Kaldaste januar på 16 år i Noreg – på Marstein i Rauma har det også vore rekordtørt
Januar blei både kald og tørr mange stader i landet. – I framtida vil det bli færre slike kalde dagar, seier klimaforskar.
Det er strålande skøyteforhold. Det har nesten ikkje snødd. Folk fyrer i peisen som galne. Januar i år har vore ein uvanleg månad, og februar har starta iskaldt.
På målestasjonen Marstein i Rauma i Romsdal har det vore rekordtørt i årets første månad. Her er det berre målt fem millimeter nedbør i januar.
Sidan målaren på Marstein blei sett i drift i 2012, har det aldri vore målt så lite nedbør.
Dette apparatet måler vinden på Marstein. Ikkje langt unna blir nedbøren målt.
Saknar skiføret
Odd Lasse Marstein som bur ikkje langt frå målaren følgjer nøye med på vêret og temperaturane om morgonen. Men ein nedbørsfattig januar gjer at han ikkje får gjere det han kanskje likar best.
– Som pensjonist så likar eg å gå på ski. Men når det ikkje er snø, så får du ikkje gått på ski. Og det er for kaldt til å gå på rulleski.
Odd Lasse Marstein seier januar i år har vore usedvanleg nedbørsfattig
Kaldare enn normalt etter lang varmeperiode
– Vi er jo vande med at det er kaldt. Men at det er så lite nedbør er uvanleg.
Det skriv klimaforskar Jostein Mamen i ei pressemelding.
For første gong på 20 månader enda ein kalendermånad under temperaturnormalen, ifølgje Meteorologisk institutt.
Alle månader i 2025 var varmare enn normalen, medan 2026 starta uvanleg kaldt.
Same vêrtype ser ut til å halde fram inn i februar, ifølgje Meteorologisk institutt.
Kulde frå aust
Årets januar er den kaldaste i Noreg sidan 2010: 4,4 gradar under normalen. Forklaringa på kulda, som råka store delar av Skandinavia, er at månaden var prega av luftmassar frå aust.
– Vi må heilt tilbake til 1976 for å finne ein kaldare januar i Karasjok, seier Mamen.
Fakta om januarvêret
- Avvika varierte frå 9–12 gradar under normalen ved stasjonar i Innlandet, Troms og Finnmark
- Avvika var 0,5–1 grad under normalen ved enkelte kyststasjonar i Nordland og Finnmark.
Kjelde: Meteorologisk institutt
Den lågaste temperaturen denne månaden blei òg målt i Karasjok, med – 41,5 gradar den 11. januar.
Det blei registrert 35 temperaturrekordar for låg månadstemperatur og sju rekordar for minimumstemperatur i landet.
Klimaforskar Jostein Mamen
Vi vil framleis få kalde vintrar
– Kan vi då puste litt lettare og tenkje at klimaendringane no ser ut til å stabilisere seg?
– Nei, den langsiktige klimatrenden viser framleis ein auke i temperaturen. At vi får kalde månader og periodar, betyr ikkje at klimaendringane har stoppa.
Mamen seier at sjølv om vi framleis vil oppleve kalde dagar og kalde vintrar i Noreg, vil dei kome sjeldnare og vere mindre kalde enn før.
Den 9. tørraste januarmånaden
I tillegg til kulda var det òg tørt mange stader i landet. Samla sett fall det 50 prosent mindre nedbør enn normalt.
På Sørlandet, Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg var månaden stort sett «svært tørr», medan januar på Austlandet hovudsakleg var «normal».
– Månaden blei den niande tørraste januarmånaden som er registrert i måleserien som går tilbake til 1901, seier Mamen.
Det blei sett 16 stasjonsrekordar for låg månadsnedbør og éin rekord for døgnnedbør.
Det er snømangel i Kongsberg skisenter. Bildet er tatt i desember i fjor.