Mette blei blind av reseptfrie smertestillande
Heilt vanlege smertestillande fĂžrte til at Mette Havnaas mista synet.
â Det var faktisk deilig Ă„ bli blind
Saka oppsummert:
- Mette Havnaas fekk ein sjeldan autoimmun reaksjon, Stevens-Johnson syndrom, etter Ă„ ha teke fire Ibumetin.
- Reaksjonen fĂžrte til store smerter, kronisk hornhinnebetennelse og til slutt tap av synet.
- Mette opplevde det Ä bli blind som ei lette, dÄ smertene forsvann og ho fekk livskvaliteten tilbake.
- Gjennom deltakinga i TV-programmet «Tabu» Þnskjer ho Ä inspirere andre som mistar synet, og vise at livet kan vere godt og meiningsfylt utan syn.
- Overlege Ingrid Aas Ätvarar om risikoen ved reseptfrie medisinar, sjÞlv om alvorlege reaksjonar som Mette sin er svÊrt sjeldne.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frÄ OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar fÞr publisering.
Etter ein brutal allergisk reaksjon pÄ fire Ibumetin, starta eit smertehelvete for Mette Havnaas.
DÄ synet forsvann heilt fleire Är seinare, var det ikkje sorg ho fÞlte, men lette.
â Det var faktisk deilig Ă„ bli blind.
Mette Havnaas (57) er aktuell som ein av deltakarane i TV-programmet «Tabu», der temaet er det Ä vere blind.
Men historia om kvifor Mette vart blind, er alt anna enn vanleg.
Det heile starta dÄ ho var 28 Är gamal i 1996 med at ho tok heilt vanlege, reseptfrie smertestillande tablettar.
â Eg fekk ein autoimmun reaksjon som heiter Stevens-Johnson syndrom etter Ă„ ha teke fire Ibumetin, fortel Havnaas.
Reaksjonen kom raskt og brutalt.
Huda byrja Ä boble og sÄg brannskada ut, med store sÄr og blemmer.
Ho tok tablettane sÞndag og mÄndag, og allereie torsdag vart ho lagt inn pÄ sjukehus.
Birger er Mette sin mann og trufaste fĂžlgesvein gjennom livet som blind.
Kroniske sveiseblink
SjĂžlv om den akutte fasen var dramatisk, var det langtidskonsekvensane som skulle prege livet hennar mest.
DÄ ho fekk syndromet i 1996 forsvann tÄreproduksjonen.
Det fĂžrte til svĂŠrt smertefulle infeksjonar og kronisk hornhinnebetennelse.
â Det er frykteleg vondt. Det blir som Ă„ fĂ„ sveiseblink, men du har ikkje tĂ„rer, forklarer ho.
Etter fleire Är med store smerter og mange mislykka forsÞk pÄ behandling, tok Mette eit drastisk livsval.
I 2000 fjerna ho fĂžrst det eine auget, i 2003 det siste auget.
Smertene forsvann, det gjorde ogsÄ synet.
Men for Mette var ikkje dette eit tap, men byrjinga pÄ eit nytt liv.
â Eg synst det var deilig Ă„ bli blind. DĂ„ eg miste synet, var eg frisk igjen. Eg hadde ikkje vondt.
Spelar internasjonalt
Den dagen synet forsvann, fĂžlte ho seg fantastisk.
Ho kunne endeleg gjere ting igjen, etter fleire Är i mÞrke rom med smerter. Ho hadde to smÄ barn og var innstilt pÄ Ä ta livet tilbake.
Ho gjekk pÄ kurs for Ä lÊre Ä gÄ med kvit stokk og fÄ fÞrarhund.
Det var likevel ikkje gitt at ho skulle ende opp pÄ golfbana.
Det starta med at den yngste sonen byrja Ă„ spele, og ektemannen slang seg med.
â Mannen min lurte pĂ„ om ikkje eg ville vere med pĂ„ golf. Det tok litt tid, men sĂ„ vart det ein vinn-vinn-situasjon, seier ho og ler.
Ektemannen Birger assisterer pÄ golfbana, men det er Mette som set putten.
