«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er vel heilt utenkjeleg utan nynorsk tale?!
Dei fleste tenkjer nok på nynorsk som skriftspråk, med dialektane som skriftgrunnlag.
Språkspalta: Nynorsk som talemål – før og no
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Nynorsk normaltalemål er like fullt ein realitet og har vore der i meir enn hundre år. Dei fleste vil truleg tenkje på nyheitsopplesarar/nyhendeanker som Ingvild Bryn og Arill Riise m.fl. Elles er det på teaterscena nynorsk blir bruka og framom alt på Det Norske Teatret. Vidare er det meir i formelle samanhengar me ser - eller rettare – høyrer normert tale eller tilnærma normalmål. Tidlegare var det ikkje uvanleg blant lærarar og stortingsfolk, og framleis ser prestar og biskopar seg tente med normaltalemål.
Den sterke dialektreisinga på 1970-talet med slagord om å nytte dialekt i alle samanhengar og situasjonar, svekte nok posisjonen for normaltalemålet. (Men styrkte nynorsk skriftspråk og posisjonen til dialektane!) Hovudparolen vart ‘Snakk dialekt, skriv nynorsk’. Innanfor målrørsla har det likevel vore ei linje om å seie: ‘ ja takk, begge deler’! Litt ordskifte har det vore heile vegen, t.d. om tv-programleiarar skal få bruke dialekt i staden for normalmål. Eit vegskilje var det nok då Ingerid Stenvold på 1990-talet fekk løyve til å snakke målselvmål i plassen for normalisert nynorsk eller bokmål. Ikkje alle var samde i at det berre var bra. Sidan har det blitt noko meir bruk av dialekt i nyhendesendingane i NRK, men hovudregelen er normaltalemål. I mange andre program på norsk tv, i radio og podkast, har dialektbruken vore aukande.
I 1959 heldt forfattar og tidlegare riksprogramsjef i NRK, Olav Midttun, ein landsmøte- tale i Noregs Mållag med tittelen: « Nynorsk talemål i samhøve med skriftmålet og målføra.» Talen vart trykt og utgjeve av Noregs Mållag som eit småskrift året etter. Han meinte det var på høg tid å avklare korleis normaltalemålet skulle vere, drive studiar og opplæring og ta det i bruk. Til slutt i innleiinga skriv han: «Eit samlande nasjonalt kulturliv er i røynda utenkjande utan eit sams høgre talemål, eit kultivert munnleg mål. Det kan kan såleis ikkje vera noka usemje om at vi må ha eit slikt normalmål for nynorsk òg.» Arbeid med og dyrking av nynorsk talemål var ikkje nytt, alt Aasmund Olavsson Vinje, brukte tilnærma Aasen-form i talar han heldt i 1860-åra. På 1880-og 1890-talet var fleire i gang med det, i ulike målmiljø, i folkehøgskulemiljø, mellom prestar og intellektuelle og seinare på landsgymnasa. Forfattarane spela berre unntaksvis ei rolle her.
Midttun konkluderer med at det «trengst òg ei fast talenorm for målet vårt i samkvæme med andre nasjonar og når utlendingar skal læra norsk.» - Her er tankar i skriftet til Midttun som er verdt å ta med seg og kanskje ta opp igjen til drøfting i vår tid. Men mykje har òg forandra seg. Bruk av dialekt og statusen for dialektane har endra seg nokså mykje sidan 1960, særleg sidan 1970-talet. Målføra har styrkt seg på ein måte som mange knapt såg for seg den gongen, i alt frå organisasjons- og arbeidslivet til media. Færre og færre reagerer negativt på dette. For dei aller fleste har opplevd dette som frigjerande å kjenne seg trygg i alle samanhengar i å kunne bruke eigen dialekt.
Olav Midttun skriv til sist at han fekk litt motbør for landsmøtetalen i Kristiansand i 1959. Han skriv i [: «… at mange meinte eg hadde gått mot målføra. Som ein skjønar held eg sterkt på at målføra må leva, at folk i bygd og by må gjera alt dei kan for å nytta dei […] «T.d. i all opplæring i folkeskulen.» (Grunnskulen 1-7.) Stoda var ei anna den gongen for 66 år sidan. Det ein nok ofte såg, var at folk i offentlege samanhengar, i næringsliv og i etermedia, valde - eller kjende seg tvungne - til bokmål eller kom til å knota litt hjelpeslaust. Me har vel mange nok av i dag òg av dei som «renn over i bokmål eller bokmålsblanding» - som Olav Midttun uttrykkjer det.
Tidleg på 1970-talet (1973 og 1975) var det avisdebatt om talemålsnormering der Finn-Erik Vinje fekk betydeleg motbør frå andre språkvitarar, ikkje minst frå nynorskleiren. Vinje sin argumentasjon for talemålsnormering, endå inn i skuleverket, fekk massiv kritikk frå andre lingvistar. Vinje meinte me måtte ha «et landsgyldig standardtalemål med en overnorm som på avgjørende punkter ikke bryter med uttaleformer på Sør-Østlandet.» Standard austlandsk som Vinje argumenterte for, har i dag ein sterk posisjon og bokmålet eit hegemoni – men likevel har dialektbruken styrkt seg monaleg på desse 50 åra. Og kanskje det mest nedrakka og nedsnakka talemålet, østfoldmålet, har dei siste 10-15 åra fått ein annan og meir akseptert status. Det var jo det verste du kunne kome til hovudstaden med inntil nyleg. Mange er lite klar over den viktige rolla målrørsla har spela i å kjempe fram denne oppvurderinga av talemålet og nedkjemping av fordommar. Dette har au kome bokmålsbrukarar til gode.
Det er noko anna å ha nynorskkunnskapar og nynorsk som referanse – sjølv om ein held fast på dialekta. Det går godt. Vidare er det inga ulempe at det i dagsnytt eller i politisk kvarter blir snakka nynorsk, heller ikkje at programvertar brukar normalmål. Det same kan gjelde andre journalistar og kulturaktørar. Nyleg fekk Oddgeir Bruaset Rauma Mållag sin målpris for 2026. Måndalingen og romsdalingen er og har vore ein trufast og høgt verdsett nynorskbrukar i tale som skrift. «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er vel heilt utenkjeleg utan nynorsk tale?! Slik kan det gå.
Heilt til sist: For den som skal lære nynorsk, er det inga ulempe å høyre nynorsk, tvert imot. For somme er det auditive særleg viktig for læringa, dvs. det du høyrer festar seg. Og for me som er godt vaksne, trur eg at talt nynorsk har spela ei rolle i språklæringa. I den samanheng er det verdt å nemne det viktige i at t.d. barnehageungane møter nynorsk i høgtlesing. Men det er eit heilt tema for seg!
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal