Treng menn for å stoppa vikar-sluket
Plus
– Dei som blir med, ser seg sjeldan tilbake, seier han og lokkar med inntektsauke for dei som blir med.
– Det er jo offentleg sløsing, seier Mads Orheim.
Menn i Helse-koordinatoren snakkar om vikarbruken i Sogn. Gjennom fleire saker på nyåret har Sogn Avis dokumentert dei aukande utbetalingane kommunane i Sogn har til vikarbyrå dei siste åra.
Samstundes har Orheim byrja ein ny rekrutteringsrunde til prosjektet Menn i helse, som gir ein snarveg til fagbrev i helsevesenet for menn.
Han ser tydeleg samanheng mellom utviklinga i kommunane, og målet til prosjektet han er koordinator for i Sogn og Fjordane.
Saka held fram under statistikken.
Smartembed for https://datawrapper.dwcdn.net/9uFgB/1/
– Ser seg ikkje tilbake
Orheim startar med å grunngje sløsing-påstanden.
– Det er offentleg sløsing når kommunane er nøydde til å bruka dyre vikarbyrå når det finst andre løysingar der ute. Har brukt over 4,5 millionar kroner meir på sjukepleiarar frå vikarbyrå Denne kommunen har klart noko mange slit med
Éi av desse løysingane meiner Orheim er å få fleire menn inn i helsevesenet, altså det Menn i helseprosjektet jobbar for.
– Me rekrutterer menn som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet, men som enno har mykje å gje. Kommunane har verkeleg behov arbeidskrafta deira, og deltakarane våre seier at dei ikkje ser seg tilbake.
– Dei spør seg heller kvifor dei ikkje gjorde det før, legg Orheim til.
Rekrutterer no
Prosjektet gir ei intensiv utdanning med kombinasjon mellom praksis og teori.
Teoridelen er leia av Firda vgs, og er samansett av samlingar på Sandane og digital undervisning.
Ny jobb: – Det er mange sterke historier
Løpet blir tilpassa kvar enkelt student, og det er femten plassar.
– Det er heilt fullt i år, men det er enno plass til neste studieår.
– Kvifor er det viktig å bli med no?
– Kommunane skulle hatt desse kreftene i sving i fjor, og behovet blir berre større for dei i åra som kjem. Prognosane går berre ein veg. Helserekrutt Nekstad
Éin fellesnemnar
Det er estimert at samfunnet får ein gevinst på over éin million kroner per deltakar over sju år.
Samstundes får deltakarane ofte ei stor inntektsauke personleg.
– Me rekrutterer folk i alle aldrar. Det er ungdommar som har slutta i skulen, og eldre som er blitt sjukmelde og ikkje kan venda tilbake til sitt gamle yrke, seier Orheim.
– Fellesnemnaren er ofte at det aldri har falt dei inn å byrja i helsetenesta. Etter å ha gått nokre rundar med familie eller vener, blir dei overtydd. Då ser dei seg ikkje tilbake, held han fram.