Herold

Politiet mistenkte ruskøyring, fleire var harde på gassen i Lærdal og ei kvinne stoppa ikkje for UP

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Renate Sæle Published: 2026-02-02 17:10:01
Politiet mistenkte ruskøyring, fleire var harde på gassen i Lærdal og ei kvinne stoppa ikkje for UP

Politiet har hatt litt å halda fingrane i knytt til trafikken dei siste dagane.

I ein kontroll på E16 ved Saltkjelen i Lærdal søndag ettermiddag var det sju førarar som hadde køyrt for fort i 60-sona. Høgste målte fart var 73 km/timen.

– Ein førar fekk også beslaglagt førarkortet. Denne køyrde i 108 kilometer i timen i 70- sona i nærleiken, seier Marit Breistøl, tenestestadleiar for politiet i Årdal, Lærdal og Aurland.

Stoppa ikkje

I løpet av helga har politiet vore på ulike trafikkrelaterte oppdrag. Fredag heldt Statens vegvesen kontroll på Håbakken saman med politiet. Der vart 20 sjåførar sjekka for rus.

– Ingen utslag, seier Breistøl om resultatet.

Denne dagen tok politiet også seg ein tur på ungdomsklubben i Lærdal.

– Der var det god stemning, seier Breistøl.

Litt over klokka 22 fredag vart det meldt om ei trafikkulukke i Holesvingane mellom Borlaug og Hemsedalsfjellet. Her rykte ikkje politiet ut, men dei to involverte personane vart sjekka av helse på staden.

Natt til søndag var UP på farten på Kaupanger. Ein annan patrulje vart kalla ut då ein bil ikkje stansa for UP.

– Det viste seg at det var ei eldre kvinne som trudde det var ein ambulanse som skulle forbi, seier Breistøl.

Politiet fekk altså kontakt med kvinna, men hendinga får ikkje vidare konsekvensar for henne.

Mistanke om rus

UP stoppa ein sjåfør i Luster grunna mistanke om ruskøyring i helga.

– Sjåføren vart teken med til blodprøve. Det er ikkje gjort beslag i førarkort, seier Breistøl.

I Flåm var det ein situasjon som førte til at politiet rykte ut søndag. Ein turist slo seg vrang og var kranglete ved turistinformasjonen.

– Det hadde oppstått misforståingar og misnøye knytt til billettar, seier Breistøl.

Mannen skulle til Bergen og fekk beskjed om å oppføra seg.

🏷️ Extracted Entities (16)

Lærdal (place) Marit Breistøl (person) UP (entity) Aurland (place) Bergen (entity) Borlaug (entity) E16 (entity) Flåm (entity) Hemsedalsfjellet (entity) Holesvingane (entity) Håbakken (entity) Kaupanger (entity) Luster (entity) Saltkjelen (entity) Statens (entity) Årdal (place)