samfunnshus torsdag 19. februar på kveldstid.

– Det viste seg at Braut skulle til området i februar, og kunne kome innom oss 19. februar, opplyser Teigland, og held fram:

– Eg tenkte me måtte gjere noko for å få folk til å kome. Me tok kontakt med ulike lag og organisasjonar i området. Etter å ha snakka med leiarane i laga, viser det seg at alle saman er like positive til dette!

Det er Kinsarvik helselag, Grimo bygdekvinnelag, Vikebygd og Aga bygdekvinnelag, FAU ved Aga og Utne barnehagar, Vikebygd og Hauso skular og Lothestranda Bygdekvinnelag som er arrangørar av møtet.

Inngangen til arrangementet er gratis.

– Det har vore svært kjekt å jobbe med planlegginga og organiseringa av dette møtet. Me håpar det kjem masse folk! avsluttar leiaren i helselaget.

🏷️ Extracted Entities (12)

Audny Teigland (person) Lege Geir Sverre Braut (person) Aga (entity) Hauso (entity) Kinsarvik (place) Veisane Barnehage (person) Vikebygd (entity) Daniela Brühl (person) FAU (entity) Grimo (entity) Lothestranda Bygdekvinnelag (person) Utne (entity)