Kultur i Sunnfjord kommune
Plus
Eg les i Firda at det er planar om å kutte 9,8 millionar og seks årsverk i kultursektoren i Sunnfjord kommune. Eg ser av vedteke årsbudsjett for 2026 at det er forventa utgifter på 65,9 million i sektoren. Samtidig er det forventa inntekter i sektoren på 28,5 million. Inntektene kjem i stor grad frå einingane Kultur og ungdom og Kulturskulen. Kulturskulen har inntekter frå elevbetaling og sal av dirigenttenester til amatørmusikklivet. I tillegg har distriktsmusikarane inntekter for musikartenester og tilskot frå fylkeskommune. Kultur og ungdom har inntekter frå billettsal til kulturarrangement og Kino Førde I tillegg har Kultur og ungdom inntekter frå utleige av lokale, fremst i Førdehuset. Personalet i einingane bidreg til å ta inn dei her inntektene. Om ein kutter ein stilling vil også inntektene minke.
Konsekvensar
Om det skal kuttast stillingar ved Kultur og ungdom og Kulturskulen vil det bety at inntektene vert redusert betrakteleg. Dermed må ein kutte enda fleire stillingar for å oppnå målet om 9,8 millionar i innsparing. Ein slik operasjon vil legge den stolte kulturkommunen daud. Alt som er bygt opp sida Førdehuset blei innvigd i 1976 og Kulturskulen starta opp i 1987 vert rasert. Om kommuneøkonomien betrer seg vil det ta lang tid å bygge dette opp igjen. Tenk på det, politikarar, når de skjermar andre sektorar for kutt.
Symjehallen
Til skulestart i 1975 opna symjehallen i Førdehuset. Den no over 50 år gamle symjehallen har overgått seg sjølv i livslengd, og vi har tidlegare lest at den bør stengast, eller reparerast. Å ikkje ha tilgang til symjehall vil vere øydeleggande for symjeundervisninga i skulen og for symjegruppa i Førde Idrettslag. Derfor bør ein bruke eit minimum av investering for å gjere dei mest nødvendige tiltaka for å kunne halda symjehallen open.
Kulturlova
Det blir ofte vist til «lovpålagde oppgåver» i kommunesektoren. Eg meiner det er viktig å opplyse om at kultursektoren er omfatta av lovverk som dessverre få kjenner til. Eg siterer «Lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova) «:
» § 4. Fylkeskommunens og kommunens oppgåver
Fylkeskommunen og kommunen skal syta for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt.
Fylkeskommunen og kommunen skal ha ei skriftleg oversikt over status og utviklingsbehov på kulturfeltet og fastsetja overordna mål og strategiar for dette feltet i arbeidet med planar etter plan- og bygningslova kapitel 8 og 11. Måla og strategiane bør vera eigna til å møta dei utfordringane som går fram i den skriftlege oversikta.
§ 5. Felles oppgåver
Staten, fylkeskommunen og kommunen skal syta for
a) at kulturlivet har føreseielege utviklingskår
b) å fremja profesjonalitet og kvalitet i kulturtilbodet og leggja til rette for deltaking i kulturaktivitetar
c) at personar, organisasjonar og institusjonar har tilgang til informasjon om ordningar med økonomisk støtte og om andre verkemiddel og tiltak.»
Bøn til politikarane
Eg ber politikarane i Sunnfjord om å verne om kultursektoren sine lovpålagde tenester. Fortsett å lage mål og strategiar for kultursektoren slik loven pålegg dykk! I den alvorlege situasjonen Sunnfjord kommune no står i må sjølvsagt kultursektoren kutte, slik som andre sektorar.
Men – de treng ikkje å rasere alt som er bygd opp gjennom 50 år!
Gigantkuttet mot barn og unge: – Må sjå på realismen i det
Kvar sjuande tilsette kan miste jobben