Herold

Evanger må bli grendesenter i vest

Plus
Kilde: Hordaland Author: Thomas Akselberg Sæve, Innbyggjar, Evanger Published: 2025-11-28 15:04:30
Evanger må bli grendesenter i vest

Nokre vedtak ser små ut på papiret, men endrar kursen for ein heil oppvekst. Kommuneplanen sin samfunnsdel og ny barnehage- og skulestruktur er akkurat slike vedtak. Dei avgjer kvar det skal satsast, kvar det skal sparast – og kvar det etter kvart blir stille.

Rekkefølgja er avgjerande

I planen for ny skule- og barnehagestruktur er tilrådingane delte inn i tre steg:

Med andre ord: Oppveksttun på Evanger er berre steg éin. Steg tre er allereie definert som ein ny runde der plasseringa av oppveksttunet i vest skal vurderast på nytt og då i lys av senterstrukturen.

Viss heradsstyret først vedtek samfunnsdelen med Bolstad som grendesenter i vest, gjev de administrasjonen eit styringsrammeverk som seier kvar det skal satsast og kvar det ikkje skal satsast. Når ein så kjem til «steg tre», vil det vere nesten umogleg for administrasjonen å lande på noko anna enn at oppveksttunet på «sikt» bør flyttast frå Evanger til Bolstad. Då blir vedtaket om samfunnsdelen eigentleg det verkelege vegvalet, medan resten blir detaljar.

Det er difor eg kjenner lite tryggleik i formuleringa om at Evanger skal ha skule og barnehage «dei neste ti åra». Eg les det meir som: Vi gjer litt no, medan vi ventar på eit styringsdokument som tillet oss å flytte alt ut av bygda di dei neste åra.

Evanger er allereie («grende»)senter i vest

For oss som bur her, kjennest det heilt feil. Evanger er allereie sentrum i vest og har vore det lenge. Her er mellom anna skule, barnehage, brannvesen, kommunale bustader, nærbutikk, kafe, togstasjon, vaskeri, møbelsnikkeri, bønder, bilverkstad og kraftverk som alle gjev arbeidsplassar og bidreg til eit levande bygdeliv. Det er her ungane våre møtest, det er her vi stikk innom butikken og slår av ein prat, det er her dugnadsgjengane samlast.

Å flytte desse funksjonane til Bolstad er som å prøve å leie vatn oppover og det går ikkje: Ikkje utan å pumpe det opp, men det kostar å investere i slik infrastruktur og risikoen er difor stor for at vi til slutt tapar begge stadar.

Økonomien talar for Evanger

Eg skjønar godt at kommunen må tenkje økonomi. Men innsparinga i heile strukturforslaget for skule og barnehage er berre eit par prosent av budsjettet, samstundes som nye bygg må lånefinansierast i ein allereie stram økonomi. Er det verkeleg klokt å starte på nytt ein annan stad, når vi allereie har det meste på plass her?

I tillegg opplever eg at føresetnaden om at barnehage på Bolstad automatisk blir førsteval for oss i vest, ikkje stemmer med kvardagen vår. For dei fleste av oss går pendlinga mot Voss, ikkje mot Bolstad. Når vi først sit i bilen om morgonen, er det mykje meir naturleg å køyre heilt inn til Voss enn å ta ein omveg. Då kan vi i verste fall ende opp med eit nytt tilbod på Bolstad som ikkje får dei barna ein har rekna med – samstundes som vi svekkar det vi har på Evanger.

Og midt oppi dette er det stadig fleire som har heimekontor og fleksible ordningar. For oss gjer det det mogleg å bu og leve godt på bygda – men då må det også vere ein nærskule og barnehage her.

Flaum er ikkje heile svaret

Flaum blir brukt som eit hovudargument for å ikkje satse vidare på Evanger. Flaum er eit reelt omsyn. Eg ser elva og Evangervatnet kvar einaste dag. Men heradet planlegg samtidig vidare utbygging i flaumutsette område på Vangen og andre stader og arbeider der med terrengheving, sikring og tilpassing. Kvifor skal ikkje Evanger få den same sjansen?

Skulen ligg ikkje midt i elva. Med rette tiltak kan vi gjere både han og bygda tryggare. Og skulle det verkeleg gå gale, har vi fleire vegar ut frå Evanger: Klatre over til E16 ved kyrkjemuren, om Bjørgås og Steine, eller via Eksingedalen. På Bolstad finst ikkje dei same alternativa. Som innbyggjar kjenner eg meg faktisk tryggare med desse moglegheitene enn med ei løysing som ser fin ut på kartet, men har færre utvegar når det gjeld.

Tryggleik handlar også om trafikk

Tryggleik er meir enn vassføringa i Vosso. FAU har alt peika på ein vanskeleg trafikksituasjon rundt skulen i dag, og hjartesona som er vedteken, er framleis ikkje gjennomført. Likevel skal vi presse inn fleire yngre barn, fleire tilsette og meir trafikk, utan at problema som alt er der, er løyste. Det gir ikkje tryggleik verken for foreldre eller barn.

Ei tydeleg oppmoding til heradsstyret

For oss som småbarnsfamiliar handlar dette til slutt om eit veldig konkret spørsmål: Kvar skal ungane våre ha kvardagen sin? I ei bygd med nærskule, barnehage, SFO, trygge uteområde og eit levande nærmiljø eller i ein struktur der Evanger gradvis blir tappa for funksjonar fordi planen peikar ein annan veg?

Eg ber heradsstyret om anten å endre samfunnsdelen slik at Evanger blir slått fast som grendesenter i vest, eller å sikre tydelege formuleringar om at skule, barnehage og beredskap på Evanger skal styrkjast, ikkje svekkjast, før det ligg ei realistisk, fullfinansiert og dokumentert betre løysing på bordet.

Dette handlar eigentleg om kjernesaker for alle dei største partia i heradet: levande bygder, desentralisering og ansvarleg økonomi. Her på Evanger har frivilligheit, næringsliv og det offentlege spela på lag i mange år. Det er slik gode lokalsamfunn blir bygde og heldt ved lag.

Eg ynskjer at ungane mine skal få vekse opp i ei bygd heradet vil satse på, ikkje ein stad som blir nedprioritert stykkevis og delt fordi ein plan vart vedteken for raskt. Det sender og eit viktig signal til alle som vurderer å flytte hit, ta seg jobb her og bli ein del av fellesskapet vårt.

No har de sjansen til å gjere gode val for heile struktursaka og for Voss vest sin del: Å velje Evanger som grendesenter i vest.

Fulle hus på Evanger: – Me kan ikkje klaga på salet!

Klar melding til heradet: – Bruk skulebygget til barnehage!

Heradet må ta i bruk skulebygningen på Bolstad til barnehage

Lat oss bløma!

  1. Kort sikt (2026–2027) – oppveksttun på Evanger, samanslåing av barnehagane, dei grepa som kan gjerast raskt.
  2. Lengre sikt (2026–2032) – fleire justeringar og strukturendringar.
  3. Vidare utgreiingar fram mot 2045 – i samanheng med ny senterstruktur.