Gjøkungen Førde Sentralsjukehus og diltestyret i Helse Førde
Plus
Førde Sentralsjukehus står som eit symbol på sentraliseringa i helsesektoren i Sogn og Fjordane, men for mange av oss er det meir som ein gjøkunge i reiret. Bygginga av dette sjukehuset, som vart vedteke av regjeringa Bratteli i 1971 og teke i bruk i 1979, har over tid ført til ei systematisk nedbygging og nedlegging av dei gamle, velfungerande lokalsjukehusa i i det gamle fylket.
Det som skulle vere eit styrkjande tilbod for heile det gamle fylket, har i staden blitt ein parasitt som sug krafta ut av dei andre, og på sikt truar med å leggje dei heilt ned.
La oss sjå på historia. Før Førde kom på banen, hadde Sogn og Fjordane fire solide lokalsjukehus: Florø sjukehus, som var fylkessjukehuset frå 1933 og bygd på tradisjonar heilt attende til 1800-talet; Nordfjord sjukehus på Eid (Nordfjordeid), som oppstod på 1930-talet og vart fylkessjukehus kring 1950; Lærdal sjukehus, som òg vart etablert på same tid og utvikla seg til eit viktig senter for indre Sogn; og Høyanger sjukehus, som kompletterte tilbodet. Desse sjukehusa dekka behovet lokalt, med nærleik til folk og tilpassa tenester. Men i 1971 kom den kongelege resolusjonen som prioriterte Førde, og frå då av starta nedtrappinga.
Konsekvensane har vore dramatiske. Florø sjukehus vart først integrert i sentralsjukehuset i 1995, men i 2003 vedtok styret i Helse Førde å leggje det ned i si noverande form. No står bygningane der som eit tomt skal, og kystfolket har mista sitt nære helsetilbod.
I Nordfjord og Lærdal har det vore ein gradvis nedbygging: I 2003 vart den velfungerande fødeavdelinga ved Lærdal Sjukehus lagt ned og omgjort til ei forsterka fødestova. I 2005 vart akuttkirurgien fjerna ved Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus.
I 2010 kom vedtaket om å leggje ned føde- og ortopeditilbodet i same områda. Tronvik vart lagt ned i 2024 og aktiviteten flytta til Førde. Fullstendig nedlegging av ortopedien vart ikkje gjennomført før i januar 2026, for Lærdal sjukehus sin del og sjukehuset vil mista all kompetanse og 40 tilsette til Gjøkungen Førde Sentralsjukehus. Dette har ført til og vil føre til, etter kvart som nedleggingane blir gjennomført lengre reisevegar, meir usikker akutthjelp og ein følelse av at distrikta blir ofra for sentraliseringa.
Gjøkungen-metaforen passar perfekt: Førde Sentralsjukehus veks seg stor på bekostning av dei andre. Med stadige kutt og omorganiseringar i Helse Førde, som har vore pålagt å spare millionar, er det klart at dei gjenværande lokalsjukehusa vil bli nedlagt på sikt. Funksjonar blir flytta til Førde, og distrikta i det gamle fylket taper. Dette er ikkje berre eit tap av helsetenester, men òg av arbeidsplassar og liv i bygdene. Kor lenge skal vi tole at ein gjøkunge driv dei andre ut av reiret med styret sin velsigning?
I sin strategiplanen i 2018 vedtok styret i Helse Førde å byggje ut sentralsjukehuset for 1,8 milliardar. Dette sjukehuset som vart etablert på 70-talet og hadde ein ide om å bli sjukehus for heile det gamle fylket, og som hadde ingen tilsette den gang, er i dag ein gigant med over 2000 tilsette og er den klart største arbeidsplassen i Førde kommune og det gamle fylket.
For bygdene utan naudsynt helsetilbod vil det vil vere eit slit for næringslivet å skaffe seg arbeidskraft. Buattraktiviteten søkk. Den negative spiralen for dei som vil satse å utvikle noko i bygdene blir akselererande med slik sentraliseringspolitikk. Tryggleiken forsvinn.
Og kvar er styret i heseforetaket sin rolle i denne politikken? Ved ein kort gjennomgang ser ein at 2021 har styret stort sett hatt samrøystes vedtak og det er ingen idear om ein annan politikk. Så dette styret er eit diltestyre og ein nyttig idiot for sentraliseringsiveren innan i det gamle Sogn og Fjordane utan motargument.
Ein treng ikkje vere rakettforsker for å sjå denne politikken vil føre til fullstendig nedlegging av både Nordfjord og Lærdal sjukehus, og dessutan Nordfjord Psykatrisenter og Rutlin i Sogndal på sikt. Alt blir plassert i Førde.
Kanskje skit Gjøkungen Førde Sentralsjukehus i sitt eige reir til slutt med denne politikken. Lojaliteten til Førde Sentralsjukehus og det gamle fylket vil søkke, Nye kommunikasjonar og betra ferdselsårer både nord og sør for Fjordane vil kanskje utvikle andre alternativ med både betre og med kortare veg. Det naturlege omlandet for Førde Sentralsjukehus vil søkke. Det gigantiske sentralsjukehuset vil bli lokalsjukehus. 2000 arbeidsplassar i Førde er kanskje ikkje så sikre lenger.
Vi må krevje ein revurdering av denne politikken. Storting og regjering må gripe inn saman for å behalde lokalsjukehusa – dei er livlina vår!
🔗 Published by 2 sources - Compare: