Samlar bønder til fagdag: – Har alt 20 påmelde
Det handlar mest om vatn i elvar og bekkar når landbrukskontoret inviterer til fagdag måndag 2. februar.
Landbrukskontoret har fleire møte på gang for bønder på nyåret. Måndag er første sprett i år, med Bonden og vatnet, som går føre seg i Kvinnherad rådhus i Rosendal måndag.
Bonden og vatnet er ein fagdag kommunen skipar til i samarbeid med Vestland fylkeskommune og Sunnhordland vassområde. Sistnemnde er eit samarbeidsorgan for ni kommunar, statsforvaltar og fylkeskommune, og felles mål er at vassdraga, grunnvatnet og fjordane i vassområdet skal forvaltast på ein slik måte at miljømåla for vassførekomstane blir nådd.
Fagdagen er gratis, og Løvfall fortel at det er lagt opp med tanke på å vera ein lærerik dag med ulike tema knytt til landbruksnæringa og påverknad av vassmiljøet. Døme er den nye gjødselforskrifta, kantvegetasjon, biorest, landbruksplast og tilskotsmidlar. Sjølvsagt med lunsj med høve til prat.
– Korleis er påmeldinga?
– Vi har alt 20 påmelde og det synest vi er bra, sa Løvfall torsdag.
Sunnhordland vassområde har 548 vassførekomstar fordelt slik: Kyst 42, grunnvatn 9, innsjø 121 og elv 376.
«For dei 452 naturlege vassførekomstane oppnår 38 % ikkje miljømålet. Når det gjeld dei 87 sterkt modifiserte vassførekomstane er det berre 11,5 % som når miljømålet, men det bør nemnast at kunnskapsgrunnlaget har låg presisjon,» er det opplyst i Prosjektplan for Sunnhordland vassområde 2022–2027.