Arne Martin inviterer til noko nytt: – Skil seg litt ut
Arne Martin Guddal Husby og galleriet Landleg i Rosendal inviterer til si første separatutstilling.
Landleg blei opna sommaren 2025. Laurdag 7. februar inviterer dei til separatutstilling.
Dette blir første gong for det nye galleriet. På opninga stiller dei med både giveaway, aktivitetar, musikk og bobler.
– På mange måtar blir det ein klassisk vernissasje med bobler, musikk og introduksjon av kunstnaren. Det som skil seg litt ut er at det blir ein liten trykkstasjon der folk kan laga seg sine eiga stempel eller bilde, seier Guddal Husby til Kvinnheringen.
Bergenskunstnaren Trine Sejrup / Sorry skal vera hovudutstillar på utstillinga som har fått namnet «Mixed Feelings».
Kunst er subjektivt
Trine Sejrup er ein ung, aktiv kunstnar frå Bergen. Eit av utgangspunkta for utstillinga er at kunst er subjektivt, og kan nytast som ein sjølv vil.
«Utstillinga heiter Mixed Feelings, eit spel både på mi eiga tilnærming til kunst og kor mykje kjensler ho vekkjer, og på det eg har fått høyre at mange opplever når dei skal på utstilling – blanda kjensler..»
Det seier kunstnaren sjølv om utstillinga i ein pressemelding frå Landleg.
Guddal Husby håpar folk kjem innom galleriet, som held til i Rosendal sentrum.
– Om ikkje anna er det eit varmt lokale på ein kald vinterdag, avsluttar han med ein liten latter.