Feil bruk av smertestillande kan gi meir hovudverk: – Stort problem
Andreas Kattem Husøy
Les også
Norsk forskning: – Kan endre måten migrene behandles på i hele verden
Samfunnsproblem
Les også
Kolesterolsenkende medisiner kan virke mot migrene
Risiko for meir hovudpine
Les også
Cathrine ble labrotte og fikk livet tilbake
Utan rett diagnose
Aud Nome Dueland
Når bør du gå til lege?
Kristin (38) har «selvmordshodepine», men får ikke godkjent behandling
Folk i heile verda plagast med hovudpine. Over 1 av 3 av oss er ramma av det, og kvinner er dobbelt så utsette som menn.
Og feil bruk av smertestillande er ein viktig grunn til dette.
– Medikamentoverforbrukshovudpine er eit stort problem, seier Andreas Kattem Husøy.
Husøy har leidd eit stort internasjonalt prosjekt. Teamet har sett på data om hovudpine hos nesten 10 millionar menneske frå heile verda.
Resultatet er publisert i Lancet Neurology.
Hovudpine er den sjette viktigaste årsaka til helsetap i verda, og rammar nesten 3 milliardar menneske.
Helsetap er eit omgrep som måler den totale negative effekten av sjukdom, skade, tap av funksjon og livskvalitet.
Det totale helsetapet på grunn av hovudpine er veldig høgt på samfunnsnivå.
Les om når du bør gå til lege på grunn av hovudpine lenger ned i saka.
Den nye studien tar for seg tre typar hovudpine: Migrene, spenningshovudpine og hovudpine på grunn av overforbruk av smertestillande medikament.
Om ein tar for mykje smertestillande, som Paracet og Ibux, kan det forverre problemet.
Hovudpina kan komme oftare og bli kronisk.
– Tar du smertestillande som Paracet og Ibux, kan det verke godt mot akutt hovudpine, men det er viktig å ikkje bruke det i meir enn 14 dagar i løpet av ein månad.
Det som så fint blir kalla medikamentoverforbrukshovudpine, utgjer ein femdel av helsetapet på grunn av hovudpine, viser forskinga.
Reseptfrie smertestillande middel kan vere nyttig mot hovudverk, men bør ikkje brukast for ofte.
Dei som har denne hovudpina, kjenner ofte på den kvar dag. Mange beskriv den som ei dump smerte. I tillegg har dei ofte dårleg søvn, kvalme og trøyttleik.
Medisinane hjelper lite, men kjennest nødvendige for å unngå å forverre symptoma.
Husøy understrekar at faren for medikamentoverforbrukshovudpine berre gjeld dei som allereie har ein hovudpinetilstand, som oftast migrene, og bruker smertestillande mot det. Det gjeld ikkje dei som bruker medisinane av andre grunnar.
Medisinar som triptaner eller morfin, som er sterkare middel mot smerte, kan gi overforbrukshovudpine enda raskare. Desse medisinane skal helst ikkje brukast meir enn ni dagar i løpet av ein månad.
– Det finst fleire medisinar som verkar førebyggande mot migrene, og det finst også nokon mot spenningshovudpine, fortel Husøy.
Førebyggande medisin verkar på ein annan måte, og skal gjerne takast kvar dag.
Desse medisinane utgjer ingen risiko for medikamentoverforbrukshovudpine.
Aud Nome Dueland har behandla folk med hovudpine i 25 år. Ho seier den nye studien bekreftar mykje av det ho sjølv har erfart.
Særleg når det gjeld migrene.
– Denne studien viser at det er ti gonger så alvorleg å ha migrene samanlikna med spenningshovudpine, seier ho.
Nevrologen forklarer at migrene er mykje meir enn berre hovudpine. Symptom som kjem i tillegg kan vere kvalme, oppkast, lyd- og lysskyheit, utmatting, angst og depresjon.
Det gjer migrene mykje vanskelegare å leve med.
– Det er veldig viktig med rett diagnose tidleg, både for kvar enkelt og for samfunnet.
Duelands erfaring er at dette særleg rammar kvinner i den alderen der dei skal skaffe seg utdanning, karriere og familie. Mange blir uføre på grunn av hovudpine.
Dersom du i meir enn tre månader har tatt smertestillande mot hovudpine meir enn to dagar i veka, risikerer du å få medikamentoverforbrukshovudpine.
– Om du ofte har hovudpine, og det påverkar korleis du fungerer i dagleglivet, bør du gå til lege, seier Dueland.
– Erfaringa mi er at rett diagnose og rett medisin til rett tid, kan føre til at fleire kan få eit betre liv.
Noreg er på verdstoppen i registrert hovudpine.
Andreas Kattem Husøy meiner grunnen til dette er at vi har eit meir robust datamateriale enn dei fleste andre land.
Studien viser at talet på folk som har hovudpine ikkje har auka dei siste 30 åra, men at det er behov for betre behandling verda over.
- Andreas Kattem Husøyer postdoktor ved Norsk senter for hodepineforskning, NorHeadlege ved nevrologisk avdeling ved St. Olavs hospital
- er postdoktor ved Norsk senter for hodepineforskning, NorHead
lege ved nevrologisk avdeling ved St. Olavs hospital
er postdoktor ved Norsk senter for hodepineforskning, NorHead
lege ved nevrologisk avdeling ved St. Olavs hospital
Aud Nome DuelandNevrolog og har behandla pasientar med hovudpine i 25 årNestleiar i Hjernerådet
- Nevrolog og har behandla pasientar med hovudpine i 25 år
- Nestleiar i Hjernerådet