Herold

Brystkreft: Oppdaga fleire svulstar da KI hjelpte til

Kilde: NRK Author: Sverre Lilleeng Published: 2026-02-01 15:46:31
Brystkreft: Oppdaga fleire svulstar da KI hjelpte til

­

Nesten 1,3 millionar norske kvinner har vore gjennom Mammografi­programmet. PÄ 30 Är har over 30.000 tilfelle av brystkreft blitt oppdaga gjennom undersÞkingane.

Men nÄ kan hjelp frÄ ny teknologi gjere testinga bÄde betre, og meir effektiv.

Det viser ein studie pÄ 100.000 svenske kvinner som er publisert i tidsskriftet The Lancet.

Dette er ei maskin som blir brukt til mammografi.

Oppdaga meir kreft

– Studien er eit kjempeviktig fþrste steg, seier leiaren for det norske Mammografiprogrammet.

Solveig Hofvind har jobba med masseundersÞkinga for brystkreft sia starten i 1995. Ho har ogsÄ vore med pÄ arbeidet med forskinga i Sverige.

Samanfatta viser studien at nÄr radiologane fekk hjelp av KI blei det oppdaga meir kreft, og fleire svulstar blei oppdaga tidleg.

– KI hjelper oss til Ă„ finne fleire cancere, seier Hofvind.

Ho understrekar at dette er eit resultat av fyste gong dei brukar den nye metoden, og at dei enno ikkje veit om dei vil oppdaga fleire i dei screeningrundane som kjem.

Solveig Hofvind er leiar for Mammografiprogrammet og professor i radiografi.

Det blei heller ikkje oppdaga fleire «falske» krefttilfelle. Det er viktig for Ä unngÄ at folk mÄ gjennom unÞdvendige testar og operasjonar.

Samtidig gjekk arbeidsmengda for radiologane ned.

Men det er ikkje nĂždvendigvis heilt uproblematisk.

Dette blei gjort i den svenske studien

I gruppa som fekk standard oppfÞlging var det to radiologar som uavhengig av kvarandre tolka bilda, utan hjelp frÄ noko dataprogram.

Dette er sÄnn bÄde det norske og svenske mammografiprogrammet gjer det i dag.

I den andre gruppa blei bilda frÄ mammografien fÞrst analyserte av KI-systemet Transpara. Systemet gav kvar undersÞking ein risikoskÄr frÄ 1 til 10. I tillegg markerte KI mistenkelege omrÄde pÄ bilda.

Dei bilda som hadde lÄg og middels risiko blei sende til sjekk hos éin radiolog.

Bilda som KI vurderte til Ă„ ha hĂžg risiko blei seint til dobbelsjekk hos to radiologar.

(Kilde: The Lancet)

Kan fĂžre til manglande erfaring

I Sverige fekk radiologane hjelp frÄ KI heile vegen.

– Det kan jo ogsĂ„ gjere at radiologane blir veldig avhengige og trur meir pĂ„ KI enn pĂ„ seg sjĂžlv etter kvart, seier Hofvind.

I tillegg var det berre dei erfarne radiologane som fekk lov til Ä tyde bilda som KI hadde gÄtt gjennom.

– Vi kjem alltid til Ă„ trenge radiologar. Men om vi berre skal bruke dei erfarne, sĂ„ kan jo ikkje dei uerfarne bli erfarne.

Det prÞver Hofvind Ä lÞyse i ein studie som gÄr fÞre seg her i Noreg.

Der fÄr ikkje legane sjÄ resultata som KI kjem fram til fÞr etter at fagfolka har gjort si eiga vurdering.

– Det gjer at vi testar den verkelege verdien av KI, seier Hofvind.

SÄnn fungerer mammografiprogrammet i dag

Kvinner mellom 50 og 69 Är blir annakvart Är inviterte til rÞntgenundersÞking av brysta.

SjÞlve undersÞkinga er gjort i lÞpet av fÄ minutt.

EtterpÄ blir sendt dei fire bilda som er tatte til to ulike radiologar.

Legane set ein skÄr pÄ kvart bilde, frÄ 1 til 5, der 1 er heilt «friskt».

Viss eit av bilda blir skÄra med to eller hÞgare, blir bilda undersÞkte nÞyare i noko som heiter eit konsensusmÞte. Der blir bilda granska av to eller fleire radiologar som saman avgjer om kvinna treng Ä komme inn til ei tilleggsundersÞking.

(Kilde: Solveig Hofvind)

Kor mykje kan ein eigentleg spare?

