Herold

Stine sparar 15.000 kroner i året på eitt enkelt grep

Kilde: NRK Author: Marie Staberg Published: 2026-02-04 04:15:32
Stine sparar 15.000 kroner i året på eitt enkelt grep

Då favorittbrødet til familien nærma seg 60 kroner stykket, tok ernæringsrådgjevar Stine Pedersen Svarthe grep. No bakar ho sjølv og sparar fleire tusen kroner kvart einaste år.

Saka oppsumert:

  • Stine Pedersen Svarthe sparar nesten 15.000 kroner i året ved å bake brød sjølv i staden for å kjøpe økologiske brød.
  • Kostnaden for eit heimebakt brød er 18 kroner, mot 59 kroner for eit kjøpebrød.
  • Matprisane har auka kraftig, med ein vekst på 41 % for brød- og kornprodukt dei siste ti åra.
  • Å bake sjølv gir ikkje berre økonomiske fordelar, men også sunnare brød utan tilsetjingsstoff.
  • Prisveksten på mat er historisk høg, påverka av globale faktorar som krigen i Ukraina.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering

– Matprisane går berre opp og opp, og det påverkar kva matval ein tek både i butikken og heime.

Det seier Stine Pedersen Svarthe.

Som dagleg leiar av «Bare bra barnemat» og ernæringsrådgjevar, er ho over gjennomsnittet oppteken av kva familien et.

Men då ho såg kor mykje pengar som forsvann ut av matbudsjettet berre på brød, bestemte ho seg for å rekne på det. Resultatet var nedslåande.

Sparar 15.000 kroner

Familien på fire et omtrent eitt brød om dagen. Tidlegare kjøpte dei ofte økologiske brød til 59 kroner stykket.

Ved å byte ut kjøpebrødet med ei enkel oppskrift på heimebakt brød, kostar kvart brød no berre 18 kroner.

  • Kjøpebrød: 21.535 kroner i året.
  • Heimebakt: 6.570 kroner i året.
  • Total sparing: 14.965 kroner i året.

Spar tusenvis med Stines enkle «over-natta-brød»

Gir: 1 brød eller 9 rundstykke Alder: Kan gjevast frå 6 månadar Allergen: Gluten

Ingrediensar:

  • 4 dl vatn
  • 1 ss surdeigsstartar eller 1 ts gjær viss du langtidshevar
  • 250 g økologisk sammalt spelt eller kveite
  • 250 g økologisk sikta spelt eller kveite
  • 1 ts salt

Slik gjer du:

  • Finn fram ein bolle og rør ut surdeigsstartar eller gjær i kaldt vatn.
  • Bland inn mjøl og salt.
  • Dekk til bollen og lat deigen stå på benken over natta.

Steiking av rundstykke:

  • Bruk ei spiseskei og kladd deigen rett på eit bakepapirkledd steikebrett.
  • Steik på 200 °C varmluft i ca. 15 minutt, til dei er gylne.

Steiking av brød:

  • Hell deigen i ei lita brødform.
  • Steik på 220 °C over- og undervarme i ca. 40 minutt.

Det er ikkje tilfeldig at lommeboka kjennest tynnare.

Prisane har skote i vêret

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at prisen på brød- og kornprodukt har vakse med omtrent 41 prosent dei siste ti åra.

Sjølv om prisauken for brød ligg litt under gjennomsnittet for matvareprisar generelt, har det vore ein historisk stor auke i løpet av dei siste fire åra.

– Det skjedde ein kraftig auke i prisveksten i 2022 i etterkant av fullskalainvasjonen i Ukraina. Det fekk konsekvensar for prisane på mange typar mat, og det gjaldt ikkje berre for Noreg, men også globalt, seier Kristiansen.

Auken gjeld ikkje berre brød- og kornprodukt i Noreg.

Globalt steig prisane på mat med 4,3 prosent i 2025, viser matprisindeksen til FAO.

– På mat generelt, og deriblant kornprodukt, har vi hatt ein prisvekst dei siste fire åra som har vore av ein storleik vi ikkje har sett sidan 80-talet. Det er ein veldig sterk prisvekst i ein historisk samanheng. Det har vi ikkje sett på fleire tiår.

Prisveksten på mat har vore uvanleg kraftig, og det får konsekvensar.

– Eg trur jo dei fleste har merka det på lommeboka at det er annleis å gå i daglegvarebutikken no enn det var for ei stund sidan.

Matprisane for ein gjennomsnittsfamilie har auka med 33 prosent på tre år, ifølge forskningsinstuttet Sifo.

– Forbrukaren har vorte meir fokusert

Også Bodø bakeri har merka prisveksten.

– Det er klart vi har gjort det dei siste åra. Råvareprisane, emballasjen og straumen aukar. Prisen for å lage eit brød er mykje høgare enn den var for tre år sidan, seier dagleg leiar Bjarne Mosås.

– Vi prøver å halde prisane så låge som mogleg, for vi veit at det er dyrt. Vi handlar brød sjølve og merkar det på vår eiga lommebok også.

Mosås trur folk har vorte flinkare til å ete opp heile brødet.

– Brødet blir dyrt, og vi merkar at forbrukaren har vorte meir fokusert. Kvar enkelt forbrukar kjøpar nok færre brød i veka enn tidlegare.

Fleire fordelar med å bake sjølv

Bakar ein sjølv, får ein også eit sunnare brød, ifølgje Svarthe.

– Det er veldig mange fordelar med å bake sjølv, i tillegg til prisen.

– Finn ei oppskrift som du likar og hald deg til den, så kan du eksperimentere med riven gulrot og ulike frø og nøtter etter kvart.

– Det er ofte tilsett ekstra kveitegluten for at brødet skal heve godt, slik at vi får store, luftige brød som held seg godt i butikken og skal opplevast som ferske lenger.

Stine er ikkje åleine om å bake brøda sjølv. Skaug barnehage kutta utgiftene med 70 prosent etter at dei byrja å bake eigne brød.

Ernæringsrådgjevaren oppmodar til å bake eller kjøpe økologisk brød til dei minste barna.

– Når du har fått inn den gode vanen med å bake sjølv, er det lett å kjøpe økologisk mjøl også, så får du mindre sprøytemiddelrestar.

🏷️ Extracted Entities (18)

Stine Pedersen Svarthe (person) Forbrukersaker 📁 (category) Forbrukerøkonomi 📁 (category) Nordland 📁 (category) Personlig økonomi 📁 (category) Tips og idéer 📁 (category) Økonomi 📁 (category) Noreg (entity) Sifo (entity) Ukraina (entity) Bjarne Mosås (person) Bodø (place) FAO (entity) KI (entity) Kristiansen (entity) OpenAI (entity) SSB (entity) Statistisk (entity)

📊 Metadata

Category: Nordland, Økonomi, Personlig økonomi, Forbrukersaker, Forbrukerøkonomi, Tips og idéer