Herold

Dette er ikkje berre ei nedlegging – det er ein skam

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Ariana Fjærestad, Høyanger Published: 2026-02-02 09:07:21
Dette er ikkje berre ei nedlegging – det er ein skam

Torsdag 29.01 var det styremøte i Helse Førde om nedlegginga av ortopediavdelinga på Lærdal sjukehus. Dette blei dessverre realiteten også. Det er ei skam for helsetilbodet i regionen.

Ja, sjukehuset får andre viktige tilbod, som til dømes behandling av hjartesvikt og lungebehandling. I saka publisert i Sogn Avis torsdag 29. januar kjem det fram at nedlegginga vil kosta rundt 40 arbeidsplassar.

Dette er 40 familiar som eventuelt må flytta vekk på grunn av jobben. Det er vaksne som har etablert et liv i den vesle bygda i Sogn.

Fleire har nemnd at dei ser på dette som starten på slutten av Lærdal sjukehus. Det er slik eg også ser på dette. Sjukehuset i Lærdal er ein verdifull institusjon for bygda, ortopediavdelinga har verkeleg sett Lærdal på kartet. Det kjem folk frå heile landet for å bli behandla av dei dyktige legane og kirurgane i Lærdal.

Mor mi byrja å få problem med kneet i 2013. Ho reiste til Førde Sentralsjukehus og blei feil diagnostisert. Dette førte til ein unødvendig kneoperasjon, med konsekvensar som mamma må leve med resten av livet. Mamma enda med totalt 6 kneoperasjonar, 5 av dei i Lærdal. Den sjette, og siste operasjonen var kneprotese.

Dersom Lærdal sjukehus ikkje kunne behandla mamma, ville ho vore utanfor arbeidslivet. Det er takka vere Lærdal sjukehus at mamma framleis er i jobb, og aktiv deltakar i arbeidslivet.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at feilbehandling kan finnast i alle sjukehus, uansett størrelse. Dess større sjukehus, dess større sjanse for feilbehandling. Dette betyr også lengre behandlingskøar. Lengre behandlingskøar kostar samfunnet ressursar då folk går sjukmeldt lengre.

Med nedlegging av Lærdal sjukehus kan langsiktig bety kroken på døra for heile sjukehuset. Det har store konsekvensar for heile Sogn som region.

Utan eit fungerande sjukehus i nærleiken, vil ikkje folk ha lyst til å bu i bygda. Det er ein tryggleik for eit samfunn å ha eit nærliggjande sjukehus.

🏷️ Extracted Entities (3)

Lærdal (place) Førde Sentralsjukehus (person) Helse Førde (person)