No er også Rosendalstunet og heimetenesta råka av noroviruset
Pårørande vert oppmoda om å vurdera behovet for besøk opp mot risikoen for smittespreiing.
I førre veke vart Husnestunet råka av noroviruset, og pårørande vart oppmoda om å vurdera behovet for besøk. Denne veka er det Rosendalstunet og heimetenesta som har stått for tur.
– Det er stadfesta to tilfelle av norovirus ved institusjon fredag 30. januar. Det gir seg utslag som smitte med oppkast og diaré i heimetenesta og på institusjon hos pasientar og personale, seier leiar Tone Tufta Gaugstad ved Rosendalstunet i ei melding på kommunen si heimeside.
Difor går kommunen også no ut og bed pårørande vurdera behovet for besøk opp mot risikoen for smittespreiing.
«Dei som likevel vitjar Rosendalstunet den neste veka bør vera ekstra nøye med handhygiene, både for å unngå å bli smitta sjølve og for å hindra vidare smitting av viruset», skriv kommunen.
Denne butikken blir den første i kommunen: – Kundane får eit betre tilbod