Den eigentlege grunnen
Igjen er innsynskrav omtala i avisene, og igjen er det mengda innsynskrav som er det problematiserte hovudinnhaldet. Under overskrifta pÄ Firdaposten sin Facebook-side stÄr det:
«MÄndag skal Kjell & Co finne ut kva dei skal gjere med innsynsjegerane».
Kjell & Co er Kjell Heggen og kommunens kontrollutval, og «Innsynsjegarane», som har skulda for innsynsmengda er m.a. underteikna.
Ein kan lett oppfatte det som at innsynsjegerane, og dei etter kvart mange hundre innsynskrava har blitt eit problem for kommunen, sÄ no mÄ Kjell & Co gjere noko.
Innsyn oppstĂ„r ikkje tilfeldig. Det er ikkje slik at folk ber om innsyn fordi dei sit heime og kjedar seg. Innsyn oppstĂ„r nĂ„r prosessar og pengebruk framstĂ„r som uklĂ„re eller i strid med lover og reglar. NĂ„r dette gjentek seg over tid og blir eit mĂžnster, vil ĂČg talet pĂ„ innsynskrav auke.
Dette er ei heilt normal demokratisk kontroll.
I Kinn visast dette mÞnsteret fram pÄ fleire mÄtar. Det er eit attkjennande mÞnster der kompetanse ikkje framstÄr som avgjerande nÄr kommunale leiarstillingar blir tilsett. Der stillingar blir skapte, og personar fyller offentlege stillingar utan offentleg utlysing. Der mellombels lÞysingar blir varige.
Slike forhold skaper reell mistanke om skreddarsying og kameraderi, og dermed behov for innsyn.
Det same gjeld pengebruk. NÄr lokalpolitikarar mottar svÊrt hÞge belÞp i tapt arbeidsforteneste, er det legitimt Ä be om dokumentasjon. NÄr politiske utval viker frÄ kommunens eigne retningslinjer, som dÄ kunstbudsjettet ved Albertatunet blei redusert til 0,2 prosent av byggekostnaden, bÞr dette tole Ä bli undersÞkt.
Og nÄr sentrale politikarar samstundes har roller i prosjekt som mottar betydelege kommunale midlar, er innsyn eit minimumskrav for Ä sikre tillit og habilitet.
NÄr eit, etter mitt syn, berÞringsveggrande kommunestyre overprÞvde sitt eige kontrollorgan ved Ä stemme nei til forvaltningsrevisjon av sitt eige fÞretak, og elles fortsette si kritikkverdige habilitetspraksis, legg dei samstundes til rette for auka skepsis blant sine veljarar.
Og nÄr ein kommunalsjef tek avgjerder som i praksis inneber at delar av befolkninga i Þyane nektast helsehjelp i heimen, er det openbert at dette mÄ undersÞkast grundig og motgÄast. Nokre mÄ gjere det.
Eit resultat av at eg har fortalt desse historiene, er at folk tek kontakt. Ukjende folk som ĂČg har sine historier Ă„ fortelje, og det frĂ„ «innsida».
Eg sat og lytta til ein kommunepolitikar i 40 minutt. Han hadde berre deltatt pÄ eitt kommunestyremÞte, for han kjende han berre kasta bort tida. Nemningar som korrupsjon og fryktkultur har vore nemnt. Om at «alle veit noko, men ingen gjer noko». NÄr tilsette og innbyggjarar opplever at det er risikabelt Ä seie ifrÄ, blir innsyn faktisk det einaste reelle verkemiddelet som stÄr att.
NÄr resultatet av mine saklege spÞrsmÄl og innsynskrav til kommunen er det eg opplever som spydige og uprofesjonelle svar frÄ saksbehandling, og at kommunedirektÞren offentleg karakteriserer dette som personangrep, er det etter mitt syn endÄ stÞrre grunn til Ä gÄ grundigare inn i materien.
Kva om vi snur problemstillinga?
Hadde kommunen klart Ă„ tilsette sine leiarar utan at det utlĂžyser reell mistanke om skreddarsying og kameraderi, hadde den spart seg sjĂžlv for mange innsynskrav.
Hadde kommunen klart den enkle oppgÄva det er Ä lage mat til sine eldre innbyggjarar, hadde den spart seg bÄde for ei mengd innsyn og for millionar av skattekroner.
Hadde kommunen hatt ei aktiv mĂžteleiing i kommunestyret som sikra ryddige prosessar og etterprĂžvbare vedtak, hadde ĂČg behovet for innsyn vore langt mindre. Men vi er ikkje der enno, pĂ„ langt nĂŠr.
NÄr det er sagt: initiativet til Ä styrkje kompetansen i dokumentsenteret er berre positivt. Openheit og orden er noko bÄde administrasjon og politikarar er tent med.
Om kommunen Ăžnskjer fĂŠrre innsynskrav, finst det ingen snarveg.
DÄ mÄ den rydde opp i praksis, styrkje dokumentasjonen og gjenopprette tilliten. à rette sÞkelyset mot dei som ber om innsyn, er Ä angripe symptomet og ikkje Ärsaka.