No er ho biten av basillen. DĂ„ dette intervjuet blei gjort, var Havnaas i Portugal for Ă„ spele paragolf-turneringar.
â FĂžrste turneringa fekk eg 13. plass. Eg hadde ein totalkollaps pĂ„ andre runde, men 13. plass av 32 er heilt greitt, seier ho nĂžkternt.
NÄr ho spelar golf fÄr ho god stÞtte frÄ mannen sin og andre i paragolf-miljÞet.
Ute pÄ bana fÄr ho informasjon og instruksjon frÄ ein medhjelpar. Til dÞmes om kor langt det er til holet.
Men det er 57-Äringen som slÄr dei gode slaga.
Sterkt mĂžte med Mette
Gjennom innspelinga av «Tabu», blei programleiar Lars Berrum inspirert av Mette si historie.
â Ho har hatt maksimal uflaks og mĂ„ten ho handterer det pĂ„, vil eg seie er nesten er irriterande imponerande.
Steven Iglesias à rsnes, Mette Havnaas, Martin Olaussen og Fatuma Abdi er med komikar Lars Berrum i «Tabu».
Gjennom «Tabu» har Berrum mÞtt ei rekkje menneske som har store utfordringar i livet. MÞtet med blinde Mette Havnaas blei sterkt.
â Eg veit ikkje om eg hadde klart Ă„ ikkje vere bitter, men det er nettopp det Mette klarar.
Berrum trekkjer ogsÄ fram mannen hennar, Birger.
â Eg sat ofte og sĂ„g pĂ„ dei to, det er eit samspel og ein kjĂŠrleik mellom dei som eg beundra pĂ„ avstand. Dei treng kvarandre, vi treng kvarandre, seier Lars Berrum.
â SvĂŠrt sjeldan reaksjon
SjÞlv om reseptfrie medisinar er lett tilgjengelege i daglegvarehandelen, Ätvarar overlege Ingrid Aas mot Ä tru at dei er utan risiko.
Ho jobbar til vanleg for Direktoratet for medisinske produkt (DMP).
Ingrid Aas er overlege og ekspert pÄ medisinske produkt.
â SjĂžlv om det er reseptfritt, betyr det jo ikkje at det er risikofritt med tanke pĂ„ biverknader. Derfor oppmodar vi alltid til Ă„ lese pakningsvedlegget.
Ho understrekar samstundes at alvorlege reaksjonar er svÊrt sjeldne, og at dei fleste kan bruke medisinane trygt sÄ lenge ein fÞlgjer tilrÄdde dosar.
â Det ho opplevde var ein svĂŠrt sjeldan reaksjon, seier legen.
Kanskje viss du har lette symptom, sÄ er det andre ting som verkar like bra som Ä ta eit legemiddel, meiner Aas.
Aas trekkjer fram Ibumetin som eit dÞme pÄ eit legemiddel som ikkje passar for alle.
Paragolf har blitt Mette Havnaas sin store lidenskap.
Ho peikar pÄ at det kan kollidere med andre medisinar eller vere skadeleg for pasientar med hjarte- eller nyreproblem.
â SjĂžlv om tilgjengelegheita er ein fordel for eigenbehandling og avlastar helsevesenet, sĂ„ fĂžreset det at brukaren set seg inn i risikoen.
Vil gi hÄp til andre
SjÞlv om livet tok ei uventa vending, er Mette tydeleg pÄ at livskvaliteten kom tilbake dÄ synet forsvann.
Ho angrar ikkje pÄ vala ho har teke.
I NRK-serien er det bÄde alvor og humor under innspelinga.
Gjennom deltakinga i «Tabu» og sitt aktive liv pÄ golfbana, Þnskjer ho Ä vise at livet ikkje stoppar opp sjÞlv om ein mister synet.
â Eg kan ikkje kĂžyre bil og eg kan ikkje sjĂ„ barnebarna mine, men elles gjer eg jo akkurat det same. Eg vaskar golv og vaskar klede, seier Havnaas.
No Þnskjer ho Ä motivere og gi hÄp til andre som mistar synet.
â Ting tar kanskje litt lengre tid, men du lever eigentleg eit veldig godt og fullverdig liv utan syn, meiner Havnaas.