Kraftig husbrann - brukte timar på å få kontroll på flammane
Brannvesenet jobba i over tre timar for å få kontroll på ein husbrann i Arendal laurdag kveld.
Saka oppsummert:
- Brannvesenet jobba i over tre timar for å få kontroll på ein husbrann i Arendal laurdag kveld.
- Politiet stadfesta tidleg at det ikkje var folk i huset, og huseigar var varsla.
- Stensåsveien vart stengd for trafikk medan sløkkinga pågjekk.
- Brannen var under kontroll rundt klokka 23, og det var ingen fare for spreiing til andre bygg.
- Ingen personar vart skada i brannen.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Naudetatane vart varsla om brannen like før klokka 19:30 laurdag kveld.
Då hadde politiet allereie slått fast at det ikkje var folk inne i huset. Dei hadde fått kontakt med huseigar.
Ved 20-tida opplyste Agder-politiet at det var opne flammar i huset, og at brannvesenet jobba med å sløkke brannen.
Stensåsveienvar stengd som følgje av brannen. Årsaka var at det ikkje var mogleg for trafikk å passere så lenge brannvesenet jobba på staden.
– Vi jobbar no med ytre sløkking og har førebels ikke kontroll på brannen, seier vaktleiar i brannvesenet Anders Torbjørnsen til Agderposten.
Like før klokka 23 melde brannvesenet at dei hadde kontroll på brannen.
– Dei hold på med ettersløkking. Det blussar litt opp her og der, men dei har full kontroll på staden, sa han til avisa.
Det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg til andre bygg.