Herold

Frp og gjengen prioriterer bort Finnøybrua

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Hanne Notøy og Geir Ove Leite Published: 2026-02-03 09:44:01
Frp og gjengen prioriterer bort Finnøybrua

Arbeiderpartiet prioriterer tunneltryggleik og opprusting av bruer i Møre og Romsdal, og meiner dette er heilt nødvendig for å sikre beredskapen i fylket.

Frp og gjengen prioriterer bort Finnøybrua

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Vi kan ikkje gå på akkord med tryggleiken til innbyggjarane og næringslivet.

Dessverre har ikkje Frp, Høgre, Krf og Venstre, som styrer samferdselspolitikken, den same oppfatninga. Dei kuttar 232 millionar kroner til tunnelsikkerheitstiltak og 90 millionar til nødvendig opprusting av bruer. Konsekvensane av dette vedtaket ser vi no. Når det eine oppslaget etter det andre kjem om at viktige bru- og tunnelprosjekt blir utsett, så gjer administrasjonen i fylket det dei har fått beskjed om frå Frp og gjengen.

Les også:

Arbeiderpartiet er heilt einig med Astrid Finnøy frå Harøya at det er «urovekkende når fylket kutter betydelege summer i prosjektet med ny Finnøybru» og at det burde «ringe en alarm»

Både Arbeiderpartiet og fagfolka i fylket åtvara mot dette før budsjettet blei vedteke i desember. Dessverre tala vi for døve øyre. I både Romsdal Budstikke og Sunnmørsposten peikte vi på kva konsekvensane av kutta ville få. Men Frp og resten av gjengen hadde bestemt seg. Opprusting av bruer er ikkje ei prioritert oppgåve. Konsekvensane av dette vedtaket ser vi no. Finnøybrua, og fleire andre bruer, blir ikkje oppgradert dei næraste åra.

Finnøybrua er heilt avgjerande for tryggleiken til innbyggjarane på Finnøya. Som Astrid Finnøy sjølv seier: Dette handler ikkje om luksus, men om sikkerhet, beredskap og respekt for folk som bor og jobber ute» Skal utviklinga på Finnøya stoppe opp? Tenkte Frp og gjengen på det?

Det som kanskje er mest overraskande i denne saka er at deira eigen ordførar i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand Frp stemte for å kutte Finnøybrua. Det same gjorde varaordførar Jessica Gärtner Høgre frå Harøya. Forstå det den som kan.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (28)

Finnøybrua (entity) Håkon Lykkebø Strand Frp (organization) Arbeiderpartiet 📁 (category) Finnøya 📁 (category) Harøya 📁 (category) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) Romsdal 📁 (category) Ålesund 📁 (category) Arbeiderpartiet 🏷️ (keyword) Finnøya 🏷️ (keyword) Harøya 🏷️ (keyword) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) MENINGER 🏷️ (keyword) Romsdal 🏷️ (keyword) Ålesund 🏷️ (keyword) Astrid Finnøy (person) Finnøya (entity) Harøya (entity) Jessica Gärtner Høgre (person) Romsdal Budstikke (person) Arbeiderpartiet (entity) Krf (entity) Møre (entity) Nordvest (entity) Sunnmørsposten (entity) Venstre (entity) Ålesund (place)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Harøya, Ålesund, Finnøya, Romsdal, Arbeiderpartiet
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Harøya, Ålesund, Finnøya, Romsdal, Arbeiderpartiet