Herold

Vil doble «førpris-perioden»: – Tilbod er først og fremst bra for butikkane

Kilde: NRK Author: Henning Levold Published: 2026-01-31 06:51:54
Vil doble «førpris-perioden»: – Tilbod er først og fremst bra for butikkane

Mímir Kristjánsson (R) vil gjere det vanskelegare for butikkar å reklamere med det han meiner er kunstig høge rabattar.

– Det er ein salstaktikk, så det er litt «shady», seier Amund Erlandsen om tilbod i butikken.

Han har akkurat kjøpt salatbar til redusert pris til lunsj.

Erlandsen trur butikkane tener mykje på at dei ofte har tilbod å freiste kundane med.

– Ein går inn for å kjøpe ei vare, men så var det tilbod og du kjem ut med fire.

– At det er ein lengre periode der prisen er den same trur eg ville vore bra.

No foreslår Raudt-politikar*Mímir Kristjánsson tiltak han meiner vil gjere det vanskelegare å lage prisfeller.*

Mímir Kristjánsson ber regjeringa sjå på tiltak mot villeiande marknadsføring.

– Nesten ingen moglegheit til å halde oversikt

– Når det kjem til juksetilbod så er det snakk om å utvide perioden der du er nøydd til å oppgi lågaste pris frå 30 til 60 dagar.

Raudt sin finanspolitiske talsperson viser til kva pris butikkane brukar som opphaveleg pris når dei reklamerer med at ei vare er på tilbod.

– Om det er 20 prosent rabatt så er spørsmålet du må stille deg «20 prosent av kva?».

– Vi som er kundar har nesten ingen moglegheit til å halde oversikta.

Vil gjere det vanskelegare å lage prisfeller

Kristjánsson la nyleg fram eit forslag på Stortinget der han ber regjeringa sjå på tiltak mot villeiande marknadsføring.

Raudt-politikaren ønsker mellom anna å gjere det vanskelegare å reklamere med det han meiner er kunstig låge prisar.

– Det er veldig lett å tru at tilbod er bra for kunden, men tilbod er først og fremst bra for butikkane, seier Kristjánsson.

Når butikkar reklamerer med rabatterte prisar må dei oppgi kva vara kosta før.

I dag krev lovverket at dette er den lågaste prisen vara har hatt dei siste 30 dagane.

Kristjánsson ønsker å utvide perioden til 60 dagar.

– Dette er ikkje ei løysing som fiksar alle problema i daglegvarebransjen, men det kan gjere det enklare for forbrukarane.

Forbrukarrådet har mellom anna åtvara om at daglegvarekjedene kan lage prisfeller på sunne matvarer i januar.

– I desember er det eit køyr med tilbod på marsipan og nonstop og det eine med det andre, seier Kristjánsson.

Da er det ikkje mange forbrukarar som er opptekne av kva sunne matvarer kostar, seier Raudt-politikaren.

– Og om ein er kynisk, og det er kjedene av og til, men ikkje alltid, så sett ein opp prisen i desember og lagar eit «tilbod» i januar.

– Varer i butikken endrar jo pris, men dette skal hindre korte kampanjar som først og fremst finst for å lokke kundane inn i butikken.

Også i forkant av «Black-friday» skrur butikkane opp prisane for at tilboda skal framstå betre enn dei er, fortel Kristjánsson.

– Da blir det investert store ressursar for å skape eit bilete av at det er veldig billig å kjøpe ting.

Å doble perioden for referanseprisen vil ramme også denne type lokketilbod, fortel stortingsrepresentanten.

– Finst det ikkje tilbod som også kjem forbrukarane til gode?

– Først av alt så er ikkje dette eit forbod mot tilbod, men ein må merke tilbodet riktig så ein ikkje lurer folk til å tru at det er betre enn det er.

Kristjánsson seier det finst tilbod som er gode for forbrukarane, men at dei fleste tilbod først og fremst finst for å lokke kundane til butikken.

Kristjánsson vil gjere det vanskelegare å skru opp prisane i forkant av Black-friday for så å reklamere med store rabattar.

EU-direktiv

– Gjeldande regelverk bygger på EU sitt moderniseringsdirektiv, som Noreg nyleg har slutta seg til gjennom EØS-avtala.

Det seier direktør i NHO Service og Handel, Linda Vist.

– Eit forslag om ei særnorsk regulering vil fråvike frå eit harmonisert europeisk regelverk.

Ho seier regelen om at butikkane må oppgi lågaste pris siste 30 dagar blei grundig vurdert før den blei innført.

– 30 dagar blei sett på som balansert for forbrukarar og bedrifter, seier Vist.

– Regelverket beskyttar forbrukarar mot villeiande marknadsføring, og er framleis temmeleg nytt.

Linda Vist viser til at lengda på førpris-perioden er eit EU-direktiv.

Vist fortel at dei oppfattar at handelsaktørar ønsker å følgje reglane som gjeld.

– Ved eventuelle avvik bør dette bli følgt opp primært med rettleiing, ikkje med nye reglar som rammar både forbrukarar og næringsliv.

Forbrukarrådet er positiv

– Det er vi positive til, seier fagsjef i Forbrukarrådet, Thomas Iversen, om Kristjánsson sitt forslag.

– Men det er neppe mogleg å få til, for dette er eit EU-direktiv.

Han fortel at også Forbrukarrådet tidlegare har tatt til orde for å doble perioden butikkane kan hente førprisen frå.

Forbrukarrådet er positiv til endringa Kristjánsson foreslår, men trur det neppe er mogleg å endre.

Ei slik endring vil vere positivt for forbrukarar som vil unngå tilbod som ser betre ut enn dei i realiteten er, fortel Iversen.

– Det kan sjølvsagt hende at talet på tilbod går litt tilbake.

Iversen fortel at tilliten forbrukarar har til tilbod blei kartlagt under «Black Friday» sist haust.

– Da såg vi at tilliten til marknadsføring aldri har vore så låg.

– Så om ein reduserer talet på tilboda så vil det neppe vere eit stort tap for forbrukarane.

🏷️ Extracted Entities (19)

Mímir Kristjánsson (person) Forbrukersaker 📁 (category) Forbrukerøkonomi 📁 (category) Norge 📁 (category) Politikk 📁 (category) Trøndelag 📁 (category) Black Friday (entity) EU (entity) Forbrukarrådet (entity) Linda Vist (person) Thomas Iversen (person) Amund Erlandsen (person) Black\-friday (entity) EØS (entity) Handel (entity) NHO Service (organization) Noreg (entity) Raudt (entity) Stortinget (entity)

📊 Metadata

Category: Trøndelag, Forbrukersaker, Forbrukerøkonomi, Politikk, Norge