I dag blir det berre brukt sju heile stillingar pÄ Ä gÄ gjennom alle dei 250.000 mammografiane som blir tekne kvart Är i Noreg.

– Om eg skal vere den positive som vil ha inn KI fort, sĂ„ kan eg seie at det er fantastisk med KI. Vi kan halvere tydetida til radiologane, seier Hofvind.

Men det er ikkje sÄnn at det betyr at det trengst halvparten sÄ mange radiologar, viser forsking blei publisert tidlegare i Är. Det tar nemleg ein radiolog berre rundt eit minutt pÄ Ä vurdere om mammografibilda viser teikn til kreft eller ikkje.

Og sjĂžlv med KI er det alltid to menneske involverte i vurderinga av dei vanskelegaste tilfella.

– Det er noko Ă„ spare pĂ„ radiologressursar, men det er ikkje der hovudgevinsten ligg. Det er i betre kvalitet, seier Hofvind.

Jobbar med liknande lĂžysing for menn

Ved NTNU i Trondheim har dei laga eit KI-verktĂžy som kan hjelpe legar som jobbar med Ă„ avdekke prostatakreft.

Halvparten av alle norske menn over 60 har kreft i prostata, den valnĂžttstore kjertelen som ligg rundt urinrĂžyret. Mange av dei har ikkje noko behov for behandling.

Men dei siste Ära har det blitt meir vanleg for menn Ä ta ei blodprÞve som kan vise teikn til kreft. Det har fÞrt til at fleire menn blir sende til MR, og meir jobb for legane.

NTNU har laga eit kunstig intelligent verktĂžy som kan hjelpe legane med Ă„ tolke MR-bilda av prostata. PROVIZ er forelĂžpig berre tilgjengeleg som del av forskingsprosjektet, men det blir hardt jobba med Ă„ sĂžke patent og gjere verktĂžyet kommersielt tilgjengeleg.

– Å lage eit verktĂžy som kan hjelpe radiologen Ă„ tolke bilda, kan kanskje ta vekk ei arbeidsbyrde, sĂ„nn at dei fĂ„r betre tid til dei vanskelegaste undersĂžkingane.

Det seier professor Tone Frost Bathen. Ho seier at forelĂžpige funn viser at dei oppdagar like mange krefttilfelle med KI-hjelp, som det menneske gjer.

Tone Frost Bathen er professor ved Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk.

– I praksis fungerer det sĂ„nn at KI-verktĂžyet les bilda. SĂ„ kjem det ut eit kart som viser kor i prostata det mest sannsynleg finst aggressiv kreft. Dersom det er kreft der blir ein biopsi tatt sĂ„nn at pasienten fĂ„r best mogleg vidare oppfĂžlging og avgjerd om behandling eller ikkje.

I tillegg ser det ut til at dei med KI, som i den svenske forskinga pÄ brystkreft, finn fÊrre falske krefttilfelle.

– Dette er viktig for at vi skal unngĂ„ overdiagnostikk og overbehandling.

FĂžrste del utan menneske

Solveig Hofvind i Mammografiprogrammet trur at det pÄ sikt vil bli mogleg at KI tar over heile den fÞrste delen av kreftscreeninga.

Ho har vore med pÄ Ä teste fire ulike KI-modellar pÄ same undersÞking, der dei har markert ut kor pÄ bilda dei finn teikn til kreft.

– Om vi ser at den markeringa er pĂ„ nĂžyaktig same stad pĂ„ to modellar, kvifor skal da radiologen lese bilda, spĂžr ho retorisk.

Da kan kanskje datamaskina ta seg av utveljinga av kva tilfelle som blir sende til mĂžtet der legane vurderer kva som skal gjerast.

– Da begynner vi Ă„ snakke om innsparingar.

Til sÄ lenge mÄ det minst vere ein radiolog involvert i screeninga.

đŸ·ïž Extracted Entities (17)

KI (entity) Solveig Hofvind (person) Forskning og vitenskap 📁 (category) Helse og livsstil 📁 (category) Kreft 📁 (category) Kvinnehelse 📁 (category) Mammografiprogrammet (entity) MR (entity) Noreg (entity) Sverige (entity) The Lancet (person) Tone Frost Bathen (person) Institutt (place) KI-systemet Transpara (organization) Lancet02464-X/abstract (entity) Mammografi­programmet (entity) Trondheim (place)

📊 Metadata

Category: Helse og livsstil, Kvinnehelse, Forskning og vitenskap, Kreft