Denne gjengen kjem til Uskedalen i sommar: – Dette comebacket sparkar rocken ut av fengsel
Rockebandet Gluecifer har gjort comeback, og skal bruka ein liten del av sommaren på å besøka Festidalen.
Nok eit band er klare for Dønhaug og Festidalen-scena den siste helga i juni. Denne gongen er det rock frå bandet Gluecifer som bookingsjef Daidalos Dahle har gleda av å sleppa ut av sekken.
«Legendene er tilbake på den norske rocketrona. Captain Poon, Biff Malibu og dei glefsande hundane i Gluecifer kjem til gards. Det blir dyrisk og diabolsk. Det blir høgt og herleg. Men mest av alt blir det ei oppleving i god, gamal Festidalen-and», skriv Festidalen i ei pressemelding.
Festivalarrangøren omtalar bandet som eit av dei viktigaste norske rockebanda gjennom alle tider, og Daidalos er veldig glad for å kunna trykka namnet deira på årets festivalplakat.
– Dette comebacket sparkar rocken ut av fengsel og frigjer musikkisolerte sjeler landet over. Det er deilig med ekte rock som klarar å bryta den kommersielle musikkblokaden mange av oss opplever, seier Daidalos i pressemeldinga og held fram:
– For å sitera Aftenposten sin meldar; «Dette må vera eit av dei feitaste comebacka vi har hatt i norsk musikkhistorie».
Frå før er det kjend at Astrid S, Espen Lind, Gjenfødt Kultur, Kjartan Lauritzen og Svart Ridå kjem til Festidalen 2026.
Han kjem tilbake til Husnes med nytt show