Arian Engebø skal leie nytt NRK-program
Plus
NRK lanserer P3 Live, eit nytt radioprogram som skal setje liveopplevinga, musikkjournalistikken og artistane i sentrum.
Programmet har premiere måndag og blir sendt på P3 Musikk måndag til torsdag frå klokka 14.00 til 17.00. Programleiar er Arian Engebø, skriv NRK i ei pressemelding.
– Eg håpar publikum oppdagar nye artistar, band og sjangrar dei ikkje visste at dei elskar, seier Engebø.
Kvar tysdag skal P3 Live invitere artistar og band inn i musikkstudioet. Artistane framfører éin eigen låt og éin coverlåt, med oppgåva «ein låt eg skulle ønske var min eigen».
Konsertane går direkte på radio og blir filma samtidig. Klipp frå både låt og intervju blir publisert i NRKs appar og i sosiale medium.
– Dette er ei langsiktig og tydeleg satsing på musikk i NRK, seier musikksjef Mats Borch Bugge.