Rosendal er avgjerande for vekst i Kvinnherad
Rosendal Utvikling vil gi honnør til fleirtalet i PTM-utvalet for klare signal til administrasjonen i Kvinnherad kommune i høve områdeplanen for Rosendal. At Senterpartiet valde å stemma mot fleirtalet er svært skuffande, spesielt fordi partiet stadig snakkar om viktigheita av livskraftige bygder og lokal næringsutvikling.
Etter 6 års sakshandsamingstid, skulle ein tru at kommunen la fram ein knakande god og framtidsretta områdeplan for Rosendal. Så er diverre ikkje tilfelle, og i likskap med det politiske fleirtalet i PTM-utvalet, er Rosendal Utvikling svært skuffa over det som planavdelinga/administrasjonen har lagt fram. I staden for å vera framoverlent og ha fokus på moglegheiter, næringsutvikling og korleis skapa attraktivitet, blir det nytta veldig mykje tid på å problematisera ting og så tvil om kva som er mogleg å få til. Det vil sjølvsagt vera detaljar som det er ulike meiningar om, men desse må ein la liggja til detaljreguleringa kjem opp til handsaming.
At sakshandsaminga så langt har tatt heile 6 år, er uakseptabelt. Ei så langdryg sakshandsaming skaper utfordringar for private investorar, eigedomsutviklarar og andre som vil satsa. No må ein få planen på plass, og som fleirtalet i PTM-utvalet er tydelege på, den må vera offensiv og få fram moglegheitene, ikkje det motsette. Skal Kvinnherad oppnå den auken politikarane ser for seg kva gjeld folketal, må vi vera offensive og våga å tenkja utanfor boksen. Dette gjeld både kommuneadministrasjonen og politikarane våre.
Så er det på sin plass med litt ekstra skryt, og den går til alle som satsar og investerer i bygda, både lokale og eksterne aktørar. Rosendal Fjordhotell har gjort store investeringar etter at West Coast Invest v/Iwan Eide Knutsen kjøpte hotellet for 4 år sidan. Rosendal Turisthotell er nyleg kjøpt av ein lokal aktør som dei siste åra har satsa tungt innanfor eigedom og reiseliv. Sist, men ikkje minst, har reiselivsfyrtårnet vårt, Baroniet Rosendal, bestemt seg for å satsa meir på overnatting. Som eit ledd i dette vart Avlsgarden nyleg ein del av organisasjonen «De Historiske», ei unik merkevare som omfattar landets mest sjarmerande hotell og serveringsstader.
Sjølv om framtida til Michelin-restauranten Iris (Salmon Eye), er usikker akkurat no, har satsinga til Eide Fjordbruk sett Rosendal på det internasjonale matkartet. At selskapet også er verdsleiande i satsinga på berekraftig fiskeoppdrett, fortener også jubel. Det same gjer Langhuset/Stavkyrkja til Lothepus i Odda. Eit prosjekt som er heia fram av lokale pådrivarar, ein framoverlent kommune, og ikkje minst ekstern kapital (same aktør som kjøpte Rosendal Fjordhotell). Satsingane på mat- og utelivsbransjen elles i bygda dei siste åra, må også sjølvsagt trekkjast fram.
Det som er nemnt ovanfor, er veldig bra og aukar attraktiviteten til heile kommunen og regionen vår.
Rosendal Utvikling vil framover jobba aktivt for å gjera bygda endå meir attraktiv, både for dei som bur her, turistar, tilflyttarar og alle næringsdrivande. Særleg barnefamiliar må det leggjast til rette for, og gode tilbod til desse vil vera viktig (attraktive bustadar, gode skular, barnehagar, og fritidsaktivitetar). I lys av dette reagerer vi på at Planavdelinga ikkje har lagt inn areal til utviding av barneskulen og uteområdet. Mange har spelt inn dette, men er ikkje blitt høyrde. Vekst mot 15.000 innbyggjarar i Kvinnherad, vil medføra at skulane våre treng monaleg meir plass. Dette gjeld også i Rosendal, og kommunen må i planarbeidet ta høgde for at det skal bli fleire barn i bygda. Det betyr at det må setjast av areal til å utvida dagens skular. I same biletet høyrer sjølvsagt også ein idrettshall/fleirbrukshall med.
For å lukkast treng vi ein offensiv kommuneadministrasjon, og politikarar som evnar å sjå moglegheitene, ikkje berre avgrensingane. Planarbeidet må ta høgde for dette, og sjølv cruisehamn og høgtsvevande idear som skylift til Malmangernuten høyrer heime i verktøyskrinet. For å unngå stagnasjon, treng Rosendal vekst og utvikling. Attraktive tettstader trekkjer ikkje berre til seg folk, men også verksemder og kompetanse. Dette vil både styrkja grunnlaget for tenesteyting, varehandel og bidra til næringsutvikling, til beste for heile kommunen.
Rosendal Utvikling AS
v/styreleiar Knut Førland