Dømd for tvangsmedisinering av Inger-Mari Eidsvik, Norsk psykiatrisk foreining fryktar byråkrati
Psykiaterar er uroa for meir byråkrati etter dom om tvangsbehandling. Inger Mari Eidsvik fekk historisk siger i retten.
Det har vore nokre overveldande dagar for Inger-Mari Eidsvik. Ålesundskvinna har fått meldingar, telefonar, gåver på døra og blomar etter at ho fekk delvis medhald då ho gjekk til rettssak mot Staten for tvangsbehandling.
– Eg har sagt heile vegen at å bli behandla slik er feil. Det å bli trudd, særleg oppimot det med tvangsmedisinering er veldig stort for meg, seier Eidsvik.
Dette er første gong i ein norsk domstol at ein pasient har vunne fram i ei slik sak om tvangsbehandling.
Retten meinte det var manglar ved dei formelle vedtaka om å halde henne fast då ho blei medisinert, og at klagene hennar i ettertid ikkje blei tatt alvorleg nok.
Inger-Mari Eidsvik blei psykisk sjuk for første gong i 1988. Ho har ho blitt tvangsmedisinert og isolert ei rekkje gongar.
Trur det blir meir byråkrati
Leiar i Norsk Psykiatrisk foreining, Lars Lien,unner Eidsvik at ho fekk medhald på fleire punkt. Han er samstundes glad for at retten ikkje konkluderte med at tvangsbehandlinga i Noreg generelt er i strid med menneskerettane.
– Det er viktig at det ikkje blei slik at all bruk av tvang rører menneskerettane. For at vi skal kunne utøve god omsorg for pasientane var det kjempeviktig, seier Lien.
Han meiner at bruken av tvang er svært byråkratisert og at legane brukar mykje tid på å skrive tvangsvedtak både på nye og inneliggande pasientar. Dette går utover tida ein har til samtalar og samhandling med pasientane.
Lars Lien er leiar i Norsk psykiatrisk foreining. Han fryktar at dommen fører til meir papirarbeid og mindre tid til pasientane.
Frykta hans er at denne dommen fører til at ein må bruke endå meir tid på journalføring. Han trur også at statsforvaltarane, som skal kontrollere tvangsmedisinering, kjem til å bruke endå lengre tid på å vurdere kvar sak. No etterlyser han eit klarere lovverk.
– Eg ynskjer meg eit lovverk som er tydeleg på kvar grensene går, som kan etterprøvast. At vi ikkje skal bruke all tida vår på å dokumentere, men at vi kan vere tydelege på kva vi gjer, og at det skal vere godt nok, seier Lien.
Tvang i psykiatrien
- Tvungent psykisk helsevern er både tvangsinnlegging og anna bruk av tvang i samband med undersøkingar og behandling av psykiske lidingar.
- Bruk av tvang kan berre skje dersom frivillig psykisk helsevern har blitt prøvd utan å føre fram, eller at det er klart det er nyttelaust å forsøke.
- Pasienten som blir utsett for tvang må ha ei alvorleg sinnsliding.
- Det er også ein føresetnad at pasienten ikkje er samtykkekompetent.
- Ein lege som ikkje er tilknytt sjukehuset til pasienten skal gjere undersøkinga før eit vedtak om tvang kan gjerast.
- Deretter skal ein psykiater eller psykologspesialist på sjukehuset undersøke pasienten og vurdere om vilkåra for tvungent vern er oppfylt.
- Sjukehuset skal sende kopi av vedtaket til Kontrollkommisjonen. Kommisjonen skal vurdere om vilkåra for tvang er oppfylt.
- Pasienten eller pårørande kan klage på vedtaket.
- Det er Statsforvalteren som behandlar klager som gjeld tvangsbehandling med medikament. Kjelde: Lov om psykisk helsevern, Helsenorge og helsedirektoratet
Må grunngi tvang betre
Eidsvik har kjempa i årevis i mange rettssak med eit stort koppel med advokatar og støttespelarar involvert.
Jusprofessor Mads Andenæs ved Universitetet i Oslo er ein av advokatane hennar. Han meiner saka viser pasientgruppa at det er mogleg å vinne fram med sakene sine.
– Vi har all grunn til å tru at dei som arbeider med desse sakene i det psykiatriske helsevernet, vil ta dommen alvorleg. Og dei vil måtte grunngi og vurdere slike tvangsvedtak på ein annan måte enn før. Det er ikkje deira frie faglege skjønn, det er rettslege rammer for kva dei kan gjere, seier Andenæs.
Jusprofessor Mads Andenæs er ein av mange advokatar og støttespelarar som har brukt fritida si på å hjelpe Inger-Mari Eidsvik.
Fire vekers ankefrist
Staten har fire vekers ankefrist og dommen er difor ikkje rettskraftig. Advokatfullmektig hos Regjeringsadvokaten, Vilde Aggvin, seier det difor er for tidleg å dra konklusjonar.
– Det er viktig å framheve at domstolen har konkludert med at norske lovar og reglar er i overeinsstemming med menneskerettane, seier Aggvin.
Eidsvik vart behandla ved sjukehus i Møre og Romsdal. Klinikksjef Ståle Hoff ved klinikk for psykisk helse og rus seier at dei vil gå gjennom dommen før dei kan uttale seg om kva dei må jobbe med for å forbetre arbeidet.
Viktig å dokumentere
Det er 10 år sidan Inger Mari Eidsvik var innlagt sist.
– Dei heldt meg nede, drog ned buksa mi og sette sprøyte. Mi oppleving var at eg låg nedst i ei maurtue. Folk låg oppå meg, minnest Eidsvik frå ein av dei 11 gongane ho var tvangsinnlagt med psykose.
Ho jobbar sjølv i psykiatrien og meiner det er innlysande at det bør brukast tid på å fatte vedtak om tvang.
– Å utsette oss for tvangsbehandling er det mest alvorlege du kan gjere mot eit menneske og det gjer store skader. Då må dei sjølvsagt dokumentere og grunngi kvifor dei gjer det, seier Eidsvik.
Sjølv er ho imot tvangsmedisinering og isolat, og meiner det finst mange andre metoder å prøve i staden.