Trafikkuhell i Bygstad
Plus
Klokka 08.19 melde Vest politidistrikt at det har skjedd eit trafikkuhell på Dalsfjordvegen ved Bygstad. Det skal vere snakk om ei påkøyrsle bakfrå.
– Det er ingen personskade. Det er meldt om at det er glatt på staden, og at det har falle ned isklumpar i vegen, opplyser Tore-Andre Brakstad, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Ein av bilane var ikkje køyrbar etter uhellet, og blei henta av bilbergar.
– Det har òg vore ein entreprenør på staden og utbetra slik at vegen er fri for is og anna. Eg vil anta at det hadde rasa ned istappar frå sida og at dette blokkerte delar av vegen, og at det var derfor bilen som blei påkøyrd stod i ro, seier Brakstad.
Politiet opprettar ikkje sak på uhellet.
🏷️ Extracted Entities (4)
Bygstad
(place)
Tore-Andre Brakstad
(organization)
Vest
(entity)
Dalsfjordvegen
(entity)